Søkeord:  
Søk
Banner top

Aktiv varaordfører i Giske

I BILDET:

Odd Egil Valderhaug

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(01/10/2008)
Navn: Odd Egil Valderhaug
Alder: 58
Sivilstatus: Gift med Gunvor
Barn: Tre vaksne born og fire barneborn.
Aktuell med: Ansvarlig for Kulturløftet Johansbuda.

 

Å vere varaordførar er ein jobb der timelønna er heller mager. Omtrent på same viset som å skrive lokalhistorie for lokalpressa, humrar Odd Egil Valderhaug. Så vi kan nok trygt konkludere at pengar ikkje er sterkaste drivkrafta i livet hans.
Då Odd Egil takka ja til å stå på kommunevallista til Høgre framfor kommunevalet i fjor, var det gått 24 år og seks valperiodar sidan sist han trådde ut av kommunestyresalen som folkevald. Mykje har forandra seg sidan den gong, synest han. Men ikkje til det verre. For alt var faktisk ikkje så mykje betre før:
– Den gongen skjedde det stadig vekk at folk sette seg ned på kommunestyremøta og sprette konvolutten med sakspapira. Det skjer ikkje lenger. Politikarane er vel førebudde, og dei er reielege, synest varaordføraren i Giske: – Sjølv om vi er usamde, har vi alle same målet – å få eit betre lokalsamfunn.
 
Frå tekstil til avis: At Odd Egil Valderhaug hamna i journalistikken, var i det heile nokså tilfeldig. Han hadde bak seg 20 år i tekstilbransjen – 16 år som tilsett hos Dale i Ålesund og fire år som sjølvstendig – då han tok til å gremme seg over at det ikkje fanst noka lokalavis å annonsere i. I alle andre kommunar på Sunnmøre fanst det ein lokalavis, men ikkje på Giske. Sjølvsagt kunne ein annonsere i Sunnmørsposten, men det var dyrt:
– Kvifor skulle eg annonsere i ei avis der 98 prosent av lesarane ikkje var mine kundar? spurde han seg.
 
Lokalavis: Svaret vart å lage ei annonseavis. Det lokale næringslivet var positiv til å annonsere i ei slik avis, men kravet var at Odd Egil sjølv måtte styre avisa. Det var greitt, og på seinhausten 1985 kom det første eksemplaret av Øy-Blikk. Det vart ein suksess, og avisa som berre skulle komme ut fram til jul, lever enno i beste velgåande. No som ei vanleg lokalavis.
Men etter ti år som redaktør og majoritetseigar, var Odd Egil mett:
– Eg var utbrend. Motivasjonen var borte. Då eg høyrde at det var "beilarar" ute for å kjøpe avisa, høyrde eg først med son min, som studerte journalistikk, om han ville overta. "Sel!" sa han, og det gjorde eg. Samstundes søkte eg permisjon i eitt år, for å hente meg inn att.
 
Over til TV: Men det vart ikkje stort meir enn 40 dagar i ørkenen: Etter ein månad og 12 dagar og gjentekne førespurnader frå TV Sunnmøre og TV Norge, takka Odd Egil Valderhaug ja til å prøve seg i fjernsynsjournalistikken.
– Det var som ei vitamininnsprøyting å komme til eit nytt miljø med så mykje ungdom! Men det vart frykteleg lange reportasjar første tida... Eg var van med å skrive i avis og prøve å få med meg alt. Men med tida lærte eg meg at i ein fjernsynsreportasje må ein stort sett nøye seg med å få fram det som ville vore ingressen i ei avis, forklarer han.
På dei ti åra Odd Egil Valderhaug arbeidde i TV Sunnmøre og TV Norge, laga han mest 500 reportasjar. Til alle reportasjane fekk han skriftlege vurderingar frå hovudredaksjonen i Oslo. Det meste vart godt motteken, og han har samla alle vurderingane i ein ringperm.
– Permen har eg sagt eg skal ta fram i tunge stundar! Men eg har enno ikkje bladd i han..., humrar han på ny.
 
Revy: Eit anna talent som har vore med Odd Egil sidan ungdomslagets dager, er revytalentet. I år feirer han faktisk jubileum med ikkje mindre enn 50 år på scena, og jubileumsframsyning er på gang.
– Eg blir visst aldri vaksen! ler han.
Figurane Syver & Salmund har vore med han og revypartnar Erling Hellevik dei siste 30 åra. Dette er to karar som har ei løysing på det aller meste – to bygdeoriginalar som av ein eller annan ukjend grunn alltid dreg på eit mjølkespann, sier Odd Egil. Trass i at dei aldri har marknadsført seg som revyartistar, vert dei to partnarane stadig beden om om å opptre, anten det er på firmafestar, julebord, messer eller andre stader.
– Erling og Eg kjenner einannan så godt no, at vi ikkje treng øve. Vi berre avtalar kva som skal vere tema, så går det av seg sjølv.
Gjennom åra har historiane vorte fleire hundre i talet, og Odd Egil puslar faktisk med tanken på å gje dei ut i bokform.
 
Kulturløftet: Kultur er i det heile viktig for Odd Egil Valderhaug, og siste året har han sysla med det store Kulturløftet Johansbuda. Johansbuda er eit vegnlager frå femtitalet som vart kjøpt opp av Ungdomslaget og Sogegelaget for seks år sidan. Buda har vorten eit svært populært fest- og forsamlingslokale, og i tredje høgda finn ein eit praktfullt lite historisk museum.
– Verken Johansbuda eller museet har fått ein einaste krone frå kommunen. Det må du gjerne skrive! påpeikar varaordføraren, som gjerne nyttar høvet til å pirke i det dårlege samvitet til lokalpolitikarane i denne saka.
Sjølv om Johansbuda har vorten ein svært så populær møteplass, ønskjer Odd Egil Valderhaug at det vert meir kultur i huset. Det siste året har han derfor planlagd det store Kulturløftet Johansbuda: Gjennom eit heilt år skal det skipast til kring 25 ulike kulturtilstellingar. Odd Egil har planlagd og er ansvarleg for alle tilstellingane.
– Vi satsar både på sikre kort som til dømes gammalpop, og meir utprøvande og eksperimentelle tilstellingar som litteraturkveld, blueskveld, klassisk søndag og Melodi Grand Prix-fest. Alle tilstellingane skal vurderast i ettertid, så får vi sjå om vi kan gjere noko meir ut av dei vi har suksess med, fortel han.
Kulturløftet vart opna sist veke med ein internasjonal kveld. Heile 15 av dei kring 30 nasjonane som er representerte i Giske, bidrog med mat og kulturelle innslag. Det vart ein kjempesuksess, skal vi tru Odd Egil Valderhaug. Og det gjer vi.



15 SISTE
  – Dette går ikke lenge...
  Musikk fra hjertet
  Høstferie med svømmedi...
  Skjærgårdsdrøm i oppfy...
  Føler oss fullstendig ...
  Drømmen er å reise i E...
  Olav Thon klipper snor...
  Slutter i Matfestivale...
  Shanghai eller Svalbar...
  Sammen skaper vi det g...
  Lever et aktivt liv me...
  Lidenskap for akrobati...
  Kommunen ga fra seg 2,...
  En hel klasse med inte...
  – Nå skal gründerne op...
annonse   
Frist LM
annonse   
Annonsere i nytt i uka
annonse   
Nytt i Uka Forlag