Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Adventstid med alvestreker (Anine og alvene)
  Levende formidling av stor kirkekunst
  Ingen bønn; AaFK ikke god nok for opprykk
  Offensiv satsing for bokseklubben

20 kjapp

Hvem: Bjørn Inge Ruset, 46 år, gift, to barn.
Hva: Ordfører for Arbeiderpartiet.
Hvor: Norddal kommune.

Aktuelt
Tekst Bjørn Fugelsø Nilssen   
Foto Bjørn Fugelsø Nilssen   
(03/04/2013)
Kva er du oppteken av akkurat no?
– Eg arbeider med å førebu nokre markeringar mellom anna for nyrenovert rådhus, åpning av Storfjord helsesenter og Røysterettsjubileet. Eg har og purra på nokre planar knytt til trafikktrygging.

Kva er den beste oppfinninga gjennom historia?

–Trykkekunsten! Informasjon kunne endeleg bli formidla til alle gjennom alfabetet. Internett og alt som har kome etterpå er jo ei raffinering av trykkekunsten.

Har du ein hobby?
– Eg les ein del. Både skjønlitteratur, gjerne krim og spenning, men også historie og spesielt krigshistorie. Eg er jo eigentlig ein offiser med permisjon frå forsvaret, der eg har vore i tjueto år. Og då les eg heilt i fra Romerriket og fremover, det er jo nok å ta av.

Kva er di største teateroppleving?
–Den fekk eg utan tvil i Stockholm i 2004, på Sveriges nasjonalscene, Dramaten. Rikhard Wolff framførte ei veldig personleg forestilling om sitt forhold til sangane til Edith Piaf, der han kobla Piaf si tragiske livshistorie med sin eigen livssituasjon som homofil. ”Chanson Suicide” heitte forestillinga og eg kjem aldri til å gløyme den. Heilt fantastisk!

Kva bok ligg på nattbordet?

–Eg les gjerne på fleire bøker samstundes, og no er det ”Drømmekrigen” av Anders Sømme Hammer, og ”Thinking fast and slow” av Daniel Kahneman som ligg på bordet. Førstnemnde omhandlar krigen i Afghanistan og den siste er ei slags bruksanvisning i tenking.

Favorittmusikk?
–Dum Dum Boys, Big Bang og dei gode gamle karane, Led Zeppelin og Dire Straits.  

NRK, TV 2 eller TV Norge?
– NRK. Eg er ikkje særleg bra på å sjå TV eller høyre radio, det skal jo klaffe tidsmessig, så eg ser mest på nett-TV.  Internett er jo ei fantastisk oppfinning, og som abonnent på Netflix har eg  muligheit til å sjå når det passar meg. Og då kan eg anbefale Netflix sin eigen produksjon, ”House of Cards”, som er ein særs interessant politisk serie. Kanskje litt fjern frå lokalpolitikken då…

Er du ofte på Facebook?
– Nei, det er faktisk så sjeldan at eg kvar gong gløymer korleis eg logger meg av. Håper eg skal bli litt meir kjend med dei elektroniske mediene i løpet av året, for eg må berre innrømme at eg er litt for dårleg på den fronten.

Jens eller Erna?
– Jens! Ein god leiar som har stått støtt i mange utfordringar vi har opplevd. Han var på besøk her for eit par år siden, og det var faktisk det første statsministerbesøket sidan Gerhardsen i 1946.

Brukar vi for mykje eller for lite av landets oljepengar?

– Eit vanskeleg spørsmål. Eg trur vi bruker akkurat passelig med pengar. Eg har ikkje noko tru på å køyre ut enda meir, då er eg redd pengane blir etne opp uten at vi får noko att for dei. Det kan sikkert og diskuterast kor klokt vi brukar pengane.

Er den globale oppvarminga menneskeskapt?

– Ja, i stor grad er den det. Noko kan sjølvsagt vere naturleg eller gå i syklusa, men den er betydeleg forsterka av menneskeskapte karbonutslepp.

Kva ville du ha gjort hvis du fekk ti millionar?

– Det veit eg verkeleg ikkje. Slike ting har eg rett og slett ikkje tid til å tenke på, og det kjem uansett aldri til å skje.

Kven burde skjerpe seg?
– Regimet i Syria, med Assad i spissen, må skjerpe seg og gå av!

Favorittreisemål?
–Thailand! Eg har vore forskjellege stadar, blant anna i Hua Hin og Bangkok, og landet er berre heilt fantastisk. Men det er jo eit stykkje å reise, så det blir nok dessverre ikkje så ofte turar dit.

Kor ville du helst ha vore akkurat no?

– Slik veret er no, med strålande sol, ville eg definitivt ha stått på ski på Strandafjellet. Då vi for ei tid attende hadde møte i Verdensarvrådet oppe på paviljongen på Roaldsida, hadde eg faktisk med meg ski, slik at eg kunne renne ned igjen. Heilt topp!

Favorittmat?
– Eg er jo glad i det meste, men hvis eg skal sjå bort i frå julemat og lutefisken, så set eg pris på ein skikkelig god hamburgar. Eg er litt amerikansk av meg der. Og den beste burgaren får ein på Fyret Mat & Drikke, som ligg ved Youngstorget i Oslo. Verdt eit besøk om ein er i nærleiken.

Kva kunne du tenkt deg å lære?
– Meir språk! Eg kan engelsk, tysk, litt skolefransk og serbokroatisk, men eg kunne godt tenke meg eit av dei store språka, som russisk eller kanskje spansk. Men det skal jo gjennomførast på eit eller anna vis, og då håper eg at lydbøker i bilen kan vere ei løysing.

Kva er det mest unødige du eig?
–Ein sånn liten traktorgrasklippar. Det går heilt fint å klippe med vanleg klippar, så den er heilt unyttig og har ikkje vore brukt på åresvis. Veit ikkje kvifor eg kjøpte den i det heile tatt…

Kva er det beste og det verste med velferdsstaten?
– Eg synest det er berre flott at vi tek vare på dei som har behov for det. I den grad det er noko negativt med velferdsstaten, så ligg der ein liten risiko for at vi har laga eit litt for rigid system, som gjer at folk som kunne yte noko, ikkje får gjere det.

Kva er meninga med livet?

– Å oppføre seg fint med andre menneske, gjere sitt beste, og ha det godt med seg sjølv og familien.

Av Bjørn Fugelsø Nilssen







15 SISTE
  Adventstid med alvestr...
  Ingen bønn; AaFK ikke...
  Offensiv satsing for b...
  På innsida av skrivest...
  Byvandreren er blitt 8...
  Fikk ja etter åtte for...
  23 551 har vært på Sti...
  Starter utlånssentral ...
  Atter en gang er det k...
  Nesten 100.000 kroner ...
  Med livet til låns i e...
  Eit heilt nytt og akti...
  Klager på lukt fra Bin...
  Gjer Skodje endå meir ...
  Hvilket av ordførerkje...
annonse   
Jul 2018 / 2019