Søkeord:  
Søk
Banner top

Stor interesse for å lære sjølvforsvar

Lange ventelister og deltakarar i alle aldrar var resultatet då Iformno og Ålesund Ju Jitsu-klubb arrangerte sjølvforsvarskurs i Borgundhallen denne helga.

Aktuelt
Tekst Silje Steinnes Bjerknes   
Foto Silje Steinnes Bjerknes   
(08/11/2017)
Bildetekst: Instruktør Torbjørn Arntsen rettleiar Kathrine Nydahl og Ellen B. Daleli.
 
. . . 
 
Rundt 40 menn og kvinner i alderen 16 til 69 år følgde nøye med medan instruktøren demonstrerte ulike sjølvforsvarsteknikkar i Borgundhallen denne helga. Lyden av aktivitet og slag mot blå og oransje matter fylte lokalet då deltakarane sjølve fekk sette teori ut i praksis. Interessa for sjølvforsvarskurset har vore stor og det tok ikkje lang tid før påmeldingslista var fullteikna.
– Responsen har vore veldig bra og det har vist oss at dette verkeleg var noko å satse på. Vi gjorde plass til nokre ekstra, men hadde framleis mange på venteliste, seier ein av arrangørane, Helene Sofie Kjersem Hoff i Iformno. Det var dei som i samarbeid med Ålesund Ju Jitsu-klubb stod bak arrangementet. Iformno har ulike fysiske aktivitetar om lag ein gong i månaden og Kjersem Hoff seier det er fleire grunnar til at dei ønska å arrangere eit sjølvforsvarskurs.
– For det første er det god trening og noko litt annleis. I tillegg veit vi at det er mange som kjenner seg utrygge på denne årstida. Det blir tidlegare mørkt og mange vegrar seg for å gå ut. Vi håpar at dette kurset gjer folk meir trygge slik at dei kjem seg ut meir og er i aktivitet, seier ho.
 
Viktigare enn nokon gong
Torbjørn Arntsen frå Ju Jitsu Norge var instruktør for det tre timar lange kurset i Borgundhallen. Han har trena kampsport i ei årrekkje og har blant anna spesialisert seg på undervisning innanfor konfliktdemping og teknikkar for å beskytte seg. Arntsen meiner at det viktigaste med å lære sjølvforsvar ikkje nødvendigvis er å bruke det.
– Det å kunne nokre «knep» kan gi den ekstra tryggleiken som gjer at ein greier å prate seg ut av situasjonen. Gjennom å trene sjølvforsvar kan ein utvikle ein slags intuisjon som gjer at ein blir meir vaktsam på det som skjer rundt ein, seier Arntsen.
Instruktøren vektlegg at det krev regelmessig trening for å bli god i sjølvforsvar. Han meiner likevel at ein kan kome langt med nokre grunnleggande tips.
– Det er ofte eit visst mønster i kva ein overgripar gjer. Difor er det viktig å lære seg enkle teknikkar for korleis ein kan kome seg laus frå grep, verne seg mot slag og kome seg raskt opp igjen dersom ein fell på bakken.
Arntsen meiner at å lære seg sjølvforsvar er viktigare no enn nokon gong.
– Ikkje fordi samfunnet blir farlegare, men fordi det er mykje unødvendig usikkerheit blant folk. Mange går rundt med høge skuldrer og er engstelege for ting dei ikkje burde vere redde for. Med litt erfaring og kunnskap kan ein lettare skilje det farlege frå det ufarlege, seier han.  
 
– Tryggleik kan vere avverjande
Ellen B. Daleli og Pia Rongved Larsen var to av ei som deltok på kurset og opplevde det som både lærerikt og gøy. Dei trur det kan vere fleire fordelar med å lære seg sjølvforsvar.
– For det første er det kjekt å gjere noko nytt. I tillegg er det viktig å vite kva vi kan gjere dersom vi skulle vere uheldige, seier Daleli.
Rongved Larsen er einig.
– Ja, eg synes det er viktig å lære korleis ein kan forsvare seg sjølv dersom noko skulle skje. Eg trur også at det å føle seg trygg og utstråle tryggleik kan virke avverjande i seg sjølv, seier ho.
Arrangør Helene Sofie Kjersem Hoff fortel at dei ønskjer å arrangere fleire slike kurs i tida som kjem. 
– Vi har fått mange positive tilbakemeldingar og fleire kan tenke seg ein oppfølgjar etter jul. Vi vurderer også å arrangere eit sjølvforsvarskurs for neste års russejenter og ein ninjaskule for barn, seier ho. 
 



15 SISTE
  Kiwi-naboer fortviler ...
  Blindheim barneskole p...
  Snart kranseskål for b...
  Sjansen for nedrykk el...
  Grønn bølge til 110 m...
  Rett til himmels – vil...
  Stor interesse for å l...
  Tunnelutbedringer gir ...
  Deler ut 15 000 hjemme...
  Frp og MDG krever Bels...
  – Politikerne er ført ...
  Torneroses kostymer
  I full oppløsning, ned...
  Skeive skritt mot like...
  Krabber seg oppover i ...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag