Søkeord:  
Søk
Banner top

Rock i havgapet

– Den finaste festivalopplevinga du kan få. Det lover Havgap-festivalsjefen. I alle fall om vêret blir bra!

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
(27/06/2018)
Bildetekst: Stemningsbilete frå Havgaprock 2017. (Pressefoto)
 
. . .
 
 
– Vi er ganske så nøgde med line-upen vår i år!
Festivalsjef og Havgaprock-grunnleggjar Preben Lorgen kan med god grunn gje seg sjølv og resten av dugnadsgjengen ein solid klapp på skuldrane. På toppen av fire solide sunnmørsnamn, skiltar Havgaprock 2018 med Circus Maximus og Peer Gynt på plakaten.
– Circus Maximus er det beste progrockbandet i Noreg! Det er ganske utruleg å sjå turnélista deira; etter å ha spelt i byer som Roma, Barcelona og Atlanta, og på årets Swedenrock – som hadde 33.000 selde billettar – kjem dei til oss! Eg har sett dei sjølv i Trondheim, og kan ikkje seie anna enn at dette er noko alle som er glad i musikk, uansett sjanger! bør få med seg. Dei er så vanvittig bra!
Når det gjeld Peer Gynt, fortel Preben at Per Taraldsen, alias Peer Gynt, er ein av Noregs aller fremste bluesrockgitaristar.
– Peer Gynt er nok meir kjent utanfor Noreg enn her heime. Faktisk er han den einaste norske gitaristen som er sponsa av og blir brukt til promotering av det verdskjende gitarmerket Fender!
 
«Verdas finaste plass»
Det var for to år sidan Preben Lorgen fekk med seg ein kameratgjeng på ideen om å lage rockefestival på «verdas finaste plass», Haramsøya og Flemsøya/Skuløya, og på det viset gi noko attende til det lokalmiljøet som dei er så glade i. Den første Havgaprock blei skipa til sommaren 2016 på Sandvika på Flem, den aller flottaste staden på dei to øyane, skal vi tru arrangørane. 350 menneske dukka opp og hadde ein fortreffeleg kveld.
Sjølv om både arrangørane, musikarane og festivalgjestane var stornøgde med Havgaprock-debuten i Sandvika, kom ein fram til at det ikkje var den mest praktiske staden å skipe til festival. Havgaprock 2017 vart difor flytta til Ulla på Haramsøya, og dette vert truleg fast festivalplass i åra som kjem.
 
Vil vokse langsamt
I fjor var det 550 som løyste billett til Havgaprock, og i år håper Preben Lorgen på endå litt fleire – men ikkje for mange, heller:
– Vi har litt utfordringar med logistikk og transport ute på øyane, så vi ønskjer å vekse sakte, men sikkert, medan vi utviklar transportløysingane, forklarer han.
 
Rock med krydder
Eit høgdepunkt for mange i år, blir nok gjenforeininga av Harams eigne hardrockheltar i Chivas. Etter tre års pause har dei denne våren samla seg til øvingar berre for å halde ein «one night only»-konsert på Havgaprock!
Dei tre andre sunnmørsartistane som skal opptre på årets Havgap-rock er dei leikne pop-rockarane i ørstabandet Pikekysz, det Hareid-baserte indiepopbandet Skóg og den unge, ålesundske rapparen Isak Shorty, som vann Musikkprisen 2018.
– Vi skal først og fremst vere ein rockefestival, men krydrar med litt andre sjangrar òg, seier Preben Lorgen.
Praktisk informasjon om overnatting, transport og slikt, finn ein på heimesida til Havgaprock.
 



15 SISTE
  – La private få bygge ...
  Jernet strømmer inn ti...
  Klar for favorittfesti...
  Dette er tilbudet eldr...
  Blir Pape (19) AaFKs n...
  - Arbeidet for «Plastf...
  Rock i havgapet
  Sommer i nordvest
  Frykter for sjøsikkerh...
  – Vi blir motarbeidet ...
  Nå blir det regnbuefes...
  Skal forske på gammel ...
  Trives best på to hjul
  Turstien som slutter i...
  30-årsjubilant gjenopp...
annonse   
God Sommer 2018
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag