20 kjappe: – Pinnekjøt utan tøys
KVEN: Hallgeir Hove, 49 år, sambuar med Marita Ekroll. Far til Amalie (12), Marte (8) og Thea Maria (7)
KVA: Dagleg leiar Stordalshallen og kulturkonsulent i Stordal kommune.
KOR: Stordal Aktuelt
Tekst Bjørn Fugelsø Nilssen
Foto Bjørn Fugelsø Nilssen
(03/02/2010)
|
Kva er du oppteken av akkurat no?
– Stordal sine veteranar har hatt ei flott helg i Sogn, i samband med Veterancup i fotball, der vi mellom anna fekk vere med på å slå Manchester United med Andy Cole i spissen. Uavgjort mot Viking sitt sterke mannskap var kanskje ein endå større prestasjon!
Kva er den beste oppfinninga gjennom historia?
– Datateknologien! Eg får utretta veldig mykje takka vere korrespondanse via datateknologi i jobben min. I eit større perspektiv vil den same teknologien kunne vere eit viktig verkemiddel for å mobilisere ”alle gode krefter” på tvers av landegrensene.
Kva film såg du sist du var på kino?
– Det blir ikkje så mykje tid til kino. Eg har stor glede av å fylje opp både mine eigne og andre born innan kultur og idrett. Det meste av tida går med til dette.
Kva er di største teateroppleving?
– Teaterbesøk har det også blitt lite av, men det er sterkt å få oppleve skuleborna her når dei framfører til dømes ”Jul i Båfjell” og ”Putti Plutti Pott.” Vidare er det flotte revyar når grendelaga i tur og orden inviterer til årsfest i Stordalshallen. Stordalshallen er med andre ord også revy- og teaterarena. I tillegg kjem alle dei flotte arrangementa i regi av Kyrkjehola Kulturbeite i sommarhalvåret.
Kva bok ligg på nattbordet?
– Ingen. Eg har eigentleg aldri brukt mykje tid på lesing av bøker.
Favorittmusikk?
– Eg likar mykje og let meg imponere av framføringar på alt frå akkordeon til perkusjon. Tekno/trance/elektronika har likevel vore det store for meg, men det er ikkje lett å få gjennomslag for denne sjangeren korkje heime eller i bilen. Hadde eit kjekt møte med Nils Lausund (DJ Noa) på ei flyreise for eit par år sidan. Når han i tillegg har røter på Lepsøya og ei fortid i AaFK, gjekk praten lett. Før vi skilde lag, brende han like godt ut ein CD med dei nyaste låtane sine, medan vi venta på at bagasjen skulle hamne på samlebandet.
NRK, TV 2 eller TV Norge?
– Nyheitssendingane er viktige å få med, anten det er NRK eller TV 2. Eg synest at NRK 2 utgjer ei viktig ”motvekt” til alle kanalane som køyrer på med såkalla ”reality” og amerikanske seriar. Mellom anna let eg meg fascinere av programma om Charles Darwin, som vart synt sist haust. I tillegg vert det ei og anna sportssendinga, sjølvsagt.
Tipper du lotto?
– Nei.
Har du googla deg sjøl?
– Ja, og i all hovudsak omhandlar det som dukkar opp, det eg har skrive om av alt det positive som skjer innan idrett og kulturlivet her elles. Naturlegvis er mykje av dette knytta til dei mange arrangementa og den store aktiviteten elles ved Stordalshallen.
Er du ofte på Facebook?
– Nei, Facebook har eg ikkje fatta interesse for. Det ligg kanskje muligheiter her, men eg vil samstundes tru at det kanskje kan bli litt for omfattande, tidkrevjande og upersonleg, etterkvart som ein får stadig fleire ”venner” på nettet. Men det er godt mulig at eg tek feil også her.
Kva politikar har du mest sans for?
– Politikarar som våger å stå for eigne standpunkt, sjølv om dette kanskje ikkje er det synet som gir størst utteljing i høve til veljaroppslutning, og som kanskje heller ikkje er det mest stuereine å forfekte på direkten, har eg stor sans for.
Bør Norge bli republikk?
– Eg har ikkje opplevd noko anna enn Kongehuset, så slik sett er det vanskeleg å vurdere. Men når eg ser føre meg biletet av Olav V på trikken, i skikle og med skia i handa, vert svaret enkelt. Eg har eit klart inntrykk av at Haakon Magnus har det meste som skal til for å føre denne arven vidare.
Kva gjør du for å ta vare på miljøet?
– Som dei fleste andre gjer eg dessverre for lite. Samstundes er eg av den oppfatning at det viktigaste som må på plass er ei breiare erkjenning av at både for stor tilgang på materielle gode og for liten tilgang, er eit stort problem også med omsyn til miljø.
Favorittreisemål?
– Sol og varme er sjølvsagt noko både eg og dei fleste sunnmøringar higar etter, men samstundes er det ikkje mykje som kan måle seg med ein telttur til eit av dei mange fiskevatna i nærleiken. Ein treng ikkje reise langt for å få med seg dei store opplevingane.
Korleis ser drømmedagen din ut?
– Det høyrest kanskje underleg ut, men ein dag der eg føler at eg har fått utretta mykje på jobben og samstundes at borna har fått høve til å ta del i dei mange tilboda i lokalmiljøet, er på sett og vis drømmedagen min. Om det i tillegg blir tid til å få vere med på fotballtrening om kvelden, vert ikkje dagen ringare av den grunn.
Favorittmat?
– Dette er berre så enkelt å svare på! Det skal vere pinnekjøt, utan eit snev av dampepølse eller anna tøys. Tilbehør er rødkål, kålrotstappe og sjølvsagt poteter. Eg har truleg mange med meg når eg hevdar at eit glas akevitt også høyrer med.
Kva kunne du tenkt deg å lære?
– Det ser veldig kjekt ut å kunne handtere eit slagverk. Ein skikkeleg trommesolo fenger!
Kva er det mest unødvendige du eig?
– Eg trur ikkje eg er åleine om å føle at det er så utruleg mykje unødvendig eg eig, som berre ligg og tek opp plass. Men det mest unødvendige, nei det klarer eg ikkje finne svar på.
Kven er tidenes viktigaste person?
– Personleg ville eg likt at personar som Nelson Mandela, Martin Luther King og Mahatma Gandhi kom godt ut i ei slik ”kåring.” I ei liknande kåring her heime ville eg gjerne sett at personar som Arne Næss, Erik Bye og Steinar Lem, kom godt ut av. Men tidenes viktigaste er dei nok dessverre ikkje.
Kva er meininga med livet?
– Livet er så dyrebart for oss alle, at eit overordna svar her burde vere at ein lever på ein måte som gjer at etterkomarane våre verkeleg har noko å arve etter oss. Samstundes er det sjølvsagt vesentleg at ein får høve til å utvikle eigne ferdigheiter, realisere draumane sine og føle at ein har bidratt på ein positiv måte, anten dette er i større eller mindre samanhengar.
|