Guds hjelpande hender
Fuglar og dyr frys og svelt i hjel i denne hardaste vinteren vi har hatt på våre kantar nær sagt i manns minne. I alle fall sidan den fæle fonnvinteren 1967-68. Det er både trist og vondt å sjå, og somme har byrja å fóre hjort og andre villdyr og -fuglar. Medkjensla sit djupt i mange av oss. Kommentar
Før i tida meinte folk at slike hardvintrar var naturens måte å regulere bestanden av ulike artar på. Slik uvanleg lange tørkeperiodar eller store flaumar, jordskjelv, vulkanutbrot, skogbrannar eller andre omfattande naturkatastrofer i andre delar av verda gjorde innhogg i dyre- og planteliv på sine stader. Denne tanken manifesterte seg gjerne i utsegner som ”mennesket spår, men Gud rår”.
Eller lagnaden! Utan lagnadstru som sat langt inn i ryggmargen, hadde det knapt budd menneske på Sunnmøre. Då hadde dei teke dei skrøpelege husa sine på nakken og flydd frå det fonnherja brattlendet og det stormpiska nordvesthavet for lenge, lenge sidan.
Men i 2010 trur vi ikkje lenger på Gud, og knapt nok på lagnaden (jamvel om den store alternativ-industrien ber fram vitnemål om eit visst tvisyn her). No er vi så opplyste og studerte og beleste at vi nærmar oss å løyse sjølvaste Livets Gåte, og forlengst har svaret på dei fleste andre. Og vil erstatte både Gud og lagnaden med våre eigne midlar og mål.
Vi menneske meiner oss no å kunne regulere og styre både livet og klimaet på Jorda mykje betre enn Gud (lagnaden / naturen / tilfellet, stryk det som ikkje passar) kan ventast å fikse, som korkje har ein skarve bachelor-, enn seie mastergrad i noko som helst. Knapt eit gamaldags mellomfag i naturfag, eller eit dagskurs i Public Relations. Ja, kinesarane er forlengst i gang med å styre veret direkte og på momangen, med tusenvis av kjemikalie-rakettar rett opp i skyene.
Det kan snart få større verknad enn regndansen til dei primitive indianarane vi las om i vår fjerne barndom. Spørsmålet er om det er så lurt. Vi har til no trøysta oss med at vi måtte ta til takke med det veret vi fekk. Det var ingen ting å gjere med det. Heldigvis, sa vi, for har det ikkje vore krig før (som det altså har, veit vi), så hadde det blitt det då. For der somme vil ha regn, vil andre ha sol. Og regnar det ein stad det ikkje skulle, regnar det ikkje ein stad det skulle. Og då vart det sjølvsagt månelyst og vel så det, om vi visste at det sto folk bak det som kom eller ikkje kom ned.
Kva blir det neste mennesket trur det kan manipulere? Havstraumane, kanskje? For å få opp temperaturen på det veldige Grønland, slik at vi kan dyrke billeg biomasse til drivstoff på bilane våre der? Eller litt lenger sør, så vi kan få det til å regne i Sahara?
Vi rys i hold og tenkjer på noko som fangar folks merksemd meir enn framtida til Jorda. Til dømes dei festlege klovnebuksene til det norske curlinglaget i OL. Og ynskjer dyre-matarane lukke til med sin velmeinte gjerning som Guds hjelpande hender. Berre minner dei på at dei må drive på heilt til vårsol i bakkane blenkjer og liene grønkar som hagar, når dei først har starta med fóring, og ikkje sluttar straks det blir litt mildare i verlaget sånn ved påsketider. Hjortemagane toler nemleg ikkje å gå tilbake til å ete kvist, men må ha finare kost heilt til grønegraset spirer i mai ein gong, når han er tilvand. Hjorten er lik folket slik.
Dersom våren kjem så tidleg i år, då. – Er det meir enn ein kne snøv til jonsok, vert det sein vår, spøka dei i sunnmørske fjellbygder før i tida.
Gud (lagnaden, naturen, pent dott no) forbyde!
|