Søkeord:  
Søk
Banner top

Ein nordvest med ønske om å røske opp litt

– Nordvesten gir vekslande skydekke, og vi må sjå på både trugslar og mulegheiter, skal vi skape framtida. Akkurat slik vi gjer med programmet til «The North West».

Kultur
(07/03/2018)
Bildetekst: Maria Carmona er dagleg leiar av «The North West». Programmet til denne første framtidsverkstaden er klar.
 
. . .
 
Framtidsverkstaden «The North West» er straks ferdig innreidd og dagleg leiar i «The North West», Maria Carmona, og styreleiar Knut Flakk gler seg over eit program som kombinerer dei store tankane og dei praktiske grepa. 
– «The North West» kan bli noko som både seier «Sjå til Sunnmøre» og «Sjå framover, Sunnmøre». Saman skal vi skape framtidas region, ser dei føre seg.
Både internasjonale, nasjonale og lokale føredragshaldarar i ein tettpakka konferansefestival skal fylle fleire hus over fleire dagar, i tida 18.-21. april. Og kvar dag blir det program både på dag- og kveldstid slik at flest muleg skal få med smakebitar av programmet.
 
Store vyar og praktiske råd
Det er allereie letta på sløret for det som skal skje først: Då er det møte med Richard Florida, mannen som er verdsleiande på regionutvikling. 
– Det blir svært spennande å høyre kva han har å seie om Region Ålesund og Nordvestlandet. Og så blir dette foredraget utdjupa med andre som tek føre seg dei ulike innfallsvinklane hans. 
Denne kvelden blir det lagt opp til høg temperatur med stand-up-aktige Pecha Kucha-presentasjonar der urbanist og utfordrar Erling Fossen legg fram sine motførestellingar.
Torsdag er det tema som smarte kommunar og smart mobilitet som står på programmet. Cowi presenterer ein rapport som har analysert kommunikasjonen i og rundt Ålesund. Kva mulegheiter finst det her? Og Ruter-direktør Endre Angelvik tek opp spørsmålet om korleis digitalisering vil endre persontransporten i framtida.  Elevar frå dei vidaregåande skulane Fagerlia og Ålesund følgjer opp med  InnovasjonsCamp om korleis dei vil frakte folk i framtida. Det blir også foredragsrekke om kva som skjer når oljealderen tek slutt. Her deltek mellom anna folk frå NHO, Norsk Olje og Gass og frå Norges vassdrags- og energidirektorat.
Fredag går ein vidare med kultur, næring og smarte byar. Næringslivet blir oppmoda om å kaste seg inn i debatten om kva verdi kulturen har for samfunnet – og for næringslivet.  Då vert det også foredrag med tema som «Menneske i digital tidsalder», debatt og ein får høyre meir frå byar som har teke grep slik som Trondheim der Kulturrådet har opna nytt kontor med ansvar for å stimulere kulturelle og kreative næringar. 
Parallelt med foredraga om smarte byar blir det foredrag om sirkulærøkonomi, delingsøkonomi og berekraft. 
 
Smakebit av framtida
Dagleg leiar i «The North West», Maria Carmona, og styreleiar Knut Flakk håper «The North West» kan bli som nordvesten som røskar litt opp og skaper skiftande skydekke. 
– Nordvesten ber med seg både mørke skyar og strålande sol, og skal vi sjå inn i framtida må vi sjå både på truslane og mulegheitene. Det gjer vi med programmet som vi presenterer no.




15 SISTE
  Frykter kollaps i krep...
  Hærverket på anleggsma...
  Sulafotograf fulgte hj...
  Kantor Ola Eide takker...
  Politikerne vil ha Bor...
  Trialjenter i vinden
  Humør fortalt med øyne...
  Helt på bærtur
  – Må tenke fem til ti ...
  Det nye bymisjonssente...
  Vil pusse opp gjengrod...
  Det blir bra – hold ut
  – Krigshistorien må få...
  Lacrosse inntar Ålesun...
  Rundskue må ryddes
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag