Søkeord:  
Søk
Banner top 11.12.19

20 Kjappe - Torbjørn Agdestein

Kven: Torbjørn Agdestein, 26 år, frå Stord
Kva: Fotballspelar for Aalesund Fotballklubb
Familie: Sambuar her i Ålesund. Ein storebror som bur på Stord. Ei litlesøster som bur i Trondheim og to lykkeleg gifte foreldre som også bur på Stord.
Kvar: Ålesund/Color Line Stadion
Aktuell som: Ny spiss for Aalesunds Fotballklubb, som skal bidra med opprykk for klubben

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Privat   
(23/05/2018)
Kva er du mest oppteken av no?  
Akkurat no er eg mest oppteken av å finne roen og trivselen i den nye leilegheita vår her i Ålesund. Trivsel er svært viktig, både for meg og sambuaren min. Det er noko som gjer at eg kan bidra best mogleg med å levere varene for AaFK.

Kva er den beste oppfinninga gjennom tidene? 
Musikk er den klart beste oppfinninga gjennom tidene. Utan musikk hadde livet vore keisamt. Skal eg velje éin ting, blir det vel hjulet då.

Har du ein hobby?
Eg har fleire hobbyar. Eg har brukt ein del tid dei siste åra bak trommesettet. Eg elskar musikk og å spele med til songar eg likar godt og som gir meg mykje glede. Eg har óg brukt mykje tid på golf. Men det har blitt mindre etter at eg flytta til Norge igjen. Eg er også veldig glad i naturen, og spesielt fjellturar. Eg prøver å kome meg ut så ofte som råd. Og slik sett er Ålesund ein fantastisk plass å bu.

Kva er den største kulturelle opplevinga di? 
Det må nok vere ein av dei mange Metallica-konsertane eg har vore på. Den første då eg var 15 år, er kanskje det kulaste eg har opplevd. Elles var det også stort å gå vidare i UKM (Ungdomens kulturmønstring) med ungdomsbandet mitt då eg gjekk på skule.

Kva bok ligg på nattbordet? 
Der ligg det ingen bøker. Eg er ikkje så flink til å lese bøker. Det meste eg har lest er av biografar til store fotballpersonlegdomar. 

Favorittmusikk?  
Som du kanskje har lest allereie: Metallica. Eg diggar dei og deira musikksjanger som er trash metal.

Kva ser du på TV? 
Eg ser også lite på TV, men er glad i TV-seriar. Game Of  Thrones er nok den beste serien eg har sett.

Kva slags app ville du ikkje klart deg utan? 
Snapchat blir jo litt brukt. Elles er det noko så keisamt som mail-appen som blir brukt mykje.

Erna eller Jonas? 
Politikk? Nei, spør nokon andre.

Bør Norge ta imot fleire flyktningar? 
Gjerne for min del. Så lenge dei ynskjer å bidra til å betre samfunnet vårt.

Moa eller bysentrum? 
Så flott som Ålesund by er, må eg nok svare bysentrum.

Kva er ditt forhold til Facebook og sosiale medie? 
Eg har eit sunt og avslappa forhold til sosiale medie. Eg er inne og ser av og til, men brukar det sjeldan til meir enn kommunikasjon i dei forskjellige gruppene eg er ein del av.

Kva gjer du om ti år? 
Då er eg politi, har starta ein familie, bygd draumehuset, er trommis i eit garage-band og kanskje trenar til eit barne-fotballag.

Kva ville du ha gjort om du fekk ti millionar kroner? 
Betalt ned gjeld og så hadde eg vel kost meg med litt av dei og lagt av ein del til framtida.

Favorittreisemål? 
Brighton. Min tidlegare klubb og by er ei fantastisk perle på sørkysten av England, spesielt på sommaren.

Kva likar du å ete?  
Eg er særs lite kresen, men ein god biff slår aldri feil. Og så klart pinnekjøtt på julaftan.

Kva kunne du tenkt å lære? 
Fleire instrument. Piano i hovudsak. Eg kunne også ha tenkt meg å lære eit nytt språk, noko eksotisk som mandarin eller spansk.

Kva er det mest unødvendige du eig? 
Det blir fort Louis Vuitton toalettveska og lommeboka mi. Dette er eit resultat av eit svakt augeblikk då eg budde i England.

Kva forhold har du til kommunesamanslåinga? 
Ingen.

Kva er meininga med livet? 
Livet er ein konkurranse der målet er å bli så gamal som mogleg.




15 SISTE
  11. desember 2019
  4. desember 2019
  27. november 2019
  20. november 2019
  13. november 2019
  6. november 2019
  30. oktober 2019
  23. oktober 2019
  16. oktober 2019
  9. oktober 2019
  2. oktober 2019
  25. september 2019
  18. september 2019
  11. september 2019
  4. september 2019
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag