Søkeord:  
Søk
Banner top

Sunnmøring i trappegang

Sjølve Sunnmøringen er stilt ut på Sunnmøre Museum. Utstillinga heng og delvis står opp gjennom etasjane i ein trappegang. Eit kronestykke er limt fast i eit trappetrinn.

Kultur
Tekst Helge Gloppen   
Foto Helge Gloppen   
(16/05/2018)
Bildetekst: Utstillinga om Sunnmøringen kombinerer teikningar av Roar Hagen med utvalde sitat av kjende sunnmøringar, pluss nokre typiske gjenstandar. – Vi har gjort ein ny vri på formidlinga og kombinert humor med litt snert, fortel Siw Solvang.
 
. . .
 
Utstillinga er ikkje plassert tilfeldig, fortel kreativ leiar på museet, Siw Solvang. Trappa fører nemleg opp til alle dei faste utstillingane, for den som også vil ha med seg meir av alt museet har å by på.
 
Teikningar og sitat
På sjøen var Sunnmøringen kjend for åttringen, bankskøyta og trålar-ane, og over heile verda for X-Bow som er det store i dag.
Alt kjem fram på teikningane av ørstingen Roar Hagen, som museet har hyrt inn spesielt. Han har sjølvsagt fått med rikdomen som all den sunnmørske aktiviteten har ført med seg, representert med ein formidabel fritidsbåt med kommentaren “Vi tar lunsjen på Sæbø”.
– Sikkert frå Herøy, disse der, kommenterer Siw Solvang.
 
Humor og snert
Ho fortel at museet har valt å presentere Sunnmøringen som stereotyp. Han har sine spesielle sider, slik tilfellet også er for nordlendingar og andre grupper.
– I tillegg ville vi ha med humor og litt snert. Vi har hatt det utruleg moro under prosessen med å lage til denne utstillinga. Sjølvsagt kunne vi ikkje gå så langt at nokon vart støytt og det har vi klart, ikkje minst gjennom sitata som Kjetil Tandstad har hjelpt til med å samle.
Sitata og teikningane utfyller kvarandre, der dei heng på vegg-ane opp gjennom trappa. Fyndord og morosame utsegner frå mange kjende sunnmøringar er med, inkludert Ivar Aasen, pluss sjølvsagt Agnar Mykle.
– Nokre sunnmørsuttrykk er så spesielle at vi har hatt vanskar med å få det omsett til engelsk, men med god hjelp har vi fått til det òg, fortel Siw Solvang.
 
Små detaljar
Teikningane er eit kapittel for seg. Dei er morosame og informative, i tillegg fulle av små detaljar som ein må bruke litt tid for å oppdage.
Målet er å vise kven Sunnmøringen er. Målgruppa er alt frå skuleelevar og innbarka sunnmøringar, til cruiseturistar og andre tilreisande.
– Nokre amerikanske turistar tok seg god tid, las tekstane og kommenterte ivrig det dei såg. Sjølve opninga var svært vellukka, med nesten meir folk enn vi hadde plass til. Vi har laga ei utstilling med ein litt annan vri på formidlinga.
Øvst oppe tronar Jens Petter Ekornes på veggen. Sunnmøringen som aldri kvilde, men som laga kvilestolen som vart verdskjend. Fabrikken har sponsa utstillinga med ein Stressless, som alle kan få prøvesitje.
 
Dei doble fornamna
Typisk for Sunnmøre er dei doble fornamna, som er sett saman heilt bakvendt i forhold til andre stader, og gjerne med det lengste først. Arvid Lars, Arne Per og så vidare i den retning.
– Vi inviterer alle som har slike namn om å skrive dei på ein lapp som dei puttar i ein kasse vi har sett opp. Vi har alt fått inn fleire eksempel som Guri Petra, Kåre Odd, Jonny Edvin og Ingebjørg Møyfrid. På slutten av året skal vi kåre det beste dobbeltfornamnet, fortel Siw Solvang.
Kronestykket som er festa på eit trappetrinn skal illustrere eit anna særtrekk med Sunnmøringen, nemleg irritasjonen over pengar som dei ikkje fekk med seg. Det er mange som alt har prøvd å plukke opp mynten.
 



15 SISTE
  – Å vinne vil bety mye...
  Gammel veteran klar fo...
  Tine bytter gass med f...
  20 Kjappe - Torbjørn A...
  Skarbøvikinger vil ha ...
  Sunnmøring i trappegan...
  Århundrets første
  Mange musikalske balle...
  En ekte smaks opplevel...
  Hareid-Sulesund først ...
  – Gjør det! Og det gjo...
  Brudeeggferden på vei ...
  Atlanterhavsparken jub...
  Klargjøring av årets p...
  Samler Sunnmøre med ko...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag