Søkeord:  
Søk
Banner top 16.10.19

– AutoPass blir ikkje dyrare!

Sjølv om det er valår lovar, Frank Sve (Frp) i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, at ferjestrekningane i fylkesvegnettet ikkje skal bli dyrare med innføring av AutoPass. Og at han ville ha sagt det same, om det ikkje var val også.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(19/02/2019)
BIldetekst: Sykkylven-Magerholm er eit svært trafikkert ferjesamband på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. Å halde på dagens takstar, samt betaling for køyrety og passasjerar, skal halde fram også etter innføring av AutoPass, ifølgje Frank Sve (Frp).
 
. . .
 
 
Parallelt med innføring av ny billetterings-ordning om bord i ferjene i landet, har det også vore gjennomført ei takstauke. Debatt-ane har gått i sosiale medium, og mange fryktar følgjene for ei prisstigning. I tillegg har det vore tenkt at passasjerar skal kunne fraktast gratis, og at bilførarane må betale  meir for å kompensere for gratis passasjerar.  
– Møre og Romsdal fylke taper 50-100 millionar kroner i året, dersom dette skal innførast. Det har vi ikkje råd til, seier Sve. 
 
Ikkje innføring av parkerings-avgift
Fylkespolitikaren fortel at rekneskapen frå sambandet Anda-Lote viser ein nedgang på ti prosent i inntekter etter at AutoPass blei innført.
– Det er ei strekning i periferien. Tenk kva dei store pendlarsambanda Hareid – Sulesund og Sykkylven – Magerholm hadde opplevd av auke av parkerte bilar dersom gåande reiser gratis. Då vil fylket tape enorme summar, ser Sve for seg. 
Han trur trafikantar parkerer på ei side av fjorden og går gratis over ferja, eller eventuelt at ein samkøyrer fleire i same bil.
– Kan ein da ikkje innføre parkeringsavgift, og ta igjen den tapte inntekta?
– Nei, det kjem ikkje på tale, svarar han kontant: 
– Det er ikkje sjanse i havet å innføre parkeringsavgift.
Det som er sikkert, er at alle ferjesamband skal innføre AutoPass. Innføringa av AutoPass-kort er lik over heile landet, og blir også innført i Møre og Romsdal. I vårt fylke er det fire riksferjesamband og 20 fylkesvegsamband.
 
Betaling for passasjerer
Fylkesutvalet har høve til å halde fram med å bruke dagens takstar, men må bort frå verdikort og over på AutoPass-kort i første omgang, dernest brikke. Andre strekningar har fått auka takstregulativet med to soner. Dette meiner Sve skuldast einkvan i hovudstaden som har gått i tøflar på kontoret. Det er ikkje overførbart til ferjefylket Møre og Romsdal.
I tillegg til at køyretya må ha AutoPass, er det to løysingar ein vurdere for å ta betalt for passasjerar. Anten må dei halde fram med manuell betaling som matros-ane gjer, eller så kan det skje via ein automat. 
– Ved sistnemnde passasjerbetalingsmåte kan det vere ein stor risiko for å snike. Så det mest lønsame er kanskje å halde fram med mannskap som tar betaling, tenkjer han høgt, og legg til:
– Alt anna er forkasteleg.
 
Må oppretthalde næringslivet
Den røynde fylkespolitikaren ser for seg at innføring av AutoPassbrikken vil skje etter kvart som dei forskjellige anboda blir klare. 
– Det blir nnført AutoPass-brikke og kort, og dermed ikkje billettering på bilar med dagens takstar. Det er eg heilt sikker på. Ingen vil gå til val på å auke dette, trur han. 
Strekningane som inngår i riksvegnettet vil få ein auke på to takastsoner.
– Næringslivet vårt har ikkje råd til nokon auke, seier Frank Sve. 
Høyringsfristen er 25. februar og saka skal handsamast i samferdsleutvalet 6. mars. 
 
 
 

Undervegs med AutoPass

 
Dag Hole er prosjektleiar for AutoPass på ferjer for heile landet. Sidan 2016 har han vore tilsett som prosjektleiar, og han fortel at innføringa er forseinka. 
 
– Det har vore forseinkingar i fleire ledd, både det at anskaffinga tok lengre tid, implementeringa har vore krevjande og det har vore mange partar å samhandle med. Både ulike ferjeselskap og fleire fylkeskommunar, seier han. Prosjektleiaren har forståing for at innbyggjarane kan ha vanskeleg for å oppfatte all informasjonen.
Frå den berekna oppstartsdatoen 1. januar 2019 er det sju strekningar som har starta med AutoPass, og vel ein og ein halv månad seinare oppsummerer prosjektleiaren med at brukarane «alt i alt er nøgde med ordninga».
 
Mindre beløp uteståande
Dei neste månadane skal dagens verdikort fasast ut og bilistar skal over på AutoPass-kort. Frå 1. juli er det berre sistnemnde som tel i Møre og Romsdal. Mellom anna kan ein no knyte to bilar på same «konto», i motsetnad til dagens ordning, der to bilar i same hushaldning gjerne har to verdikort og såleis meir uteståande på ferjekorta til saman.
– Kvifor kan ein ikkje krevje betaling gjennom skiltgjenkjenning?
– Det er bestemt at AutoPass er innkrevjingsmetoden, og vil kunne nytte seg av skiltgjenkjenning i tillegg, men ikkje i staden for, svarar Hole. 
Ein må altså opprette ein AutoPass-ferjekonto, og førebels er det i tillegg til den ein gjerne har frå før av, til anten bomveg eller bru. Skulle ein selje bilen, er det viktig å endre alle desse avtalane før nye eigarar startar å bruke køyretyet.
 
Detaljert digital kvittering
Blant nokre av dei som allereie har gått over til AutoPass-kort, har det kome reaksjonar på at det ikkje går fram kva beløp ein har betalt om bord. Berre at det er trekt for bil og passasjer. 
Ein må også logge seg inn på kontoen sin om ein ønskjer å vite kva som står att på kortet. Men ein får automatisk varsel når ein kjem ned på 25 prosent att av førehandsbetalt beløp, som varslar at det er på tide å fylle på. 
– Det kan vere fleire som har trøbbel med å logge seg inn på data med passord og greier, då opplevast dette som tungvindt?
– Prisen er ikkje satt på ferja, på kvar enkelt strekning, men i eit felles datasystem. Det blir jobba med ulike løysingar, slik som til dømes Flytoget har. For dei som ikkje er datakyndige skal vi finne ei ordning, lovar Hole.
 
Av og til manuelt
Skulle ein ha behov for å reise med tilhengjar, frå tid til anna, vil prissettinga bli manuell der det ikkje er ei automatisk brikkeløysing. Ein vanleg bil er rekna til køyrety under seks meter, og dersom bil og hengar blir under ti meter, blir prisen to gongar så dyr som bilen åleine. Dette nemner prosjektleiaren som eit døme.
– På dei automatiske anlegga som er sett opp andre stader i landet skjer prissettinga av tilhengar automatisk, forklarar prosjektleiaren. 
Moped og ATV betalar som motorsykkel, med mindre dei er registrerte som noko anna.
Generelt så kan innføringa av AutoPass til ferjestrekningane vere ein invitasjon og oppmoding om å nytte seg av, og gjerne få auka opp busstilboda i fylka. 
 
 



15 SISTE
  16. oktober 2019
  9. oktober 2019
  2. oktober 2019
  25. september 2019
  18. september 2019
  11. september 2019
  4. september 2019
  Får medalje: Deltok i ...
  Spreke små på tur
  Kokkekamp med stort en...
  Dronningen kommer!
  Semifinale i straffesp...
  Å skrive ned det mormo...
  - Det finnes gode grun...
  Vil male historisk bym...
annonse   
SIT stilling
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag