Søkeord:  
Søk
Banner top

Fann tysk mynt frå vikingtida

Så nøyaktig som år 1000 pluss minus ti år kan mynten som Kurt Inge Sandnes fann på Vigra, daterast til.

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(27/09/2017)
Bildetekst: Den tyske vikingtidsmynten som Kurt Inge Sandnes fann på Vigra, er i nokså god stand. Ei karakteristisk kyrkje eller borg på mynten, gjer at ein kan seie sikkert at den vart prega under den tysk-romerske keisaren Otto III, som regjerte frå 982 til 1002. (Foto: privat)
 
. . .
 
Kurt Inge Sandnes har drive med metallsøking i fleire år og har funne litt av kvart spennande i jorda. Nyleg fann han den eldste mynten han til no har funne på norsk jord:
– Eg er medlem av Norsk metallsøkerforbund, der det er mange som har mykje kunnskap både om gamle myntar og andre gamle gjenstander. Ganske raskt etter eg la ut bilete av mynten på forumet til forbundet, fekk eg vite at det er ein tysk pfennig frå tida då Otto II eller sonen hans, Otto III var tysk-romarsk keisar. Dei regjerte frå 973 til 983 og 996 til 1002, så då kan vi seie ganske sikkert at mynten er frå slutten av 900-talet eller nokre få år inn på 1000-talet, fortel Kurt Inge.
Det er råd å sjå namnet «OTTO» på mynten, men det viktigaste kjenneteiknet for myntane som vart prega under nett denne tyske Otto-herskaren, er ei karakteristisk kyrkje eller borg, fekk han vite.
 
Til museum
Etter norsk lov skal ein levere inn til museum alle myntar ein finn frå før 1650 og alle andre gjenstandar frå før 1537. Otto-mynten er sendt til fylkesarkeologen, og Kurt Inge reknar med at han vert sendt vidare til Bergen museum.
Når det gjeld verdien på mynten, fortel han at Otto III-myntar ofte er til sals for kring 100 euro. Når det gjeld nett den han sjølv fann, er han spent på om den kan vere verd noko meir enn gjennomsnittet.
– Eg finn mange myntar med tilsvarande design som ligg ute på nett, men ikkje nokon som er heilt like. Dei fleste har nemleg berre ein prikk på kyrkja eller borgen, medan min har fem. Det kan tyde på at det er ein meir sjeldan variant, seier han.
Nyleg fann Kurt Inge òg ein heilt annan type mynt i området, ein kvart arabisk dirhem frå litt nyare tid. Dette var ein mynttype som det var vanleg å klippe i to eller fire, som halvingar og kvartingar. Han forklarer at det ofte vart laga hol i desse bitane, slik at ein kunne tre dei på ei snor. 
 
Romarmynt
Den aller eldste mynten Kurt Inge har funne, er ein romersk mynt frå tidsrommet 286 til 293. Den fann han i England, der gamle myntar, særskilt romarmyntar, er lette å finne, fortel han. Sist han var over i lag med ein gjeng frå metallsøkjarmiljøet, fann dei alle sju-åtte myntar kvar. 
I England er det òg heilt andre reglar som gjeld når ein finn gamle myntar eller andre gjenstandar:
– Hovudregelen i England er at ein får behalde alt ein finn, men musea har rett til å kjøpe for marknadspris dersom dei ønskjer det. Stort sett har dei så mange myntar frå før at dei ikkje er interessert, men finn ein til dømes ein gullgjenstand eller noko slikt frå romartida, kan ein rekne med å få inn bod, seier Kurt-Inge Sandnes.

Det ottoniastiske dynasti
Når ein samlar myntar, er det lett for at ein lærer seg litt historie på vegen. Her er litt av bakgrunnen frå då Otto-mynten vart støypt:

Otto II blei krona til konge av Tyskland berre seks år gamal, i 961, og vart altså tysk-romersk keisar i 973. Då han døydde berre ti år seinare, vart sonen Otto III krona til tysk konge berre tre år gamal, men det tysk-romerske riket vart ståande utan keisar og vart kasta ut i ein stor krise. Sidan Otto III var så liten då han vart konge, var det mora Theophonia som regjerte for han fram til år 991. Då overtok farmora, Adelaide av Italia, som regjerte fram til Otto III vart myndig i 994. I 996 vart Otto òg krona til tysk-romerske keisar, ein tittel som hadde stått ledig sidan faren døydde i 983, går det fram av Wikipedia.




15 SISTE
  Skeive skritt mot like...
  Krabber seg oppover i ...
  Med fiskeskinn på hode...
  – Bruk kulturhus-foaje...
  Lover ren forlystelse
  Natalie gjør furore i ...
  Reptilene inntar Ålesu...
  - Vi ble totalt overkj...
  Skal de spise kebab sa...
  Klager på mangelfull n...
  Tre ålesundslag i NM-s...
  Fann tysk mynt frå vik...
  Har bestilt sol til fa...
  Frykter tre-pest skal ...
  Aleris Helse etablerer...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag