Søkeord:  
Søk
Banner top

Utfordrar fleire sansar

Geocaching handlar ikkje berre om eit turmål eller eit funn. Det er så mykje meir. Ifølgje leiar av Sunnmøre Geocaching, Carl-Gøran Eide Hove, kan aktiviteten vere heilt gratis, eller ein kan dra interessa så langt ein tillet – både tidsmessig og økonomisk.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(09/08/2017)
Bildetekst: Når ein finn ein geocache skal ein skrive namnetrekket sitt for å få godkjent funnet. Posten skal vere vasstett og ha plass til ein papirlogg, men kan variere stort i storleik, alt ifrå bittesmå aluminiumscontainarar til større boksar. Carl-Gøran Eide Hove er ein ivrig geocacher, som har lagt ut fleire boksar, mellom anna på Rødlandstua.
 
. . .
 
For å få innblikk i kva aktiviteten går ut på, kva er vel betre enn å bli med på ein tur? Passande nok skal Hove ut på ein vedlikehaldstur til Rødlandstua i Skodje kommune. Her la han ut ein geocache i fjor, og har fått melding om at loggboka har blitt fuktig. Ettersom han oppretta cachen, må han også halde oppsyn med den, med mindre han adopterer den bort. Der er ei liste over ord, uttrykk og forkortingar innan geocaching-verda som kan vere grei å lære seg, først som sist.
– Ein skal ha eigarskap til boksane ein legg ut, meiner Carl-Gøran. Sjølv har han lagt ut eit 70-tals boksar, men nokre er ikkje lenger aktive. Han er svært medviten på å ha eit mål med utlegget. Det skal vere ei meining, aller helst ei historisk. Også når han finn ein cache likar han å skrive nokre ord til den som la den ut. Både litt for eigen del og som honnør til dei som har lagt den ut.
 
Veljer nivå sjølv
– Det er ikkje så mange reglar eller retningslinjer å forhalde seg til, men dei er også stadig i endring etter kvart som teknologien utviklar seg, fortel Hove.
Hove bruker GPS når han skal finne geocacher. Ein kan bruke ein vanlig smart-telefon, men det kan vere greitt å spare på mobilbatteriet – i tilfelle. 
Etter tre år har Carl-Gøran funne 1010 postar. Det er han fornøgd med. Over tre millionar ligg ute, mellom anna ein i botnen av Marianergropa. Ein kan spele spelet på mange ulike måtar. Har ein først registrert seg og starta deltakinga, finst det eit utall variantar av statistikkar som opnar for å konkurrere med andre. 
 
Hjelpemiddel via app og nett
Inne i appen ser ein kart som viser både kvar ein befinn seg, og kvar det er andre «postar». Varselet har fire meters rekkevidde, om ein ikkje finn geocachen med det same. Vêret kan også ha innverknad på signala. Ein skal ikkje plassere ut boksar som er plasserte nærare enn 162 meter. Er det ønskjeleg å leggje ut ein cache i eit naturreservat, må ein søkje og få tillating av Fylkesmannen.
Ved eit høve så plingar det i telefonen. Carl-Gøran får varsel om at ein ny boks er lagt ut. Det handlar om å vere FTF, First To Find. Det blir han ikkje i dag. Men han fortel om rushet det kan gi, i leite-stunda før den nyleg utlagte cachen blir funnen.
I motsetnad til det å vere med i «Stikk ut!» så handlar ikkje geocaching berre om å nå ein topp, eller turmål med ein kode. Geocaching kan også vere mentalt krevjande. 
Ein «reisevenn» er eit objekt som skal til ein stad. Dersom ein geocacher veit at ein skal i den aktuelle retninga, kan ein ta den med på delar av reisa, og logge det på nett undervegs.
 
Introdusert via veninne
Då han budde i Arendal for tre år sidan, brann huset han hadde og han flytta midlertidig inn hos ei veninne. Ho var ivrig geocachar, medan Carl-Gøran tenkte: «For ein teit aktivitet å halde på med!». Ettersom ho ikkje hadde førarkort, køyrde han henne gjerne på ærend og ho skulle stadig ta små avstikkarar. Og slik vart han biten og etter kvart ganske så oppslukt av dette. Så mykje at han må ha tatt seg eit steg tilbake. I staden for at jakta på nye boksar skulle bli ei plikt, tok han seg i at det skulle vere gøy og ein leik. Likevel er det ikkje lenger enn to månader tilbake, då han fann 111 boksar i løpet av 24 timar. Det fins hjelpemiddel til å planlegge ei best muleg reiserute til slike føremål …
– Eg er på ingen måte ein religiøs mann, men har aldri besøkt så mange kyrkjer som etter at eg begynte med geocaching. Det fins nesten inga kyrkje i landet som ikkje har geocache, avslører leiaren av Sunnmøre Geocaching.
 
Nokre svært aktive
Tidlegare i sommar vart Sunnmøre Geocaching registrert som foreining. Hove anslår at rundt 20 personar er aktive her. Mellom anna var det tre eventar i helga, og deltakarane har blitt gode vener gjennom denne aktiviteten. Kameratskapen, treffa og utfordringar ein set til seg sjølv, er det Carl-Gøran drar fram som hovedårsaker til å drive med geocaching.
– Og vi er alltid interesserte i å få med fleire, inviterer han. Det kan vere ulike samlingsstader. Mellom anna har dei vore  samla på Stafsethneset for å samle søppel.
 
Byta geocachen
På turen til Rødslandstua er der tre cacher, jamnt fordelt frå start til topp. Heilt oppe og klare for å nyte utsikta, er Carl-Gøran også oppteken av å finne boksen frå i fjor. Han finn den ikkje og leitar godt. Det er eit av punkta: ein skal leite med augene og ikkje gjere inngrep. Det endar med å erstatte den forsvunne cachen med ein ny, medbrakt.
 
 

Fakta: 

• Geocaching har fått namnet frå geo: jorda og cache: gøymestad. Uttalast: geokæsjing.

• Det enklaste er grønne behaldarar. Ved blå ventar oppgåver som må løysast. Dei gule indikerer fleirstegsoppgåver. Raude viser event.

• Som basismedlem får ein sjå tre geocacher per dag på telefonen, men fleire på dataskjermen. Som premium-medlem betalar ein 30 dollar i året og får, mellom anna, tilgang til å finne fleire boksar.

• Alle kan leggje ut ein boks, kravet er at den skal vere vasstett og innehalde ein logg, og ikkje bryte med gjeldande retningslinjer.

• Treng du, så er koordinatane til starten av turen til Rødslandstua N 62° 29.166 E 006° 29.159.
 



15 SISTE
  Aksjeselskap skal kjem...
  Turnforeningen feiret ...
  Vant sin egen semifina...
  Julien-vinner fra Vest...
  Smarte løsninger spare...
  Teige sikrer seg full ...
  Med ansvar for juleste...
  Nytt i Uka frikjent i ...
  – Ålesund kommune har ...
  Frykter «bilbyen» foru...
  Irske superveteraner
  Ingen vet hva som skju...
  Ellevill teatermoro me...
  Livsviktig innsamling ...
  Kiwi-naboer fortviler ...
annonse   
Jul LM 2017/2018
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag