Søkeord:  
Søk
Banner top

– Vår mest miskjende kunstnar

Målaren Olger Tennfjord er tema for den femte boka i serien om kunstnarar i Ålesund og på Sunnmøre.

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Lars Olausen   
(30/08/2017)
Bildetekst: Smil og glede da boka Modernisten om kunstneren Olger Tennfjord ble lansert. Forfatter Johan Kaare Tenfjord står her mellom kunstnerens barnebarn Mona Tennfjord Alnes of kunstneren datter Linda Larssen. Helt ute på flanken står forlegger Harald Grytten. (Foto: Lars Olausen)
 
. . .
 
 
Boka om Olger Tennfjord (1922-2003) er ført i pennen av sambygdingen Johan Kaare Tenfjord. Alle dei fire første bøkene i serien var forfatta av Harald Grytten, men denne gongen meinte Grytten at den mangeåarige journalisten og forfattaren var den rette til å stå for skrivearbeidet, vel kjend som han er ikkje berre med verka til kunstnaren, men òg har vore med mannen sjølv.
– Eg meiner at Olger er den mest miskjente sunnmørskunstnaren i sin generasjon. Han stilte ut heile 14 gonger på Vestlandsutstillinga, og i 1949 slapp han til og med to tresnitt på den årlege utstillinga til Royal Society of British Artists i London. Det er ei særs prestisjefylt utstilling, og ein av dei andre som vart vist fram det året, var faktisk Winston Churchill. No er nok ikkje han mest kjend for kunsten sin, men ein annan på utstillinga det året, var Victor Pasmore, ein av dei fremste britiske kunstnarane på 40- og 50-talet, fortel forfattaren.
 
Kunstnardraumen
Olger hadde reist over til England under krigen for å slåss mot tyskar-ane, men kort etter han slutta seg til flyvåpenet, vart han sjuk av turberkulose og måtte gå gjennom ein større lungeoperasjon. På rekonvalesentheimen fekk han tak i penslar og gav seg til å male for å få tida til å gå. I oppveksten hadde han drøymt om å bli kunstmålar, men kunstnarar var ikkje folk som vart sett opp til i heimbygda hans, tvert om, og heller ikkje hadde han hatt råd til å gå kunst-og handverkskulen. Kunstnardrøymen hadde han derfor lagt på hylla, og i staden hadde han fått seg jobb som snikkar på båtbyggereriet i Brattvåg. Men det var før krigen braut ut, og Olger tok til å kjenne på kallet til å dra over Nordsjøen for å slutte seg til kampen mot okkupasjonsmakta der.
Nokre av oljemaleria til Olger vart viste fram på ei Røde Kors-utstilling, og der dukka det opp ein professor som vart så imponert at han rådde han til å få seg ein kunstutdanning. Olger følgde rådet og søkte og vart teken inn på Camberwell School of Arts and Crafts i London. Der gjekk han ei tid, men fullførte aldri. Trass alt hadde han reist over for å krige mot tyskarane, ikkje for å bli kunstnar, så han kutta ut studiet og fekk seg i staden ein jobb hos Forsvaret i London.
 
Ein modernist på bygda
Medan han var i London, møtte Olger Laura, som han forelska seg i og gifta seg med. Etter krigen valde dei å slå seg ned i Tennfjord. Det vart ikkje enkelt for nokon av dei: Laura hadde aldri vore utanfor storbyen ho var fødd og oppvaksen i, og for Olger var det hardt å livnære seg som kunstnar i den vesle fjordbygda.
– Sjølv om Olger i dei første åra var ein figurativ målar, vart han sett på som ein modernist. Fargepaletten og uttrykket til Olger var annleis enn nordmenn flest var vande med; på den tida skulle ein nemleg helst male fotografisk her i landet, forklarer forfattaren.
 
I mange Tennfjord-heimar
Etter kvart tok Olger Tennfjord òg til å male stadig meir abstrakt. Sjølv om den «uforståelege» kunsten hans ikkje var slik sambygdingane meinte kunst skulle vere, må dei likevel ha synest det var litt stas å ha ein slik kunstnar imellom seg. Mange vart i alle fall etter kvart dei tennfjordingane som hadde både eitt og fleire bilete av han på stoveveggane.
Ei rekkje av bileta vart byta bort – altfor billeg, synest Jon Kaare Tenfjord – mot andre varer og tenester, og mange vart gitt bort som gåver. Økonomien vart det aldri noko stell på, og han sleit med etterverknader etter tuberkulosen, som gav han både angst og tungsinn. Laura sakna storbylivet i London, og i 1972 skilte dei lag; ho gifte seg opp att med ein ålesundar og flytta attende til England, medan Olger vart buande i heimbygda til han gjekk bort i 2003. 
«Olger Tennfjord – Modernisten» vart lansert i Galleri Ludvikgarden i Tenfjord sist fredag. Boka er rikt illustrert med kunstverk i ulike teknikkar. Ulikt dei fire første bøkene i serien om kunstnarar frå Ålesund og resten av Sunnmøre, er ikkje denne boka utgjeven på Nytt i Uka forlag, men på Forlaget Ars Longa.
 



15 SISTE
  Frykter tre-pest skal ...
  Aleris Helse etablerer...
  Medi 3 i tidsnød
  Nytt kapittel i det fø...
  Grenseløs fotballglede
  Vil ikke ha noe med Ål...
  30 filmer på tre dager
  Kai-støy i Solnørvika:...
  Fortviler over dårlig ...
  Ser tilbake på 30 år
  Inviterer til ny futsa...
  – Vår mest miskjende k...
  – Vi har lyst å jobbe
  Etterlyser vitner til ...
  Startskuddet går for M...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag