Søkeord:  
Søk
Banner top

Cox berga Solfrid og gav ho livslysten attende

Ein dag i 2012 hadde Solfrid bestemt seg. Denne gongen skulle ho klare å døy, og ikkje nokon skulle berge ho. Men då redningshunden Cox la den varme kroppen sin inntil den kalde, mesta urørlege kroppen hennar, tok det til å skje noko i ho.

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Privat   
(31/01/2018)
Bildetekst: Solfrid Vestnes i lag med Cox, hunden som berga ho i 2012. 1. februar kjem Solfrid og «far» til Cox, Odd Einar Tysnes, til Gomerhuset på Skodje for å fortelje den sterke historia om denne dagen, om korleis redninga vart eit vendepunkt i livet til Solfrid, og om arbeidet til Norske Redningshunder. Skodje pensjonistlag arrangerer.
 
. . . 
 
I dag har vigringen Solfrid Vestnes funne meining i livet og er sjeleglad for at ho vart funnen og berga. 1. februar kjem ho og «far» til schäferhunden Cox, Odd Einar Tysnes, til Skodje for å fortelje om den dagen Solfrid forsvann og vart funnen, om korleis Solfrid fann livsgleda og om arbeidet til Norske Redningshunder. Dette blir første gong dei to fortel denne historia i lag. Møtet vert arrangert av Skodje pensjonistlag, men er ope for alle interesserte.
Vi går attende til den dagen i 2012 då politiet tilkalla Norske Redningshunder for å få hjelp til å finne Solfrid. Ho låg i fjæra, sløva ned av ein haug ulike medikament, og var klar til å døy.
– Eg hadde slitt lenge med psykiske vanskar. Fleire gonger hadde eg prøvd å ta livet mitt, men eg hadde alltid ønskt å bli funnen og berga. Denne gongen var det annleis, og eg hadde bestemt meg for at denne gongen skulle eg klare å døy, gjenfortel ho.
 
I ei anna verd
Ho fortel at ho vandra, nærast heilt ute av seg sjølv, som i ei anna verd. Noko mål og meining hadde ho ikkje med vandringa, ho gjekk berre og kjente på at ho ikkje hadde nokon plass ho høyrde til. Ho var borte i over eit døger og låg ute heile natta. Så blei ho funnen av politiet.
– Dei tok meg med til legesenteret, og legen konkluderte med at det stod bra til med meg, og at eg kunne reise heim att. Men eg var i ein kaotisk tilstand, eg følte meg trua og høyrde stemmer som sa eg skulle gjere ting ...
 
Redningshunden
Det gjekk ikkje bra. Solfrid forsvann att så fort ho fekk sjansen, og no forstod folk at det kunne vere verkeleg fare på ferde. Det vart ringt til politiet, som ganske snart kontakta Norske Redningshunder for å få assistanse med søket.
Denne gongen gjekk det ikkje meir enn kring fem timar frå Solfrid forsvann til ho blei funnen, men ho var i dårleg forfatning.
– Eg var mesta heilt borte der eg låg, full i medisinar innabords. Det var ikkje mykje eg sansa, men eg hugser så vidt at eg høyrde snuselydar og merka at det var noko som la seg inntil meg ...
Den kjensla av varme og omsorg som Cox gav Solfrid, ber ho framleis med seg. Det var starten på ein heilt ny måte å oppleve livet.

Hjelp frå psykiatrisk
Men endringa kom ikkje med ein gong.
– Eg vart sendt rett til sjukehuset. Det første eg hugsar, er at eg var dyvåt og kald, og eg trur eg var litt bitter for at dei hadde funne meg. Men etter litt tok eg til å tenkje at no hadde eg fått min sjanse til å forandre ting.
Solfrid fekk samtalar hos psykiatrisk poliklinikk, og der, endeleg, var det nokon som forstod ho og nådde fram til ho.
– Eg fekk veldig god hjelp på poliklinikken. Dei skjøna meir av kva det handla om, og gradvis fekk eg eit nytt syn på livet.
 
Å vere for andre
Solfrid forstod at mykje av verdien i livet handlar om å vere der for andre. Ho starta med frivillig arbeid i Mental Helse, og ho selde kakeboksar for å kunne gje ei gåve til Norske Redningshunder. 500 kakebokser blei til 10.000 kroner, som ho gav til organisasjonen som berga ho den siste gangen ho gjekk ut for å bli borte.
Gjennom det frivillige arbeidet i Mental Helse, har ho gradvis blitt meir og meir glad i livet og i seg sjølv.
– Eg trudde aldri eg skulle nå dit eg er i dag. Det kjennest nesten absurd å seie det, men eg har aldri hatt det så bra som eg har det no, avsluttar Solfrid Vestnes optimistisk.
 
 

Givande innsats

 
Odd Einar Tysnes, «far» til Cox, har vore aktiv i Norske Redningshunder i 15 år.
 
Han var berre på leit etter noko aktivt og triveleg han kunne gjere i lag med den nye hunden han hadde fått seg, då han slumpa over Norske Redningshunder. Det han fekk vere med på der, har vore særs givande:
– Det vi gjer, er mykje det same som Røde Kors og andre redningsorganisasjonar, berre at vi gjer det med hundar, forklarar han.
Når nokon er sakna og politiet treng hjelp til søket, vert Norske Redningshunder kontakta. Dei fleste oppdraga handlar om folk som anten er motlause eller demente, seier Odd Einar.
Då han budde i Ålesund, hadde redningshundane kring 30 oppdrag i året, medan i Oslo, dit han flytta til for to-tre år sidan, kan det vere to-tre oppdrag i døgeret. Sjølv er han med så ofte han kan, og det blir fort eit par gonger i veka. 
 
Då Solfrid vart borte
Den dagen Solfrid forsvann og vart funnen av Cox, hugsar han godt:
– Det starta som vanleg med at vi vart kontakta av politiet, og alle som kunne, drog ut til Vigra, der ho hadde forsvunne. Eg og ein til kom først, fleire kom til, og alle vart sendt ut på søk i kvar sine område. Etter litt tok det til å regne fælt, og ein etter ein kom attende utan å ha funne nokon.
Han fortel at politiet bestemte seg for å setje opp eit koordineringssenter på hotellet, og Odd Einar skulle ha ansvaret for å leie dei frivillige frå Norske Redningshunder. Då han fekk inn alle GPS-loggane frå dei som hadde vore ute, såg han at det var eit interessant område nede ved sjøen der det ikkje hadde vore nokon.
– Medan dei andre fekk varma seg litt, gjekk eg og Cox ned mot eit naust. Vi fann ikkje nokon ved naustet, men like etter markerte Cox at han hadde gjort eit funn litt bortanfor, nede ved sjøen.
 
Eit brev
Solfrid vart sendt rett til sjukehus med sjukebil, og Odd Einar fekk prata litt med dei pårørande, som var takknemlege for at Solfrid var funnen. Slik det oftast er i slike saker, høyrde han ikkje noko meir frå Solfrid. Ikkje før det hadde gått eit halvt år:
– Eg fekk eit handskrive brev i posten. Det var signert «jente 28 år», og det var frå Solfrid, som takka for det eg hadde gjort. I den tilstanden Solfrid var då vi fann ho, fattar eg ikkje at ho fekk med seg noko som helst, men ho skreiv at ho hadde registrert den varme kroppen og kjend omsorgen hans. Det hadde gjorde sterkt inntrykk på ho, fortel han.
 
Motiverande historie
Så vart det stille frå Solfrid att. Heilt fram til han fekk ei Messenger-melding frå ho i fjor vår. Ho hadde følgd han litt på Facebook, og visste at han av og til var heime i Ålesund, og no lurte ho på om ho kunne få lov til å treffe Cox. Det fekk ho sjølvsagt, og i sommar møttest dei alle tre på Vigra.
– Solfrid fortalde at det som hadde skjedd i 2012, hadde ført til ei drastisk endring til det betre i livet hennar. Å få høyre det, var utruleg motiverande, seier Odd Einar Tysnes.
Cox er i dag «pensjonist» etter å ha vore aktiv redningshund heilt til han var 12 år. Men Odd Einar har ein ny hund på eitt og eit halv år under opplæring – og sambuaren har godkjend redningshund, ho òg!
 
 
 
 



15 SISTE
  -Kjærligheten skal sei...
  – Brosundtunellen må k...
  Frp vil ha eget mobbeo...
  Jugendfest med lokale ...
  Kolvikbakken foreslått...
  Å vinne er ikke det vi...
  Musikk eller fotball? ...
  Plastrydding med Miljø...
  Karakterboka - vårseso...
  Burde tenkt tøffere me...
  En tre-generasjoners t...
  Satser på julebad 2020
  – La private få bygge ...
  Jernet strømmer inn ti...
  Klar for favorittfesti...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag