Søkeord:  
Søk
Banner top

Med livet til låns i ein kropp full av kreft

Han er ein røsleg kar, Harald Michael Kimsås. Han er høg, kvit i håret så vel som i skjegget, fast i handtrykket og rak i ryggen. Smilet, latteren og sjølvironien dukkar raskt fram i samtalen, sjølv om temaet er blytungt og alvorleg.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(13/11/2018)
Bildetekst: Ein kan ikkje sjå eller merke på humøret til Harald Michael Kimsås at kroppen er full av kreft. Han er ærleg og open om diagnosen, men som han sjølv seier, så kan han ikkje gå rundt å rope det høgt. Istadenfor ønskjer han heller å fokusere på kvardagsgledene, som å ha gode kollegaer, kommuneleiing, naboar og kone.
 
. . .
 
 
Det er dødsens alvor – utan å tulle. Men likevel legg Harald mykje i å leve no, og med det evne å ikkje la seg tynge unødig. Harald ser frisk ut. Tilsynelatande.
Vi er atter ein gong i november månad, eller movember, for dei som held fokus på å forbetre livskvaliteten for menn med prostata- og testikkelkreft. 
– Kva betyr movember for deg?
Stemma er like klar og stram som både ryggen og blikket:
– Den betyr kreft og elendigheit.
Han gir seg eitt sekunds pause før han legg til:
– Eg skulle jo gjerne ha vinkla det positivt …
 
Ære til fastlegen
Kjøkkensjefen på Giske omsorgssenter har fått påvist leddgikt og høgt blodtrykk og har dermed vore jamleg til kontrollar hos lege for å måle lever- og nyrefunksjonar. For fire år sidan var han tilbake hos fastlegen sin for ein slik kontroll. Samtalen dreia seg inn på prostataen, ettersom det også i familien hans er mykje historikk med kreft.
– Eg var vel såpass cocky at eg sa at det var noko berre gamlingar har. Eg var jo berre 55 år, gjenfortel Harald. Sjølv i etterpåklokskapens lys kan han ikkje tenkje eller ta igjen eitt einaste symptom på at han skulle vere råka av prostatakreft. 
– Eg hugsa at eg tøysa om at det var vanskeleg å pisse ferdig siste bokstaven av namnet mitt i snøen. Eitt symptom kan nemleg vere tynn og svak urinstråle, eller hyppig vannlating. 
– Ein er jo ikkje ungdom lenger, heller, men der var rett og slett ingen symptom.
 
Sjokk etter sjokk
Fastlegen fann ein hoven prostata, tok ei blodprøve som viste for høg PSA (Prostataspesifikt antigen som blir produsert i prostatakjertelen, journ. anm.). Deretter blei han vist til sjukehuset der det blei tatt 16 «ganske ubehagelege og farlege» biopsiar. Saman med kona Nomeda fekk Harald opplyst kreftdiagnosen på sjukehuset. Det var ein fredag om hausten. 
– Vi reiste derifrå i sjokk, gjenfortel han.
Etter dette blei det gjennomført MR-undersøking, som er digitale bilde av indre organ, før han dagen etter bursdagen sin, tidleg i desember blei operert. Utanom eit stort blodtap og indre blødningar, omtalar han denne opplevinga som at det «gjekk for så vidt greitt». Eit lite forvarsel på kva som var i vente fekk han då han fekk vite at dei opererte ut 20 lymfar i buken i same operasjon. 
Etter seks månader venta kontroll og ny blodprøvetaking. PSA viste null. Forvarselet tok feil, tydelegvis. For menn som er eldre, kan den vere rundt 2-3, fortel Michael. Resultata var jo strålande! Ny blodprøve venta eit halvt år seinare. Halvvegs inn i denne tida følte han på seg at noko var gale. I staden for å vente halvåret fekk han pressa gjennom ei ny blodprøve. Den viste høg PSA. Kreften var spreidd til lymfene. Sjokk nummer to. 
 
For sjuk for behandling
Med uttrykk som MR og PET Scan, St. Olavs i Trondheim, stråling og cellegift, er det som eit drama på fjernsyn. Men det er ei gjenfortelling av Michael sine siste år. Han visste at det var funne ein kreftsvulst djupt i bukhula. 
Etter ein periode med venting på svar og tiltak frå Trondheim, og eit skifte av fastlege, fekk Michael påvist ein PSA på heile 20. Verdien var for høg og indikerte spreiing. Operasjon var uaktuelt, han blei sendt til Ålesund sjukehus der stråling var tenkt å vere behandlingsforløpet. Medan han drakk kontrastvæske merka han mykje trafikk i gangane, der legen til slutt kalla Michael inn og fortalde at det dessverre ikkje var muleg å stråle han. Kreften var spreidd altfor mykje. Verken operasjon eller stråling er mogleg. Cellegift kan bli utprøvd som eit livsforlengande tilbod. Seks kurar med tre vekers mellomrom. Også det gjenfortel Michael som at «det gjekk greitt». Håret mista han, men det vaks ut att.
– I same farge, dessverre, smiler han og viser det lette sjølvironiske humøret som han stadig har innfall av. 
 
All kjønnsdrift er borte
For å få ned PSAen har Michael fått ei sprøyte med legemiddelet Zoladex kvar tredje månad. Ein konsekvens av bruken, er at det også tilsvarar ei kjemisk kastrering. 
– Det medfører total impotens. Alt testosteron i kroppen blir borte. Det er klart at for ein vaksen mann er det trasig å miste steamen, er han heilt ærleg på. Her skulle han gjerne opplevd å få tilbod om informasjon eller samtale med ein sexolog, men legg seg ikkje til uttrykk med nemneverdig irritasjon.
Andre biverknader er at han har lagt på seg, han mister energi og han har muskelsmerter. 
– Hovudet vil, men kroppen skrik imot, legg han til. Han er den same, som for fem år sidan, men han kjenner seg likevel ikkje igjen …
 
Med livet til låns
Med dødeleg kreft spreidd i heile kroppen er Michael i full jobb. Han set pris på stor forståing frå leiing og kollegaer. Han er ikkje ein til å grave seg ned. Heller ikkje med stigande PSA det siste året. 
Harald Michael Kimsås er arbeidsleiar på kjøkkenet på Giske omsorgssenter, ein jobb han trivst svært godt med. Skulle han elles ha sove og sett på fjernsyn i sitt eige selskap medan kona og andre er på jobb? Sjukdom er ikkje daglegdags tema i heimen. 
– Eg får jo spørsmål om eg ikkje vil reise og kose meg, men vi er jo nyetablerte, så kvar skulle vi ha tatt pengane frå? Vi er jo i ein sårbar situasjon, og slike kommentarar gjer at vi blir påminna det, tykkjer han. 
Som heller set pris på å ha det kjekt og å kose seg i kvardagen. 
– Det er her og no som tel. 
Han er klar over at han ikkje har gode utsikter for å få eit langt liv. Tankar om pensjonisttida gjer han seg ikkje. Kan hende han ikkje lever til det. Men då igjen, det kan gjelde alle …
– Ein får eit litt anna forhold til livet, kanskje. Men eg vil leve livet med dei begrensingane og mulegheitene ein har.
 
Meir merksemd til menn
Med å fortelje ope om diagnosen sin håper Harald at denne kreftforma kan bli tatt meir på alvor. I 2017 fekk 4.983 norske menn påvist prostatakreft. Denne kreftforma er den som rammer flest menn og flest totalt i Norge. Behandlingane som nesten er invalidiserande, skulle Harald gjerne sett kunne ha kome inn på eit tidlegare stadium med ei forsiktig stråling. Biverknadane burde også vere meir informert om. 
– Underliv og intimsfæren har vi ikkje kultur for å snakke om her i landet, men det er jo heilt naturleg. 
Harald Michael Kimsås vaknar kvar dag til eit bevisst fokus, som alle kan ha godt av å ta til seg. Stemma er like klar, blikket like godt og orda står seg sterke:
– I dag skal eg lage meg ein bra dag.
 



15 SISTE
  Adventstid med alvestr...
  Levende formidling av ...
  Ingen bønn; AaFK ikke...
  Offensiv satsing for b...
  På innsida av skrivest...
  Byvandreren er blitt 8...
  Fikk ja etter åtte for...
  Julehygge i Molovegen
  23 551 har vært på Sti...
  Putti Plutti Pott – en...
  Starter utlånssentral ...
  Atter en gang er det k...
  Nesten 100.000 kroner ...
  Med livet til låns i e...
  Eit heilt nytt og akti...
annonse   
Jul 2018 / 2019
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag