Søkeord:  
Søk
Banner top

Bøker er beste julegava!

I ei tid då e-boka for lengst skulle ha jafsa i seg store deler av bokmarknaden, rullar boktrykkpressene oftare enn nokon sinne. Aldri før er det utgitt fleire handfaste bøker enn no. Her skal vi sjå på litt av det nye av lokal interesse som har kome i haust.

Kultur
Tekst Reidar Skarbø   
Foto Bjørn Fugelsø Nilssen   
(19/12/2016)

Julegåva til sørvestre Haram

 
Randi Ingunn Selnes
Bygdebok for Haram
Band 2a, Hamsund og Søvik
Band 2 b, Gamlem til Store Kalvøy 
16x24 cm, (503 + 495 =) 998 sider, rikt illustrert, stive permar
Haram kommune 2016 
 
Feitaste litterære julegåva under innandørs plast- og barskog i gamle Borgund-delen av Haram kommune dette året, er utan tvil dei blodferske banda av Bygdebok for Haram; band 2 a for Hamnsund og Søvik, og 2b for området frå Gamlem til Store Kalvøy. Band 1, for Grytastranda, kom i 2011.
 
Utgjevar er Haram Bygdebok AS, skipa i 2007 med føremål å gje ut bygdebøker for gamle Haram kommune og dei delene av Haram som vart utskilde frå Borgund 1. januar 1965. (Alt på 1980-talet hadde gamle Vatne kommune fått sine bygdebøker.)
 
Haram Bygdebok AS engasjerte Randi Ingunn Selnes til å skrive om krinsane som hadde vore nørdste delen av Borgund kommune, og Stein Arne Fauske til å ta føre seg gamle Haram kommune.
 
No er altså Selnes ferdig med sin del, medan gamle Haram har vorte noko forseinka grunna sjukdom, skriv bygdebokstyret i sitt føreord. Her sit Bjørn Sandnes (leiar), Steinar Holmeset og Thorleif Marken (dagleg leiar).
 
Eit så omfattande verk har vi naturleg nok ikkje fått tid til å vurdere i løpet av nokre dagar, så det må vi få kome attende til på nyåret. Dei som har sett bygdeboka for Grytastranda, vil likevel ha ei god peiling på kva dei kan vente seg, bygd over same lest som bøkene er. 
 
– – –
 

Kvalitet for barn

 
18 forfattarar + Gunvor Rasmussen (illustratør)
Fantasiboka
208 sider, 16x23 cm, rikt illustrert, stive permar
Skald forlag 2016 
 
Mellom dei lekraste barnebøkene vi har sett i år, er ”Fantasiboka” til Skald. Dette er den femte boka i forlaget sin prisløna serie med antologiar av nynorske forteljingar. Før er utkomne ”Godnattboka” (2007), ”Eventyrboka” (2009), ”Trøysteboka” (2011) og ”Monsterboka” (2013), alle med eit felt av mykje lesverdige forfattarar, både etablerte og ferske. Og ein fabelaktig illustratør!
 
Sjølvsagt finn vi sunnmøringar mellom dei, i år er Maria Parr, Øyvind Vågnes og Øystein Vidnes representert, tilliks med nordmøringen Mette Karlsvik. Mellom dei andre bidragsytrane er Ingelin Røssland, Brynjulf Jung Tjønn, Guri Sørumgård Botheim og Lars Mæhle.
 
Her er det også snakk om tverrfagleg innsats; mellom forfattarane er den særs fantasifrodige illustratøren, Gunvor Rasmussen, og Øystein Vidnes, som og er formgjevar i lag med stilsikre Silje Nes.
 
I det heile ein gjennomført forseggjort serie, både i innhald og stil, og som er blitt samleobjekt i mange heimar der dei veit å verdsetje kvalitet også for borna. 
 
– – –
 
 

Kino på bygda (og i Langevåg)

 
Sveinung Wålengen og Marius Nyheim Kristoffersen (foto)
Bygdekinoen i Norge
En reise i utkanten av lerretet
288 sider, 19x26 cm, 
gjennomillustrert, stive permer
Skald forlag 2016 
 
For den her skrivende demmagutt, verdensbevant med både Skansen kino og Løvenvold kino, var institusjonen Norsk bygdekino et ukjent begrep. Inntil vi var på sommerbesøk hos våre tremenninger i den fjerne og eksotiske Rindalen, så å si på grensa mot Trøndelag. Slikt var mulig da familien hadde fått privatbil i frigjøringsåret (for bilsalget!) 1960.
 
Søsken og tremenninger tok plass på de solide benkene i bygdas forsamlingshus, og teppet gikk opp for komedien ”Bøljer i Stillehavet”, med Abbott & Costello, komiker-paret som aldri nådde opp på nivå med Laurel & Hardy (Helan & Halvan). Det brydde ikke vi oss om, men skoggerlo oss gjennom de hysteriske løyene i filmen med produksjonsår 1942. Etterpå gikk vi hjem og var enige om at det hadde vært en minneverdig kveld. Det må det ha vært, siden vi husker det så godt fremdeles.
 
Siden har det sant å si ikke vært mye bygdekino på oss, før vi nå fikk kaste oss over boka om bygdekinoen i Norge, vedtatt av Stortinget i 1948, og igangsatt i 1950. Denne ”en av Norges fineste kulturinstitusjoner”, som det heter i forordet, har nå omkring 170 visningssteder i Norge. Med 123 000 besøkende i fjor, er den fremdeles en stor kino i landsmålestokk, sjøl om nedgangen har vært formidabel fra toppåret 1961, da 1,7 millioner besøkte de over 700 kinolokalene.
 
Forfatteren og fotografen besøkte fra november 2015 til april 2016 hele 47 framvisningssteder over det meste av landet, sammen med 11 omreisende kinomaskinister. Av dette er det blitt ei levende bok som forteller om kinomaskinistenes hverdag og bygdekinoens betydning for folk på små og litt større plasser. Et historisk innblikk i bygdekinoens rolle som kulturinstitusjon får vi også.
 
Tidsaktuell og lettlest kultursosiologisk fotoreportasje, med størst vekt på foto. På Sunnmøre er vi innom tradisjonsrike Friheim i Langevågen, Breidablik på Larsnes og Dalsbygda grendahus i Norddal.
 
– – –
 

Det rikhaldige båtbyggjar-Møre 

 
Jon Bojer Godal
Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal (2)
255 sider, 19x26 cm, gjennomillustrert, stive permar
Fagbokforlaget 2016 
 
I Møre og Romsdal har sjøen og aktivitetar knytte til havet vore viktigaste næringsvegen gjennom alle tider, og knapt noko anna fylke har eit så rikhaldig utval av tradisjonsbåtar. Denne boka er andre band i ein serie på fire om tradisjonsbåtane på Møre, den første kom i 2014 og handlar om den nordmørske geitbåten. Heile serien byrja i 1990, med fire band om nordlandsbåten og åfjordsbåten. Her skal det gjerast grundig! 
 
Johan Bojer Godal (79) er ein av dei aller fremste ekspertane på tradisjonsboren handverkskunnskap. Særleg har han arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar. Dette band 2 i Møre-delen av hans store serie handlar om båtar frå alle delar av fylket.
 
Vi får lese om den gåtefulle sunnmørsbåten snidbetningen, og vi får fylgje båtbyggjar Jakob Helset (79) gjennom heile prosessen med å bygge ein moderne bjørkedalsfæring (møring). I grundig tekst og talrike foto. På liknande vis får vi dokumentert bygginga av lystring, flatbotning og bremsneskryssar, ein kravellbygd fiskebåt.
 
Eit eige kapittel er vigd den rike båtbyggingstradisjonen i Vestnes og Tresfjord. Her er eit kapittel om naust, stø og bygging av vor(r). Og eitt om testing og samanlikning av geitbåtfæring og møringsbåt i skipsmodelltanken ved NTNU. Elles er boka stinn av kunnskap om trebåtbygging, og må nok seiast å høve best for folk som er meir enn vanleg interessert i alle finessene og teknikkane som ligg bak ein vakker trebåt.
 
– Å skrive bok som også skal vere fagleg korrekt og nøyaktig formulert, er stridt arbeid, skriv forfattaren i føreordet. Han legg til at det trengst at fleire auge ser på form og innhald, og nemner den saltvassprengde trebyggkjennaren Lars Longva i Sykkylven som ein av fleire som har vore med å kvalitetssikre boka. Mellom medforfattarane er Håvard Haraldson Hatløy, avdelingsleiar ved Herøy kystmuseum, og båtbyggarer Jakob Helset i Bjørkedalen.
 
Framsida er pryda av eit høveleg bilete av ein gamal båt for fulle segl på Sykkylvsfjorden, teke av fotograf Skjold Lyshol. Skam at forlaget har øydelagd det flotte biletet med tankelaus utforming og plassering av tittelfeltet.  
 
– – –
 

Tegner med tynn tusjpenn

 
Harald Grytten
Kari Barstad. Tegneren og grafikeren
104 sider, 21x22 sider, 
gjennomillustrert, stive permer
Nytt i Ukas forlag 2016
 
Sånn langsmed og ganske stillferdig har vår venn Harald Grytten presentert sitt femte bind i serien om kunst og kunstnere i Ålesund og på Sunnmøre.
 
Han skriver ikke om de største kunstnerne, de som er på alles lepper og oppnår direktørpriser for sin kunst. Nei, som en folkets mann leiter han opp folkets kunstnere, de som gleder oss med kunstverk som folk flest kan ha råd til å unne seg.
 
Denne gangen har han funnet fram til Kari Barstad, av mange mest kjent for sine bidrag til Sunnmørspostens spalter gjennom mange år. Hun som gjerne har begrepet ”tegneren” knyttet til sitt navn, men som også var en dyktig maler og grafiker. Etter hvert rendyrket hun tegnekunsten, og var særlig kjent og verdsatt for sine minutiøse tegninger av naturen i mikroperspektkiv, gjengitt med tynn tusjpenn.
 
Så vidt vi kan skjønne av herr forfatteren, blir ikke dette siste boka i serien. 
 
– – –
 
 

Meir enn 1000 års kyrkjehistorie

 
 
Anne Marta Hoff, Dagfred Berstad, Sigbjørn Hjelle og Sigurd Vengen
Kyrkjene i Selje
288 sider, 21x26 cm, rikt illustrert, stive permar
Selja forlag 2016 
 
Selje har ei lengre kyrkjehistorie enn dei fleste, og ei kyrkjehistorie av interesse langt utanfor lokalsamfunnet. På Selja kom den første norske helgenstaden i 996, knytt til Sankta Sunniva, det første bispesetet for Vestlandet i 1068 og det første klosteret kring år 1100.
 
I dag er det tre særmerkte kyrkjer i Selje kommune. Selje kyrkje, bygd 1866, ligg midt i eit postkortmotiv, innunder Stad. Kyrkja på Leikanger stod først på Bø og så i Selje, og har landets eldste preikestol. Og Ervik kyrkje, bygd 1970, med sin særmerkte løkkuppel, vitnar om dramatisk krigshistorie.
 
Denne boka fortel over tusen års kyrkjehistorie i heile Selje kommune, og fortel dessutan m.a. om Dragseidet og Dragseidspelet, om Ervikpreika, om Seljumannamessa og om dei store feiringane på Selja og Dragseidet i 1968, 1996 og 1997. Boka er rikt illustrert med gamle og nye bilete, av dei ein god del tekne av fotograf Olaf Storegjerde (1879-1958) frå Hallebygda ved Larsnes. Han har vore like viktig for søre Sunnmøre (og delvis Nordfjord) som den samtidige fotograf Johannes Sponland (1881-1962) for Ålesund. 
 
– – – 
 
 
 

Tran-dynastiet i Moloveien

 
Kjell Skorgevik
Familien Holm på Molja
100 år med tønner, sild, tran, oljer og vitaminer
208 sider, 21x26 cm, rikt illustrert, stive permer
Stiftelsen Kjell Holm 2016 
 
For få uker siden fikk ålesunderne beretninga om Rønneberg-dynastiet. Nå foreligger historia om et anna av de store by-dynastiene, nemlig Holm-familien og dens virksomheter i Moloveien. Dermed er to store tomrom i den ålesundske historiefortelling blitt tettet på kort tid.
 
Boka om familien Holm er skrift nr. 7 i serien fra Stiftelsen Kjell Holm, det eneste som nå er tilbake av det betydelige industri-imperiet ved Molja. Forfatter er Kjell Skorgevik, styremedlem i stiftelsen.
 
Historia til Holm-firmaene er aldri før blitt skrevet, utenom beskjedne fragmenter. Den nye boka forteller om fire generasjoner Holm:
 
– Aksel, bøkkermesteren som i 1873 kom fra Holm i nærheten av Åfarnes i Romsdal, via Molde for å bli tønnemaker i den raskt voksende Ålesundbyen.
 
–  Sønnen Oluf, tranprodusenten og industripioneren, som stiftet sitt første firma i 1887.
 
–  Sønnesønnen Aksel senior, ”den største internasjonale forretningsmann byen hadde fostret”, som overtok i 1916. Han var tysk konsul i byen da okkupasjonen kom, ble anklaget for landssvik etter krigen, og døde i 1947, før saken kom for retten. Også hans kone, Gudrun, har fått sitt kapittel.
 
– Når det gjelder oldebarna Aksel jr. (som omkom i ei flyulykke i 1950) og Kjell (som måtte ta over i 1950, og som opprettet stiftelsen som bærer hans navn), vil de få sin plass i andre bind, som er planlagt å komme i august neste år.
 
Boka om Holm-familien vil bli grundigere omtalt seinere, når vi får hodet over vannet igjen, etter førjulsbokflommen. 
 
– – –
 

Båtlaus mann er bunden til landet

 
Kjell Magnus Økland
Oselvar
Den levande båten
548 sider, 24x30 cm, rikt illustrert, stivbind
Skald forlag 2016
i samarbeid med Oselvarklubben 
 
 
Oselvaren er Noregs nasjonalbåt, og vart i 2015 nominert til UNESCO-lista for ”god vernepraksis i immaterielt kulturvern”. I samband med dette ga Skald forlag og Oselvarklubben i november ut praktboka ”Oselvar – den levande båten”. Timinga var god; i byrjinga av desember kom verkeleg oselvaren på den ettertrakta verdsarvlista, som det einaste norske i kategorien for såkalla immaterielt kulturvern. Men forfattaren (skrivar i Oselvarklubben), har faktisk, med mange gode hjelparar, arbeidd med boka i 12 år! 
 
Oselvar er ein tradisjonell klinkbygd trebåt frå Hordaland, og har namnet sitt frå Os, like sør for Bergen. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå rogalandsgrensa i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk av han langs heile norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Med høgst levande byggje- og brukstradisjon skil båttypen seg frå mange andre og tilsvarande tradisjonsbåtar som vi finn langs den lange norskekysten. Døme på desse er dei rettstamna nordlands- og åfjordbåtane, den nordmørsk/romsdalske geitbåten, den sunnmørske snidbetningen, nordfjordbåten, hardangerbåten, rogalandsbåten og listerbåten. 
 
Dette overflodshornet av eit monumentalverk utgjer den første samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, bilete, tabellar, kart, figurar og teikningar og ei mengd gamle fotografi. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri, og ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap.
 
Boka speglar kyst-, idretts- (oselvaren har vore ein populær regattabåt både for roing og segling) og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile norskekysten og til utlandet. Her er og gode, praktiske råd til nye båtbrukarar.
 
Bok-mastodonten på nær tre kilo er ein kunnskapsbank til auka forståing av kor avgjerande sentrale dei små klinkbygde trebåtane  har vore som grunnleggjande føresetnad for livet langs kysten opp gjennom tidene. 
 
Boka er den ultimate, våte draumen til kvar ein trebåt-entusiast kysten rundt.
 
Verket er tileigna ”alle dei som har bygd, rodd, segla, stelt og vølt”. Innleiingsvis står også fyndordet som blir vårt sluttord: Båtlaus mann er bunden til landet. 
 
– – –
 

Tipptipptippoldeborna til urkua Audhumla

 
John Roald Pettersen
Vestlandsk fjordfe
120 sider, 21x26 cm, rikt illustrert, stive permar
Laget for Vestlandsk fjordfe 2016 
 
Nils Dahlbeck (1911 – 1998), svensk professor og naturvernar, rekna Vestlandsk fjordfe som eitt av Nordens eldste kulturminne. Det er ein rest av den kutypen som fanst over heile den skandinaviske halvøya fram til folk byrja med planmessig avl av husdyr på byrjinga av 1800-talet, sa svensken, som gjerne nytta omgrepet ”urkua” om det vestlandske fjordfeet.
 
Ikkje rart svensken vart utnemnt til æresmedlem i Laget for Vestlandsk fjordfe, eit lag som vart formelt skipa på Dravlausstølen i Sykkylven i 1993. Første – og til no einaste – leiar i laget er Nils Sigurd Drabløs. Han driv gard på Fet i Velledalen, i lag med Gunhild Øigarden. Dei driv no berre med Vestlandsk fjordfe, og er nokre av dei entusiastiske gardbrukarane vi får helse på i boka.
 
Boka gir innblikk i den eldste historia til storfeet her i landet, ho fortel om utviklinga av ”vestlandskvæget” dei arbeidde for på 1800-talet, om den store striden kring avl og rase i åra frå 1875 til 1905. Om utviklinga framover 1900-talet, og dei improviserte bergingsaksjonane som vart sett i verk då rasen mest var utrydda på 1980-talet. Då gråkoller og andre ”urkyr” frå dei eksotiske stadene Trandal og Lauvstad var blant dyra som fekk fjordfe-rasen på positiv kurs igjen, slik at desse utmarks-kyrne kunne vere med å berge etterkomarane våre på ein overfolka, hungrande klode. 
 
Sidan dette er for ei lagsbok å rekne, og ikkje noko kommersielt prosjekt, er ho ikkje å finne i bokhandelen. Fjordfe-profeten Nils Sigurd Drabløs, derimot, vil meir enn gjerne hjelpe deg med det som opplagt er årets julegåve til ku-glade i hus og hytte. Ei fin, lita bok! 
 
– – –
 

Vestlandsmålaren

 
Jan H. Landro
Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått
360 sider, 22x24 cm, rikt illustrert, stive permar
Selja Forlag 2016  
 
Dei kunst-interesserte vil opplagt finne mykje å gle seg over i den nye boka om Bernt Tunold, ”Vestlandsmålar i grønt og grått”. Tunold (1877-1946) var frå Selje i Nordfjord, dit far hans flytta frå Oppstryn og kjøpte seg gard på den legendariske øya Selja. Mor hans var frå Vanylven, så Bernt var altså halvt sunnmøring. Han var også mykje på Sunnmøre og måla. I Aalesunds Kunstforening stilte han ut i 1909, for første gong utanfor Bergen.
 
Tunold var ein av våre fremste målarar på 1900-talet – og vestlandsmålaren framfor nokon, meiner mange. Ingen skildra det grøne Vestlandet som Tunold, ja, ein talar jamvel om den særskilte fargen ”tunoldgrønt”. I unge år hamna kunstnaren i skuggen av venen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. Mykje av livet sleit han med eigne demonar og ytre vilkår som gjorde kunstnarlivet vondt og vanskeleg. Men han sleit seg heroisk gjennom, og gav aldri opp å måle.
 
Boka inneheld meir enn 300 måleri og teikningar, i tillegg til mange foto, og har ei verkliste med over 750 av kunstverka til Tunold. Forfattaren er Jan H. Landro, som har vore kulturjournalist og -redaktør i Bergens Tidende. No er han frilansjournalist, forfattar, ”bokbadar” og foredragshaldar. 
 
– – –
 

Vakkert og innhaldsrikt

 
Haram kulturhistoriske lag
Årbok 2016
218 sider, 17x24cm, rikt illustrert, stive permar
Skrift nr. 66 
 
Haram kulturhistoriske lag oppgraderte årboka si i 2014, med større format, endra bokbunad og ikkje minst med ny framside, smakfullt bygd opp kring eit lokalt kunstverk. I år eit måleri av Karl Straume frå sørvest-spissen av Flemsøya. Noko av eit smykke er årboka vorten, og resultatet er aukande sal av årboka, går det fram av årsmeldinga til laget. Han som krotar ned desse linjene, meiner at innhaldet også har med den saka å gjere.
 
I år kjem boka med 17 ulike artiklar, med medveten stor spreiing i innhaldet både i tid, rom og tema. Einar Landmark har to berande artiklar, ein omfattande om bygdehovdingen Ole K. Flem, som var fiskarbonde og stortingsmann, og ein om det evig unge stridstemaet på øya han var frå; er namnet Flemsøya eller Skuløya...?
 
Den eldste historia er vigd stor plass i årboka. Harald Dyrkorn skriv om to viktige steinalderbuplassar, Dysvika på Fjørtofta og Stølen på Longva. Arkeologane som sto for utgravingane på Austnes i 2014, i samband med den komande Nordøyvegen, gjer greie for kva dei fann.
 
Næringslivet har og fått brei spalteplass. Knut G. Flem skriv om Vang Industri, som laga stolar til kino- og teaterlokale over heile landet, medan Jon Arne Austnes fortel om Vestre Orgelfabrikk, som var i drift i mest hundre år.
 
I næringslivskategorien kan kan vi vel og rekne Bjørn Jonson Dale sin artikkel om dei sju borgarseta i Haram (ein forsmak på boka hans om dei kring 200 borgarseta på Sunnmøre gjennom tidene, som skal kome neste år). Likeså det Arnold Farstad har funne ut om namnet Pampushamna i Hellevika, Svein Halvard Nilsens artikkel om Keralaprosjektet i India tidleg på 1950-talet, og hans artikkel om seminaristen Mathias Eriksen Fuglevik som reiste til Finnmark som lærar, og enda som fiskeoppkjøpar, handelsmann og trandampar.
 
I bolken vi kan kalle ”human touch” er her herleg lesnad frå Reidun Ulstein (1927–1993) om barndom i Brattvåg kring andre verdskrigen, Nils Magnar Lausund skildrar tilværet som realskuleelev og hybelbuar i bygdebyen på 1960-talet, Magne Kjerstad fortel om den blodige folkemedisinske praksisen årelating, som oldemora dreiv med sneppert og blodigler like fram til 1920-talet. Asbjørn Hildremyr skildrar etterkrigsfotballen i Brattvåg. Sist, men ikkje minst, fortel Jostein Kvithaug i underfundig tekst og mange særeigne teikningar om kulturfenomenet laurdagsdansen.
 
Jau, lesarane har mykje å gle seg til i den flotte årboka frå Haram kulturhistoriske lag. 
 
– – –
 
 

Jubileums-jubel i Hamnsund 

 
Sogelaget for Hamnsund sokn
257 sider, 15x21cm, rikt illustrert, stive permar
Årsskrift 2016  
 
I Hamnsund sokn, det som var nordvestdelen av Borgund kommune, og i det store kommuneraset i 1965 lagt til Haram kommune, er dei i jubileumsmodus nett no. Sogelaget er inne i sitt 25. år, og har just kome med det 25. årsskriftet. Ei av dei første oppgåvene laget tok opp, var å få utgitt ei ny bygdebok for soknet. Også denne ligg no føre i tre feite, flotte band, og eit 25-årig storprosjekt er fullført med glans. Alt dette avspeglar seg naturleg nok i årsskriftet, som truleg er det beste som er kome ut til no (vi har ikkje sett alle dei 24...).
 
Just gardssoga og arbeidet med denne er naturleg nok også omtala i årsskriftet, i ein artikkel av Steinar Holmeset, medlem i bygdeboknemnda. Årsskriftet inneheld ikkje mindre enn 29 artiklar, med stor spreiing i innhaldet. Her er stoff om ishavsskuta ”Polarquest” som forliste på Island i 1957, den særmerkte globetrottaren Skjegge-Skjeldrup(1872–1962), om nybygg frå Søviknes Verft, og om bedriftsklubben der, som er 70 år komande februar, om bygdefolk som har utvandra både til Ålesund, til Kirkenes og til Amerika, om heimefiske i Grytafjorden og 17. maifeiring i Søvika (del 2 i ein serie), om 90-åringar og ein 100-åring, ein stor reportasje om sogelagsturen til Færøyane i sommar (der framsidebiletet og er henta frå), om dyrking av heimavla tobakk under krigen (”Kvithaugs Petterøes”), om Leif Hovde sine livsminne frå Krogsethagen, og utdrag av elevarbeid frå dei som gjekk på Gjerset skule i 1949.
 
Og mykje, mykje, meir.
 
Noko av det som særmerkjer det aktive sogelaget, er at dei er flinkare enn dei fleste andre sogelag til å få loggført den nære historia. Den som er i manns minne no, og derfor kan dokumenterast særs godt, men som om nokre tiår er borte, anna enn nettopp i slike årsskrifter. Då kan framtidas hamnsundssokningar takke sogelagsleiar og skriftstyrar Per Hånes og hans gode medarbeidarar for at dei har ei rik og pålitande kjelde å ause av.
 
Ein annan kvalitet, er at sogelaget er over gjennomsnittet flinke til å få med kvinnelege skribentar. Såpass mange som åtte av dei 23 artikkelforfattararane er kvinner. Sjølvsagt gir det eit meir allsidig innhald og eit meir fullstendig bilete av lokalsamfunnet. Idealet bør vere så nær jamvekt som mogeleg. 
 
– – –  
 

Sula vart Amerika for hjørundfjordingane

 
Sogeglimt frå Sula
105 sider, 14x21 cm, noko illustrert, mjuke permar
Årsskrift for Sula Sogelag 2016 
 
Sulalendingane held fram i kjend stil, men dei held då heldigvis fram. På dei om lag 90 sidene som inneheld sogeglimt, er det ti artiklar. Den siste og lengste er på heile 32 sider, med andre ord meir enn ein tredjepart av boka. 
 
Artikkelen er skriven av Arne E. Dybdal og har tittelen ”Hjørundfjordinger som gardbrukere på Sula i tidsrommet 1700 – 1900”. Det er over 30 sider tettpakka med oppramsing av namn, kvar dei kom frå og kor dei busette seg, og kanskje ei setning eller to om lagnaden deira.
 
Det er eit enormt og særs interessant stoff, som fortel om ein stor og jamn straum av ”overtallige” hjørundfjordingar, som ikkje reiste lenger enn dei måtte. Sula vart deira Amerika, for å seie det slik.
 
På nær sagt alle gardar, frå Kvasnes i aust til Kalvestad lengst vest på Sula, og også på sørsida av øya, kom der hjørundfjordingar og skapte seg eit liv som gardbrukarar. Unge kvinner og menn som fann seg jordagutar og -tauser, folk som kjøpte seg gardar som av ulike grunnar var ledige, og folk som fann seg ein ledig plass på dei steinute strender, slik det står i ”Nordmannen”, og rydda og bygde og eigde rudningen trygt.
 
Vi har ikkje hatt tid til å finlese artikkelen, men at her er materiale for det som kan bli ei uhyre interessant bok, er bra sikkert. Den boka måtte ein sjølvsagt illustrere med eitt og anna bilete, der Sula Sogelag køyrer stoffet grått og biletlaust.
 
Arne E. Dybdal, som fortener takk for strevet, har funne kjeldene sine i gardssogene for Borgund og Giske (Ragnar Øvrelid), Hjørundfjord (Ragnar Standal), Sula (Arnfinn Kielland) og Vartdal (Johannes Buset). I den korte innleiinga si fortel Dybdal at oversynet hans, trass det store omganget, ikkje er komplett, pga mangelfulle opplysingar i kjeldene...
 
Elles i skriftet fortel Otto Jan Krogseth, Børre Vegsund og Hallvard Erdal om barndom og ungdom. Frøydis Vasset, Anne-Lise Øen og Hilde Vadseth skriv om foreiningsliv, Frank Vågnes gir glimt frå det korte livet til Langevåg Amatøreteater (skipa 1955), og han og Harry Lervåg kjem med kvar sine stubbar om båtar.
 
Det ein lesar undrar seg aller mest over, er kvifor biletstoffet, med få unntak, er så mangelfullt, både i kvantitet og kvalitet.  
 
 
– – –
 

Prima vare frå Vestnes 

 
Vestnes sogelag
Årsskrift 2016
222 sider, 17x24cm, rikt illustrert, stive permar 
 
Vestnes sogelag leverer som vanleg eit solid årsskrift, både når det gjeld det skrivne ordet, illustrasjonane og det tekniske. Nok er det, som skriftstyret seier i føreordet, umogeleg å leve opp til slagordet om at det skal vere betre og betre år for år. Men sikkert er det at dei legg seg i selen og prøver så hardt dei kan. Og då er dei ikkje langt frå det høge målet dei set seg.
 
Bernt Gjelsten, leiar i Vestnes Jeger- og Fiskerforening, skriv ein 25 siders artikkel om lagshistoria frå 1977 til 1997. Det er ein oppfylgjar av artikkelen om historia frå 1947 til -77, i årsskriftet for to år sidan. I sin omtale av medarbeidarane skriv redaksjonen om Gjelsten at han ”har ei viss interesse av feskvassfisking”. Årets understatement, spør du oss.
 
Steinar Kjersem har ikkje mindre enn tre bidrag i årets skrift; om hestehandlaren Anton O. Lindset, om den første utvandraren frå Tresfjord, og om utvandringa frå Sylte herad, som Tresfjord kommune heitte før 1923. Den garva skribenten Odd Sørås har ein større artikkel om utvandraren Rasmus K. Vestnes og kona Anna frå Grovaplassen i Vestnesbukta, der det meste er Sørås si omsetjing og varsame tilpassing av den soga sonen, Emil A. Erickson, skreiv om foreldra sine. Og Mary Ellingseter Skram fortel om norsk-amerikanaren Signe Schrøder Lassen (1903–1991).
 
Åse Vestnes Birkenheier skriv som vanleg interessant frå barndomen sin, medan Olav Hole skriv minst like interessant om Hellandkaia, ferjene og Leonard Larsen. Helge Bjerkevoll fortel om Ingeborg Gangstad, som vart dødsdømt i 1762 for blodskam med svogeren sin, men vart benåda etter mange år i fangenskap.
 
Trond Espen Berg (24) er eit nytt namn for oss, han skriv om korleis folk hadde det på Vestnes under andre verdskrigen. Unni Nerås Krogsæter skildrar kor vanskeleg, eller umogeleg, det var for ei kvinne å få skilsmisse i 1890-åra – utan at mannen samtykte...
 
Og endå er her fleire lesverdige artiklar i eit årsskrift som har interesse langt utanom Vestnes kommune. 
 
– – –  
 

Lukter svidd

 
Harald Grytten og Roger Engvik
”Brenner dei ikkje brising meir...?”
Om sankthansbål og båltradisjoner i Ålesund
180 sider, 21x28 cm, rikt illustrert, stive permer
Sunnmørsposten 2016
 
Her er enda ei bok av den sorten Ålesund har manglet i sin åpenbare og obligatoriske bokstall, nemlig ei bok om den ålesundske tradisjon; å samle og brenne sankthansbål litt over det gjennomsnittlige. Ikke bare en artikkel, eller ei oppgave, eller en del av ei bok, men ei heil bok, viet til temaet sankthansbål.
 
Boka kom så seint (uke 50) at det er bare så vidt vi har fått skumme gjennom den, men her er i alle fall et par raske inntrykk:
 
Forfatterne har fått med mye obligatorisk stoff, både om sankthansbålet i norsk tradisjon, og i det ålesundske univers. Her er kapitler om bålets plass i sankthansfeiringa, om opphavet til sankthansbåla, om det spesielle ved den ålesundske sankthansbål-skikken, om alle mer og mindre kjente, faste bål i byen, og det er som kjent ikke få, om de spesielle båluttrykka, om bålsanger og en god bolk om det siste bålet; Slinningsbålet, verdensrekord-bålet anno 2016.
 
Mye av stoffet vil være kjent for demmaguta og demmajente som har nåkken år på baken, særlig dem som har lest den glimrende boka ”Ålesund  forteller” (1987), der det sto et fyldig kapittel om sankthansbåla. For ham som skriver disse linjer, er det mest interessante faktisk det den nye boka forteller om sankthansbål andre steder, og særlig et digert tønnebål i Junaiten.
 
Ett er det skrevne, noe annet er bilda og bildebehandlinga. Sjølsagt er her mange bra bilder, noen klassikere (Bjarne Skarbøvik!) som er respektfullt gjengitt. Men her er også en god del som er så til de grader digitalt etterbehandla at man lurer på om det er forsøk på kunst man betrakter, og ikke rein dokumentasjon.
 
Men nå har i alle fall Ålesund fått ei bok om sankthansbåla, og takk for det. 
 
– – –
 

Lite, men grundig

 
Årsskrift 2016
112 sider, 14x21 cm, rikt illustrert, mjuke permar
Skodje sogelag
 
I år har redaksjonsnemnda i årsskriftet hatt ein einaste medlem, og det er Bjørn Nedreskodje. Skriftet inneheld berre fire artiklar, ved sidan av lagsstoffet, men på den andre sida er dei rimeleg fyldige. Og einmanns-redaksjonen let vel over engasjerte og medgjerlege skribentar!
 
Spissartikkelen på 40 sider er skriven av Johan Haar Daae-Qvale, og handlar om familien på Solnør gard frå 1500 til 1970; korleis familiane Daae og Qvale overtok og utvikla den i sunnmørsk målestokk svære garden. I neste årsskrift vil forfattaren skrive meir om livet på Solnør under krigen.
 
Kosmopolitten og norskamerikanaren Jens Moe fortel om arven etter farforeldra sine; Severine og Ole Jenssen Moe. Ole, ein omtykt lærar, døydde få år etter bryllaupet, av tuberkulose i ryggen. Severine var enke etter lensmann Lars Sorte, og opplevde for andre gong på få år at tuberkulosen tok ektemannen hennar. Severine vart elles den andre kvinnelege postopnaren i Noreg, då ho som 26-årig enke med tre små born fekk stillinga etter lensmannen.
 
Øyvind Midtlid skriv om posthistoria i Skodje, og vil neste år halde fram med Skodje poståpneri og DS ”Ternen”; rutebåten mellom Ålesund og Skodje. Alle desse tre artiklane er elles på stivaste riksmål, som det høver seg i kommunen som snart vert ein bydel i Ålesund.
 
Kjell Sindre Tysse skriv om bygdevandringa til Skodjestølen sist oktober (den månaden godveret herja på Sunnmøre!), pryda med fine reportasjebilete, og som ekstrabonus ein god bolk med herlege gamle fotografi: Setretauser! Med kyr av vestlandsk fjordfe!!
 
Slutteleg fortel årsmøtereferat og lagsnytt om god fart i sogelagsaktiviteten i bygda no.
Gomerprisen, oppretta av sogelaget i 2010, vart i år tildelt Karl Grindvik, ein av eldsjelene i friviljug arbeid, bygningsvern og historieformidling i skøyebygda.
 
– – –
 

Fråsparka var friskare før i tida 

 
Årbok for Vatne Sogelag
161 sider, 14,5x21 cm, rikt illustrert, stive permar
Skrift nr. 36, 2016 
 
Trass i at historia i gamle Vatne kommune er som ei Sareptas krukke, ifylgje skriftstyret; same kor mykje dei et av henne, vert ho aldri tom – lyt vatnebygdarane framleis finne seg i å vere lillebror til sogelaga lenger vest i Haram. Men at dei held stødig kurs, kan ingen ta frå dei.
 
Eit av kjenneteikna er mange, men korte artiklar. På snaut 140 tekstsider har dei funne plass til heile 21 nummer. Ikkje for det, kortfatta saker kan og ha sin verdi, særleg når dei er bygde kring fornøyelege bilete, slik som fleire av dei Borgny Helland skogar tak i er døme på. Veteranen leverer ikkje mindre enn seks stubbar i år, og er den i særklasse flittigaste bidragsytaren så lenge årboka har eksistert. Så vart ho og utnemnd til æresmedlem i sogelaget på årsmøtet i vår. Vel fortent!!
 
Spissartikkelen er skriven av Karl J. Skårbrevik; om  Skåravika gjennom 400 år, ei fyldig sak med undertittelen kremmar- og lensmannssete, bygdesamfunn og fråflytting. Johan Kaare Tenfjord fortel om det som i si tid (1936) var verdas lengste luftspenn, Tafjord Kraftselskap si kraftline frå det 400 meter høge Skårfjellet og 3,7 kilometer tvers over Mifjorden til Miøya. Nytt for mange, vil vi tru.
 
Interessant småindustrihistorie er det når Kåre Vatneødegård fortel om piperensar-fabrikken på Hellandshamn, som produserte piperensarar som fleire av dei store tobakksfabrikkane i landet selde under eige varemerke. Ei tid var, og ei anna vart.
 
Vebjørn Bakken har spesialisert seg på å støve fram gamle, lokale avisartiklar om lesverdige saker og ting. I år har han funne fram til avisfeida i Sunnmørsposten i 1886 om den såkalla lensmannsvisa, og ein artikkel i Søndmøre Folkeblad frå 1892 om anarkiet i Skodje. Nok ein gang får vi sanna at fråsparka var mykje friskare i blødå for drygt hundre år sidan, enn i vår injurieadvokatovervaka tidsalder. 
 
– – –
 

Klassikar held koken

 
Frå Hjørundfjord
306 sider, 15x22 cm, rikt illustrert, stive permar
Årsskrift nr. 38. Hjørundfjord sogelag 2016 
 
Ein av dei solide veteranane på Sunnmøre er Hjørundfjord sogelag, med årlege utgåver sidan 1979. Laget syner ein imponerande evne til stadig å finne fram til nye skribentar og nytt stoff.
 
I år er skriftet mellom dei største, med over 300 sider spilder nytt innhald. Litt av bakgrunnen for dette høge sidetalet, er vel at boknemnda har letta opp det gamle og heller kompakte skriftbildet ved å auke linjeavstanden noko. Det gir lysare inntrykk og er lettare å lese!
 
Men mest skuldast det høge sidetalet den store stoffmengda. I årboka finn vi tjue artiklar, frå små og opp til meir enn 40 sider. I sistnemnde er det Solveig Viddal Hole (85) som fortel om oppvekst på Strandabøen, ein gard som vart fråflytta i 1947, og i si velmakt var eit lite samfunn for seg sjølv.
 
Einar Saure skriv om Tussa-utbygginga, som kravde mange menneskeliv. Det som er framsteg for dei mange, har ofte ei tragisk nedside for somme. Per Urke fortel om tragiske brannar på Urke, og har fleire andre artiklar. M.a. innleiar han ein serie, med overskrifta ”hundreårsarven”, som skal presentere dei eldste fotografia, måleria og teikningane frå fjorden.
 
Synneve Saltre og Kari Årsnes skriv om vegen Festøy – Standal som no er 50 år gamal; då han var ferdig var hjørundfjordbåten også det, som den siste i MRF-flåten. Fotonemnda har ein meir enn 30 siders bolk med 50 år gamle bilete, og Gunnar Ellingsen fortel om stort og smått i fjorden for 100 år sidan.
 
Og mykje, mykje meir er det å lese i denne klassikaren mellom årbøkene på Sunnmøre. Siste åra har dei elles funne praktisk bruk for fram- og baksatsen, med pedagogisk namnsette bilete over to sider. Eit godt grep! 
 
Neste steg på den tekniske sida bør kanskje vere å sjå litt på reprokvaliteten, på den mødesame vandringa mot det perfekte.
 
– – –
 
 

Innblikk i svartaste historia 

 
Årbok for Sunnmøre
101 sider, 20x24 sider, rikt illustrert, mjuke permar. Tidsskrift for Sunnmøre historielag
92. årgang, 2016 
 
Mellom dei eldste lokalhistoriske skrifta i heile landet, er årboka (tidsskriftet) til Sunnmøre Historielag, som i år kjem med si 92. utgåve.
 
Den gruvekkjande illustrasjonen på framsida er henta frå verket ”Historie der martelaren” (1657), ein av talrike eksempel på den rike trolldomslitteraturen i Europa på 1500- og 1600-talet. Brenning av trollfolk skulle sjåast av ålmenta til «skrekk og eksempel»!
 
Biletet illustrerer Ellen Alms hovudartikkel i årboka, om  hekseprosessar på Sunnmøre. Tradisjonell krim bleiknar mot denne avskyelege skampletten på europeisk stats- og kyrkjehistorie. Ellen Alm er cand. philol. i historie, med spesialisering nettopp på hekseprosessar.
 
Harald Kjølås skriv om tømmerfløyting på Storfjorden i hollendartida, då Europa skreik etter norsk furuvirke til å byggje skip, hus og diker. Litteratursosiologen Jostein Fet tek føre seg viseboka til lærar Ole Petter Løset, bygningshistorikaren Per Sæther kjem med oppdatert kunnskap om den gamle kaupstaden Borgund, og okkupasjonshistorikaren Eirik Holmen stiller spørsmål ved den ujamne og til dels manglande dekninga som okkupasjonshistoria har vore gjenstand for i det som er tidsskriftet for Sunnmøre Historielag.
 
Dette er berre noko av det lødige innhaldet i denne utgåva av årboka, som og har artiklar av Karen Høyland Krogseth, Arnljot Løseth, Line Iversen, Torbjørn Urke og Bjørn Jonson Dale.
 
Personleg hadde vi større sans for utforminga av årboka før historielaget i fjor la om frå stivbind til levjete magasinformat. Men det er som vi alle veit det indre som tel. 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 



15 SISTE
  Nye mulige lovbrudd i ...
  Følg med på barnas app...
  Synth inn og tempo opp
  Fikk sjelden nervesjuk...
  Bekymra for helsa til ...
  Vil ha postklagenemnda...
  Røntgenhenvisninger fo...
  I morgen kan bystyret ...
  Med velutviklede sanse...
  Villaksen genetisk for...
  – La gifta ligge i ro
  Ulovlige Bingsa-innkjø...
  Frykter rasering av Su...
  Bibliotekene bevisstgj...
  Vil endre folks syn på...
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag