Søkeord:  
Søk
Banner top 13.11.19

Takkar av etter 50 år bak disken

Å vere punktleg er tydelegvis noko Johan Per Sunde er kjend for.
– Har Johan sagt klokka 11, så kjem han klokka 11.
Det han truleg er endå meir kjend for enn å halde avtalar, er å drive landhandelen og jernvarebutikken Johan R. Sunde på Eidsnes. Slagordet er ”Butikken som har meir enn du trur!” og har ein nokon gong vore innfor dørene, veit ein at det stemmer.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(15/01/2019)
Bildetekst: Linbjørg og Johan Per Sunde har trivst særs godt som landhandlarar på Eidsnes. Etter nokre nedtrappingsmånader ser dei for seg å rett og slett ikkje legge planar. Meir tid på hytta og til næraste familie, er noko dei gler seg til.


. . .
 
 
Dei tilsette i butikken påpeikar at klokka ikkje er komen heilt til 11, men at dersom avtalen var sett til då, så kjem Johan til akkurat det tidspunktet. Og det får dei rett i. Med kona Linbjørg som passasjer, svingar han varebilen inn og parkerer i tide. Avstanden er  frå barndomsheimen hennar, ikkje lange strekninga unna. I overetasjen i dagens forretning var det ikkje plass til dei, då dei var eit ungt par. Johan sine foreldre og farmora, delte på kvadratmetrane. Då bygningen stod ferdig til innflytting i 1955, vart det laga til generasjonsbustad på loftet. Johan var fem år gamal.
 
Ein overgangsfase denne våren
Han gir seg ikkje endå. Det ligg an til at han blir å sjå i butikken i nokre månader framover. Men nokon sjuande far i huset skal han ikkje bli. Jamaldringar og eldre kundar lurer på om Johan skal traske i butikken like lenge som far hans, Einar. Han blei 95 år. Like lenge skal ikkje Johan vere her. Han blir 69 år seinare i år.
– Eg tenkjer at dette er ei vemodig, men god avslutning, omtalar Johan situasjonen. Etter tre generasjonar med landhandleri, er det slutt for familien Sunde. Det var bestefaren som starta selskapet i faren sitt namn. Dèt fordi han var for ung til å starte eiga verksemd til å begynne med. Namnet vart R. Sunde, før Johan blei lagt til seinare. 
 
Sikrar ei langsiktig drift
I 2018 vart det kjend at Sunnmøre Indremisjon fekk tilbod om å ta over drifta av Johan R. Sunde. Barnebarnet, altså dagens drivar, Johan Per, skal gi seg. Han og kona skal bli rettelege pensjonistar, etter nærast eit heilt liv i lag, også som forretningspartnarar. 
At ”misjonen” skulle få tilbodet handlar om tilknyting for ekteparet Sunde. Å drifte butikken kan vere ei inntektskjelde for Indremisjonen. At dei stilte seg positive, var godt for Johan. Det å sørgje for ein langsiktig eigar, som igjen vil vere stabilt for dei tilsette, var viktig. 
 
Har delt på arbeidsdagen
Dei to fortel om episodar opp gjennom tida, der dei har vore involvert i butikken og drifta av forretninga. Dei tre borna som i ung alder konkurrerte om kven som fekk den lengste remsa som blei til overs etter prising av varer. Stilla som kunne følgje etter nokre rundar ”gøyme og leite” fordi dei hadde sovna bak nokre varer. 
Med mange gode og lune minne, er det likevel tida med borna som får Johan til å bli ettertenkeleg på spørsmålet om han skulle ønskt noko gjort annleis. All den tid Linbjørg stelte heim og born medan han arbeidde. Meir tid med familien, er noko han kunne ha prioritert høgre, tenkjer han høgt i etterpåklokskapens lys. Linbjørg, som er utdanna sjukepleiar,  tok stadig fleire oppgåver rundt butikkdrifta, og det fall seg naturleg at ho også arbeidde fulltid hjå Johan R. Sunde, med ansvaret for kolonialbutikken.
– Vi fann ut at det var betre å vere ilag. Og vi har hatt det bra som team, nikkar dei begge to. Etter at Linbjørg slutta med daglegvarer for fem år sidan, har ho trappa litt meir ned. 
 
Vil sakne det sosiale
På det meste stod det 32-33 personar på lønningslista til ekteparet. Linbjørg minnest mange flotte tilsette, og det er tida med desse som set henne mest ut. Ho får tårer i augene av å tenkje tilbake på dei gode menneska.
– Vi er glade i plassen! Folket har betydd mykje. Dei mange ungdommane som har arbeidd her – dei har det vore mange av. Her har vore veldig mykje positivt, legg Linbjørg til. Her blir, og har blitt, skapt mange gode relasjoner. 
– Her har vore veldig flinke tilsette som har hatt stor innverknad på samarbeidspartnarar. Så har eg måtte ta nokre avgjerdsler, seier Johan om ”leiarstilen” han har hatt. For det er ikkje til å stikke under ein stol, at der han trivs best, det er ”på gølvet”. Det er å yte god service til kundane. Det å hjelpe kundar med å løyse problem – det er noko som får blikket til å glimte litt ekstra. 
– Kontakt med kundane er alfa og omega, heiter det frå Johan Per Sunde.
Vurderingar har det vore opp gjennom, men valet har vore å vere ein sjølvstendig og og frittståande butikk, med samarbeidspartnarar og ikkje kjede-tilknyting.
 
Meir enn ein jobb 
Seinare i år er det 20 år sidan Johan formelt tok over heile selskapet. Men han har ”alltid” arbeidd her. Det var ikkje noko press om at han som eldstefødd son måtte ta over. Det fall seg heilt naturleg. Og her kjem einaste tenkepausen gjennom samtalen: Kva anna kunne Johan ha blitt? Det vart ikkje noko anna.
– Det er jo ein livsstil, seier han.Det blir nemnt eit par gonger, så eit tydeleg tidsskille har vore opningstidene. Tidlegare kunne dørene stenge klokka 17 om kvardagane og 14 på laurdagar. No blir det tilbudt lengre dagar. 
Dersom Johan skal ”spå”, tenkjer han at kompetansen til dei tilsette vil vere med på å innvirke slik at butikken blir driven godt vidare. 
– Eg har ein kjensle av at kundar prioriterer pris framfor å få hjelp. Vi får tilbakemelding om at hjelpa og kompetansen vår betyr meir. Dermed er eg sikker på at det vil drifte butikken vidare.
I tillegg kjenner han folk, og kan vise til at tre generasjonar i slektsledd har handla her. Då har her blitt gjort noko rett!
 
Legg ikkje planar 
Når det no nærmar seg 50 år med butikkdrift for Johan Per, nokre færre år enn han har vore gift med Linbjørg, er det på sin plass å takke av landhandleren på Eidsnes. Dei fortel at dei drar ingenstad. Fritidssysler skal dei halde fram med som no. Rekreasjon på hytta i Fausadalen kan nyttast litt hyppigare, besøk til barn og barnebarn også gjerne litt oftare. Men planane er ikkje lagd. 
– Vi skal oppleve det å ikkje ha planar, ler dei hjarteleg i kor.
Ettersom han blir gitt moglegheita til å gi sitt eige ettermæle, tenkjer han at det først og fremst er gitt som motto for butikken, dernest at ”det får bli på Sula og litt til…”. Kundane har i alle fall kome frå lenger unna enn Sula åleine. Og det kan dei halde fram med også etter at familien Sunde har pensjonert seg.

 



15 SISTE
  13. november 2019
  6. november 2019
  30. oktober 2019
  23. oktober 2019
  16. oktober 2019
  9. oktober 2019
  2. oktober 2019
  25. september 2019
  18. september 2019
  11. september 2019
  4. september 2019
  Får medalje: Deltok i ...
  Spreke små på tur
  Kokkekamp med stort en...
  Dronningen kommer!
annonse   
Indremisjon
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag