Søkeord:  
Søk
Banner top

Har elska å undervise

– Bilde med instrument seier du? Jau, eg har nokre instrument i eit rom her heime. Det skal nok late seg gjere.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(05/07/2017)
Bildetekst: Etter eit liv som musikk- og kulturskulelærar med treblåsar- og tangentinstrument, har Askjell Molvær no gått til innkjøp av ei Hardingfele, som han etterkvart skal glede omgjevnadane sine med, ved å framføre nokre slåttar - berre han lærer dei først.
 
. . .
 
 
Kan hende er du ein av dei mange hundre eller kanskje over tusen musikk- og kulturskuleelevane som Askjell Molvær har undervist i løpet av sine 33 år? No har han pensjonert seg frå å vere kommunalt tilsett. Men heilt tilbaketrukken er han ikkje. Enkelte privatelevar og kor, for ikkje å snakke om frilansoppdrag skal han halde fram med. 
– Musikken vil nok framleis vere det største, i ulike samanhengar, tenkjer han høgt, før han legg til:
– Det vil nok ta ei stund før elevane er ute av tanke og sinn ...
Ordet «pensjonist» virkar han ikkje vere heilt fortruleg med, sjølv om han forlengst har nådd pensjonistalderen, og kunne gitt seg med ferjependlinga til indre strøk for fleire år sidan. 
 
Har passa utmerkt
– Nei, eg vil seie det så sterkt som at eg har elska å undervise. Det er ingen overdrivelse, seier han om lengda på instrumentopplæringa han har stått for. 
– Å kunne lære bort til born og ungdom, har, totalt sett, vore ei samanhengande glede, seier han.
Det aller beste har vore å spele på konsertar i lag med elevane. Derfor var det også naturleg for han å trekkje inn elevar i sin eigen avskilskonsert i Sykkylven nyleg. 
– Har det ikkje vore slitsamt å starte med nye elevar kvar haust?
– Nei, undervisinga har gitt meg veldig mykje, men aldri frustrasjon. Eg har funne ut at dersom eleven ikkje har øvd, då øver vi her og no. Så tar eg leiinga – venleg, men bestemt – og ”bankar” inn leksa på under halvtimen! Det er også ein metodikk – at eleven skal lære seg ein øvingspraksis, på timen. Eg har aldri vore sur eller gretten fordi eleven ikkje har øvd, fortel han.
 
Gjensidig musikk-glede
Å undervise har også fungert som terapi, innrømmer Askjell. Er det noko som har opptatt og irritert læraren på dagtid, er det som blåst bort etter undervisinga.
– Har ein ti elevar, då har ein ti mennesketypar. Det er eit stort mangfald av elevar, og då kan ein ikkje tenkje på anna enn kvar einskild, seier han. Den verbale kontakta med borna har og vore svært givande. Etter sine 33 år som kulturskulelærar har han samla morosame replikkar i ei bok. 
– Særleg rundt unnskuldningar for å ikkje ha øvd, ler han. 
Gjennom dei mange åra har Askjell berre hatt ei knapp handfull med sure eller utagerande elevar. 
– Det har skuldast at dei ikkje har hatt noko ønskje om å vere der – å  gå i kulturskulen. Eg har lagt vekt på at eleven skal trivast i timen. Det er ein absolutt betingelse for å kunne få lære noko.
 
Først orgel og piano
Unge Askjell lærte seg først å spele på trø-orgel, i heimen. Far hans var organist, ein veg også Askjell valte, då han utdanna seg som kantor. Han starta også yrkeslivet som organist i Seljord i Telemark. Etter kvart var det heim til Langevåg, til same stilling. Samstundes auka det på med instrumentundervising i Sykkylven, noko som passa Askjell bra. Etterkvart valte han bort organist-tilveret, men vikarerer av og til når det trengs.
I skulekorps-alder fekk han lagt ei fløyte i hendene. Piccolo var instrumentet i den samanhengen. Seinare vart det også klarinett og saksofon, som er Askjell sine hovedinstrument. Men han har også undervist i slagverk.
Det er særleg i indre strøk at unge musikk- og kulturskuleelevar har hatt gleden av å bli lært opp av Askjell. Først i Sykkylven, dernest på Stranda, og også nokre år i Sula.
– Ferja har ikkje gjort meg noko å ta, fleire gongar i veka. Eg har nok ei dragning mot indre strøk, for eg trivast veldig godt der, seier han.
 
Ein god kombinasjon
Å jobbe ettermiddagar, kveldar og enkelte helgar, har passa Askjell veldig godt. For den kombinasjonen har passa utmerkt med ei anna stor interesse, nemleg turar i skog og mark. Og dei har han kunne gjennomført på dagtid, før arbeidstida har starta. 
– Dessutan har eg ikkje undervist kvar dag. Storfjorden har blitt kryssa tysdagar, onsdagar og torsdagar på det jamne. Du skal sjå at eg køyrer til Magerholm på vane når hausten kjem, ler han. For eigentleg sluttar han ikkje før 1. august, men sommarferien har starta, også for kulturskulen som følgjer skulekalenderen.
 
Framleis aktiv
For tida er Askjell ein av fleire skribentar for lokalavisa Sulaposten. Det likar han godt, og journalistikk er faktisk ein yrkesveg han prøvde seg i, med kultur som hovedfelt,på slutten av 70-talet. Det enda med for lite tid til å vere aktiv og spele sjølv.
– Kva hadde livet ditt vore utan musikk som yrke?
– Det er vanskeleg å seie. Men det kunne ha blitt noko som har med naturen å gjere. Eg er mellom anna svært interessert i botanikk og entomologi. Dette er hobbyar han vil halde fram med, ved sidan av frilansoppdrag som musikar.
– Eg skal vel kompe litt her, og kompe litt der, ler Askjell Molvær hjarteleg. 
 
 
 



15 SISTE
  Aksjeselskap skal kjem...
  Turnforeningen feiret ...
  Vant sin egen semifina...
  Julien-vinner fra Vest...
  Smarte løsninger spare...
  Teige sikrer seg full ...
  Med ansvar for juleste...
  Nytt i Uka frikjent i ...
  – Ålesund kommune har ...
  Frykter «bilbyen» foru...
  Irske superveteraner
  Ingen vet hva som skju...
  Ellevill teatermoro me...
  Livsviktig innsamling ...
  Kiwi-naboer fortviler ...
annonse   
Jul LM 2017/2018
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag