Søkeord:  
Søk
Banner top

annonse   
Stjernehimmelen

I BILDET: Frå tillitsvald til generalsekretær

Namn: Eli Ulvestad
Alder: 34
Sivilstand: Gift.
Barn: Åsne (2 år); ventar snart eitt til.

Aktuell som: Generalsekretær i Noregs Ungdomslag.

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Pressefoto: Noregs Ungdomslag   
(03/02/2010)
Vatnebygdaren Eli Ulvestad har vore generalsekretær i Noregs Ungdomslag (NU) sidan i fjor sommar. Sjølv om det er lenge sidan stormaktstida, er NU framleis ei vidtfemnande medlemsorganisasjon:

–  NU er verdas beste organisasjon! Gjennom meir enn 100 år har vi vore viktig for danninga av mange av organisasjonane her i landet, og sjølv om vi ikkje lenger er ei folkerørsle, står vi for eit mangfald  av ulike kultur- og aktivitetstilbod. Til dømes er det slik at ungdomslaget på Skodje driv med noko heilt anna enn Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund, fortel Eli.

1700 medlemmer. NU har i dag 17 000 registrerte medlemmer, og av desse er kring 6000 under 26 år. Talet på folk som driv med eitt eller anna gjennom NU-laga er truleg endå høgre, hevdar generalsekretæren:

– Styresmaktene har utarbeidd strenge krav til korleis medlemmene skal registrerast. Det gjer at mange i praksis fell ut av medlemsstatistikken, og er ein viktig årsak til at det ser ut som medlemstalet har gått ned så mykje dei siste tiåra. I røynda trur eg ikkje nedgangen er så stor, og dei siste åra har vi òg hatt vekst i talet på medlemmer, forklarer ho.

Ungdomshusa. Eitt av dei sterkaste korta til NU er dei mange ungdomshusa lokallaga rår over. Dei fungerer gjerne som grendehus, og er ofte den samlande staden for bygdefolket. Sjølv har Eli Ulvestad mange gode minne frå huset til ungdomslaget på Vatne. Der hadde dei ein stad å vere, der dei fekk drive med det dei sjølv syntest var kjekt. Eit ungdomslag utan hus, kunne ho knappast sjå føre seg, og ho vart reint forundra då ho seinare oppdaga at det finnest lag som ikkje har noko hus:

– Å ta vare på ungdomshusa er ei av dei største utfordringane til laga våre i dag. Dei er oftast gamle og må vølast på dugnad, noko som ikkje er så lett som det var før. Samstundes er det ofte ungdomshuset som gjer det mogleg å halde liv i laga, seier Eli.

Sjølvstyrt ungdom.
Eit viktig prinsipp for ungdomslaga er at ungdommen sjølv skal styre aktivitetane:

 Frå mi eiga ungdomstid hugsar eg det var heilt avgjerande at dei vaksne gav oss tillit. «Huset er her,» sa dei, og gav oss nyklane. Samstundes var det alltid nokre trygge vaksne der, men dei heldt seg i bakgrunnen.

Den opphavlege føremålsparagrafen om å drive folkeleg opplysing «på fullnorsk grunn» gjeld ikkje lenger. Oppgåva er i hovudsak å skape aktivitet i lokalsamfunnet, og dei ulike laga driv med nett det dei sjølv vil. Samstundes er det ikkje tvil om at det er i NU-laga ein finn mange av dei sterkaste miljøa for norsk folkekultur, både innan dans og musikk.

Mangfald. Til sommaren skal NU for første gang stelle til Folkedansfestival. Det heile skal gå føre seg i Bergen, og vona er å byggje festivalen opp til ein stor, årleg tilstelling. Det er den norske folkedansen som skal synast fram på Folkedansfestivalen, men meir framandarta kulturuttrykk er òg på full fart inn i NU:

 Til liks med dei fleste andre organisasjonane har vi ei utfordring med å nå fram til dei som ikkje har norsk bakgrunn. Dugnad, til dømes, er eit særnorsk fenomen, og det er ikkje så lett å få fram at det sivile samfunnet her til lands er avhengig av frivillig innsats. Men i samarbeid med Bondeungdomslaget i Oslo og Det norske Teatret har vi mellom anna sett i gang eit svært spennande prosjekt her i Oslo som vi har kalla «Den mangfaldige scenen». Her får barn og ungdom med ulik bakgrunn vise fram sine eigne uttrykk innan dans og teater. Det har vist seg som eit utruleg bra prosjekt, og ungane sjølv viser seg å vere heilt blinde for at dei har ulike kulturelle uttrykksformer, fortel Eli.

Organisasjonsbygging. Oppgåva hennar som generalsekretær er å byggje opp organisasjonen og gje råd og rettleiing til dei ulike laga. Målet er at NU skal framstå som ein sterk organisasjon med ei samla røyst, som vert oppfatta som ein viktig del av kultur-Noreg, og der medlemmene er stolte av å høyre til.

Etter oppveksten på Vatne, har Eli Ulvestad utdanna seg som kommunalkandidat ved høgskulen i Volda. I desse åra var ho òg leiar i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Etter utdanninga jobba ho nokre år i kommuneadministrasjonane i Høyanger og Naustdal, før ho styrte karrieren inn i organisasjonslivet.

Etter nærare seks år som assisterande generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (ein paraplyorganisasjon for meir enn 70 barne- og ungdomsorganisasjonar her i landet), tok ho til som rådgjevar hos Barneombodet. Der vart ho berre i åtte-ni månader, før ho vart oppmoda om å søkje stillinga som generalsekretær i NU.

– Det var svært interessant å arbeide i ein overordna interesseorganisasjon som LNU, og det gav meg viktig røynsle for det å arbeide i høve til politikarar og departementa. Hos Barneombodet lærte eg mykje om dei rettane som born faktisk har og at ein bør ta ungane mykje meir på alvor enn ein ofte gjer. No trivst eg godt med å vere attende i ein frivillig medlemsorganisasjon, sjølv om det er noko heilt anna å vere tilsett enn å vere tillitsvald, seier generalsekretær Eli Ulvestad.


12 SISTE
  – Stopp byggegalskapen...
  KLASSIKEREN: Play
  Huset eller husa på Li...
  På tide å skjerpe røyk...
  I BILDET: En dobbeltju...
  Ikke opphengt i marked...
  På tide å tenke annerl...
  20 KJAPPE: Med bacon, ...
  – De rødgrønne tar fra...
  Fotballegendens høyre ...
  85-åring død etter fal...
  Jugendfest 2010 i bild...
annonse   
Kremmergaarden-annonse
annonse   
Nytt i Uka Forlag
annonse   
Entusiastprisen
annonse   
Annonsere i nytt i uka