Søkeord:  
Søk
Banner top

Vil bli større og betre

Havgaprock blei fødd av folk som elskar rock. No håper den lille festivalen i Haram å vokse seg større.

Kultur
Tekst Maria Finnøy Fagervoll   
(28/06/2017)
Bildetekst:Festivalstemning og sommer på Havgaprock 2016. I år kan den lille festivalen skilte med større artistar som mellom anna Kjartan Lauritzen og Drusar. (Foto: Havgaprock)
 
. . .
 
Havgaprock gikk av stabelen for første gong i 2016, og 8. juli gyver det laust igjen på Ulla på Haramsøya. 
– Ambisjonen er at vi skal klare å vekse oss litt større og betre for kvart år. Det er viktig for oss. Vi kjem ikkje til å lokke til oss Marcus og Martinus med det første, men fokuserer på gradvis utvikling, seier festivalsjef og primus motor, Preben Austnes Lorgen.
 
Gikk i null
I fjor gikk regnskapet i null.
– Vi håper festivalen kan utvikle seg til noko som er trygt økonomisk – men jo høgre vi satsar, jo vanskelegare er det å få det til å gå opp. Da er det viktig at vi jobbar oss opp ein buffer slik vi har ei sikkerheit.
I fjor besøkte 400 festivalen, og i år håper dei på 500. Dei har også skaffa seg større artistar enn fjoråret.
– Kjartan Lauritzen og Drusar er dei største. Kjartan har laga musikk til mellom anna serien Skam, og spelar på store festivalar som Malakoff og Bergenfest i år. Da er det litt kult at vi får han hit.
– Korleis landa dykk han?
– Vi kjenner nokon som kjenner han. Og han såg ein film vi hadde laga frå festivalen, og synes det såg kult ut. Vi spelar litt på naturen. Lokalisasjonen for festivalen er ein av dei finaste stadane å oppdrive. Så det var ikkje overraskande at han likte det.
Elles er det mange lokale og regionale artistar på programmet, som moldebandet Josah, Armchair Oracles, The Knut frå Haram og Lars Ole Godø and The Crew.
 
Bratt læringskurve
Det blei ein bratt læringskurve på Lorgen då han starta festivalen i fjor. Han hadde aldri arbeida med arrangement før, men sette berre i gong. Og vips så var Havgaprock født.
– Det kom av eit ønske om å kunne gi lokalmiljøet vårt ei kul greie, og eg elskar musikken. Det har gått litt ned på antal arrangement her ute, så vi måtte prøve å komme med noko nytt.
Han spelar sjølv i eitt av banda som stod på scena i fjor, nemleg Stonebrick. No håper Lorgen at Havgaprock skal bli ein årleg tradisjon – det er målet.
– Forventningane er store, men det blir spennande å sjå om det kjem folk. Det veit vi ikkje enda, seier Lorgen og ler.
 



15 SISTE
  Skeive skritt mot like...
  Krabber seg oppover i ...
  Med fiskeskinn på hode...
  – Bruk kulturhus-foaje...
  Lover ren forlystelse
  Natalie gjør furore i ...
  Reptilene inntar Ålesu...
  - Vi ble totalt overkj...
  Skal de spise kebab sa...
  Klager på mangelfull n...
  Tre ålesundslag i NM-s...
  Fann tysk mynt frå vik...
  Har bestilt sol til fa...
  Frykter tre-pest skal ...
  Aleris Helse etablerer...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag