Søkeord:  
Søk
Banner top

Gjer Skodje endå meir attraktiv

Dersom dei tre grunneigarane endeleg skulle få innfridd ønsket om å selje landområdet på Indreskodje, er ein 25 år lang prosess ferdig.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(06/11/2018)
Bildetekst: Tre grunneigarar på Indreskodje, frå venstre, Svein Egil Tysnes, Øystein Strømsvik og Anton Molnes, ønskjer å selje ut området dei eig, i eitt samla areal til utbyggar Mørehus. Her ser dei for seg gunstige, mindre einebustader til nyetablerte, som vil vere med å gjere Skodje til ein enda meir attraktiv stad å bu. 

. . .
 
 
Dei er einige, dei tre grunneigarane Øystein Strømsvik, Rigmor og Svein Egil Tysnes og Anton Molnes. Å få selje området til Mørehus, som igjen ønskjer å bygge førstegangsbustader til nyetablerte innbyggjarar, er håpet. Med overkommelege prisar frå 2,5 millionar kroner, kan dette bli eit svært attraktivt område, som også appellerer til alle aldersklassar. Men motstanden til å få bruke arealet, som er regulert til jordbruksføremål, har vore der sidan 1993. Området har tidlegare blitt frigitt til bustadføremål.
– Det var første skuffelsen, gjenfortel dei tre grunneigarane. Det neste kom i 2007. I 2014 blei ei skisse klargjort, som rettar seg meir direkte mot unge familiar som ønskjer einebustader, samt nokre småblokker som kan byggast i eit neste trinn. Det er rundt 45 mål som er dyrka og her kan ein få plass til 60-80 boeiningar, slik det er tenkt. 
 
Kan flytte matjorda
At området blir brukt til landbruk i dag, er nærast å overdrive. Myrstadgarden har ikkje vore brukt av bøndene på over 20 år.
Slåtten er forpakta bort, slik den har vore i deira tid. Øystein Strømsvik kan hugse å ha hjelpt til med å hesje som smågut og ungdom. På eine området er der også ein uproduktiv skogsteig. Bøndene er ikkje imot planane, presiserer grunneigarane. Matjorda kan nyttast andre stader. Apalvik blir nemnd som eit døme. 
– Der har det blitt eit nydyrka areal på ca 100 mål, og med yttarlegare utvidingar, nemner dei tre.
Området ligg eigentleg inneklemt mellom andre einebustader på «alle kantar», i tillegg til at fylkesvegen avskjerer landområdet på toppen og sjøen i botnen. Her nede ligg kommunen sitt reinseanlegg allereie. I søknaden til kommunen tilbyr dei også eit flott bade- og rekreasjonsområde ved sjøkanten. 
 
For framtida
– Skodje er jo kommunen med mest innflytting. Her er kort avstand til Moa, berre 15 minutt i bil, reklamerer dei tre for. Den stadige utvidinga og utbygginga i Digerneset Næringspark fører også til behov for arbeidskraft. Det å tiltrekke seg unge og nyetablerte familiar er ei gruppe som er svært viktige å ta vare på for å skape ei positiv utvikling i sentrum, påpeikar dei tre. I innspel til ny kommuneplan poengterer dei det samfunnsøkonomiske perspektivet  med positiv vekst og utvikling. 
– Misser ein veksten så misser ein også ein del av attraktiviteten, argumenterer Anton Molnes, Øystein Strømsvik og Rigmor og Svein Egil Tysnes.
– Om planane skulle gå gjennom og bli godkjende denne gongen, kan dei tre grunneigarane på Indreskodje virkeleg starte marknadsføringa av «Indrefileten av Skodje», slik dei beskriv området. 
 
 
 

– Kraftig motsegn i fylket 

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord (H), var mellom lokalpolitikarane som stilte seg positiv til å omregulere tomteområdet til bustadføremål då arealplanen skulle regulerast.
– Det var eit knapt fleirtal i kommunestyret som var positiv, men planane møtte kraftig motsegn hos fylkesmannen, i forhold til landbruket, viser Tennfjord til. Jordvernet veg tyngre enn nyutbygging.
I kommunen fins det allereie område som er bygningsklare, eller under oppføring. 
– Her er ei ganske heftig utbygging, og Skodje blir veldig attraktiv også i nye Ålesund kommune, ser Tennfjord. Han spår også at etterspurnaden etter tomter og bustader vil vedvare:
– Med sentrumsnære utbyggingar vil det vere bra for lokalmiljøet, og vere gunstig i forhold til å skape liv og aktivitet. Etterspurnaden etter tenester i sentrum vil halde seg oppe.
Sjølv om der er fleire område som er muleg å kjøpe seg bustad, både på Valle, Kallarhaugen og Nilsgarden, håper Tennfjord at Indreskodje også vil kunne bli eit attraktivt bustadområde.
Dagens Skodje-ordførar er framleis positiv til å få arealet gjort om og for å berolige grunneigarane uttrykkjer han klart:
– Eg har ikkje skifta meining.
 
 
 

Kjem vanligvis inn på eit seinare tidspunkt 

Dagleg leiar i Mørehus, Jan-Magnus Knudsen, fortel at bustadutbyggaren vanlegvis kjem inn seinare i prosessen enn det som har vore tilfelle på Indreskodje. 
– Vi fekk ei henvending frå grunneigarane som ønskjer å gjere om arealet til bustadføremål, gjenfortel Knudsen. Området beskriv han som «utruleg flott», med mange positive kvalitetar, både den sentrumsnære beliggenheita, det solrike området og nærleiken til sjøen.
– Det er satt opp forslag til rekreasjonsområde i sjøkanten, så det er veldig flotte planar, omtalar Knudsen. 
Med fleire parallelle bustadprosjekt i Skodje ser Mørehus at det er ein ettertrakta stad å bu. 
–  Nilsgarden blei selt ut mykje kjappare enn vi føresåg. Vi hadde forventa dobbel så lang omsetjingstid, fortel dagleg leiar i Mørehus. Ettersom dette distriktet er spådd enda meir vekst dei neste åra, vil det truleg vere stort behov for å skaffe fleire bustader.
– Vi får tilbakemeldingar på at dette er eit område folk vil bo på, fortel Jan-Magnus Knudsen.
 



15 SISTE
  Med livet til låns i e...
  Eit heilt nytt og akti...
  S-M-XL slår jul igjen
  Klager på lukt fra Bin...
  Gjer Skodje endå meir ...
  Fra drøm til virkeligh...
  – En groovy affære
  Hvilket av ordførerkje...
  Sytalaust med dekkhote...
  Åpner opp kirkekjeller...
  Larsgården skolekorps ...
  – Som å miste en bror
  Minneord: Joachim Holm...
  Kondolanseprotokoll ho...
  Full drosjekrig etter ...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag