Søkeord:  
Søk
Banner top

Fryktar fisken forsvinn frå Vatnefjorden

med nøter trugar bestanden av ørret og kysttorsk i Vatnefjorden. - Dette er illevarslande, seier Vatne Småbåtlag.

Aktuelt
Tekst Maria Finnøy Fagervoll   
(19/04/2017)
Bildetekst: Vebjørn Vatnehol i Vatne Småbåtlag fryktar at overfiske i Vatnefjorden kan utrydde kysttorsken og ørreten i området. Nå søker småbåtlaget om å få freda fjorden frå alt fiske. (Foto: Privat)
 
. . .
 
Vatne Småbåtlag har no kontakta Haram kommune for å få Vatnefjorden freda for alt fiske – med unntak av handsnøre.
– Vi fryktar fisket kan ødelegge torske- og ørretstammen i Vatnefjorden. Den er også gytestad for kysttorsken. Den må få rekke å formere seg før den blir fanga, slik den kan vere ein varig ressurs for framtida, seier Vebjørn Vatnehol i Vatne Småbåtlag.
 
Fredningssone
Vatnefjorden er allereie freda for fiske, men det er ikkje forbod mot å fiske etter sild med nøter på ein viss storleik. Problemet, ifølge småbåtlaget, er at fiskefartøy kjem nært inntil fjøra og elveosen med nøter og sopar med seg alt av fisk, sjølv om det i utgangspunktet er silda båtane er ute etter. Silda er dessutan ein viktig matressurs for anna fisk i fjorden.
– Sona bør vere freda for alle nøter, også for hobbyfiskarar som fiskar med garn, seier Vatnehol.
I tillegg til å vere gytestad for kysttorsken, er det ein ørretbestand i Vatnefjorden. Vatnehol fortel at dei i småbåtlaget også er hobbyfiskarar, og at dei merkar at det er svært lite fisk att i fjorden.
– I år har fangsten vår vore nesten lik null. Det har ikkje vore så dårleg fiske her så lenge eg kan hugse. Det er heilt tydeleg at det er noko som skjer, og det er illevarslande.
 
Bekymringsmelding
Småbåtlaget har også sendt over ei bekymringsmelding til fylkesmannen og Norsk institutt for naturforskning i Trondheim.
– Det er hyppig med båtar som kjem inn for å fiske, året rundt, og dette er båtar på storleik med fartøy som er langt ute til havs. Det er så trangt i fjorden at nøtene går nærmest frå land til land.
Småbåtlaget fryktar for langtidsvirkningane for dette fisket.
– Vi kan risikere at det må ein generasjon til for å kunne bygge opp att fiskebestanden. Men om fisken får vere i fred, trur vi at bestanden kan reddast. Det å kunne ta seg ein båttur ut på sjøen og fiske seg ein torsk har litt med livskvaliteten til folk i området å gjere også.
 



15 SISTE
  Aksjeselskap skal kjem...
  Turnforeningen feiret ...
  Vant sin egen semifina...
  Julien-vinner fra Vest...
  Smarte løsninger spare...
  Teige sikrer seg full ...
  Med ansvar for juleste...
  Nytt i Uka frikjent i ...
  – Ålesund kommune har ...
  Frykter «bilbyen» foru...
  Irske superveteraner
  Ingen vet hva som skju...
  Ellevill teatermoro me...
  Livsviktig innsamling ...
  Kiwi-naboer fortviler ...
annonse   
Jul LM 2017/2018
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag