Søkeord:  
Søk
Banner top

Gler seg over dagen i dag og til framtida

Nyleg runda besøksgarden Blakstad Gard 2.000 Facebook-tilhengjarar. Det var enda ein positiv milepæl i utviklinga av det som no er familielivsverket til Berit og Karl Ekornes.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(11/04/2018)
Bilstekst: Ekteparet Berit og Karl Ekornes har slått seg til ro på Blakstad Gard, saman med yngste dottera Bettina og 160 dyr. Dyre- og naturopplevingane er mange, også historiske, som vikinggrava på haugen, på bildet nedst til venstre. Etter kvart vil løa stå klar med ein liten kafé, gardsbutikk, selskapslokale, storkjøkken og ei utstilling.  
 
. . .
 
–  Å få kjøpe denne garden var nærast som å vinne i Lotto, gliser ekteparet og den yngste dottera, Bettina, hjarteleg.
– Det har vel vore noko meir arbeid med garden enn ein rein lotterigevinst?
– Jau, det har det vore, medgir dei. Likevel får ein inntrykk av at dei lett hadde gjort det same ein gong til – om ikkje endå fleire gonger. Sjølv om dei ikkje har hatt éin dag fri sidan dei kom seg til gards, fortel dei om frie dagar der dei i stor grad kan gjere som dei vil, etter at dyra er mata og gitt vatn. 
– Det er eigentleg litt fridagar å vere her. Klart her er arbeid, men det er triveleg, understrekar Berit og Karl Ekornes.
Hausten 2016 starta dei med besøksgard, eit tilbod dei utvikla etter kvart som dei heldt på. 
 
Tilbake til røtene 
Det var ikkje gitt at det skulle bli garden rett ved der Karl vaks opp. Ekteparet var på utkik i mange år etter høvelege gardar på Sunnmøre. For tre år sidan kunne dei flytte inn på Blakstad, to år etter at dei fekk tilslag. 
Karl vaks opp rett ved garden, på Blakstadneset, og i 25 år køyrde han forbi gardstunet for å besøke foreldra sine, med eit inderleg ønskje om ein dag å få ta over, trass stadig meir til nedfalls gardsbruket stod. Her var til dømes aldri traktordrift på garden, men hest. 
Karl gav seg som nestleiar, CEO, i Skeidar. Han er van med å arbeide,  men kanskje ikkje så mykje med fysisk arbeid dei siste åra?
– Vi har tileigna oss mykje, men kompetanse har aldri vore lettare tilgjengeleg enn no. Vi har nytta breibandet aktivt, smiler dei.
 
Arbeid, arbeid og atter arbeid 
Sidan 2015 har tida gått til restaurering, tilstelling, rydding av skog, etablering av dyrehald – no har dei kome opp i 160 dyr fordelt på 13 forskjellige raser. Val av dyreartar har vore dei som naturleg tilhøyrde garden, men etter kvart er det tankar om andre sortar også, som alpakka. 
– Attgroinga var komen langt, fortel Karl frå då dei tok over. Tida sidan den gong har mellom anna også gått med til å gjerde inn to mål og enda er han ikkje heilt ferdig.
Sjølv om garden er på 320 mål er det ikkje nok med omsyn til fôrtilgangen til dyra. 
 
Tidkrevjande og omfattande prosessar
– Vi har fått til det vi har hatt oss føre å få gjort, vi har ikkje stoppa på noko, seier dei, og legg til at nokre oppgåver har tatt lenger tid enn antatt. Dei har oppdaga at det finst reglar i ”alle himmelretningar” og naudsynte tillatingar inneber gjerne ei papirmølle.
– Prosessar tar tid og ein søknad skal innom ein del instansar. Vi har møtt berre positivitet så vel i Sykkylven kommune som hjå Innovasjon Norge, gjenfortel dei.
Likevel, når det er ein livsstil, og planane er mange, har dei hatt andre oppgåver å ta tak i i ventetida. Mange papir skal fyllast ut korrekt, og med ei brennande entusiasme har dei halde fram å arbeide med utviklinga. Variasjonen er noko dei trivst godt med. 
– Vi har ikkje hatt direkte overraskingar. Arbeidet har vore veldig varierande og ikkje minst så har responsen vore veldig positiv, omtalar Berit og Karl. Om det ikkje var for oppslutnaden, hadde dei ikkje ”dradd det så langt”.
– De er ikkje redde for at det skal snu?
– Nei, vi tenkjer heller at kapasiteten kan bli sprengt, i alle fall når det gjeld parkeringstilhøva. Målsetjinga er her, og vi har ein plan med heilheita. Derfor er det ønskjeleg å få på plass alle elementa fort, fortel dei.
 
Årets planar 
Til komande sesong skal det vere klart med eigen atkomst via sjøvegen. Opp til ti båtar skal kunne ligge forankra samstundes. Den store løa på garden skal også stå klar i løpet av forsommaren. I nedste delen blir det ei avdeling med utstilling, samt eit nytt storkjøkken og konferanselokale. 
Summen av alle tilboda på Blakstad Gard skal utgjere levebrødet til familien etter kvart. Hittil har det vore ei durabeleg investering, anslagsvis 13-14 millionar kroner – beløpet dei fekk selt huset sitt på Skodje for, der dei kom flyttande frå for tre år sidan.  
Til neste år ser dei for seg å drive garden meir enn å ruste den, for å tilby både kurs og aktivitetar til gards. Hjå Blakstad Gard, altså.
– Kva som blir den største inntektskjelda, er usikkert, tenkjer ekteparet høgt.
 
Skal vere for dyra 
I august ser dei for seg å opne for fullt og få presentert det dei ønskjer. Til no har dei vore opne for dei henvendingane som har kome. I løpet av sommaren skal løa vere ferdig, med utvendig bordkledning, tett skifertak, gjesterom, kjøkken, og tunet skal vere tilstelt og sådd.
 Profilen skal vere dyra, naturen og det gamle tunet. Her skal ikkje vere ein leikeplass. Kontakta med dyra er det som gjeld. Atmosfæren skal vere roleg. Til no erfarer dei at mange nyttar seg av å kjøpe årskort, og vertskapen ser at mange familiar kjem att kvar søndag.
– Dei nyttar det til opplæring til ungane, har ekteparet Ekornes inntrykk av. Fleire born har lært seg namna på dyra.
 Til no kan ein oppleve nærleik til sauer, geiter, hestar, grisar, ender, kalkunar, gjess, påfugl, katt, hundar, marsvin, kaninar og høns. Etter kvart blir her kyr, lama og esel.
– Det er ikkje noko vi ikkje kunne hatt, men vi treng meir beite. I tillegg skal vi ikkje bli nokon dyrehage, understrekar paret. Her skal vere ei interessant oppleving. Dyra er utegangarar og frie. 
 
Ikkje kortreist, men ikkje-reist
Garden skal vere sjølvdriven. Det er ikkje ein gong snakk om kortreist mat, men den skal vere ikkje-reist mat. Etter retur av slakt, skal kjøtet bearbeidast på garden. 
– Korleis er det å slakte dyra som ein har hatt på garden heile tida?
– Vi slaktar dei vi ikkje har gitt namn, vedgår dei. Likevel er slakt ein del av det å drive gard og etter kvart vil besøkande kunne lære meir om heile gardslivet, på Blakstad Gard.
 
 
 
 
 



15 SISTE
  – La private få bygge ...
  Jernet strømmer inn ti...
  Klar for favorittfesti...
  Dette er tilbudet eldr...
  Blir Pape (19) AaFKs n...
  - Arbeidet for «Plastf...
  Rock i havgapet
  Sommer i nordvest
  Frykter for sjøsikkerh...
  – Vi blir motarbeidet ...
  Nå blir det regnbuefes...
  Skal forske på gammel ...
  Trives best på to hjul
  Turstien som slutter i...
  30-årsjubilant gjenopp...
annonse   
God Sommer 2018
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag