Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Fortviler over nestenulykker i Blindheimsgeilane
  Plastsjokket
  100 programinnslag til inspirasjon for alle
  Pop-up som provoserer

Snart kranseskål for bronsealderhuset

Presenningen er tatt bort og utforminga av bronsealderhuset på Auremarka er i ferd med å bli ferdigstilt. Arbeidet kan gå raskare dersom fleire melder seg til dugnadsinnsats.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(15/11/2017)
Bildetekst: Mellom bronsealderhuset og kyrkja i Sykkylven er der markert opp kvar gildehallen var plassert. Planen for Aura-Påls Vener er å få lyssett dette området.
 
. . . 
 
 
Taket er for så vidt tett og membranen er lagt, og tanken er å få lagt torva på taket denne veka.
– Vi har bygd eit bronsealderhus, men tilpassa det til dagen. Dei moderniserte grepa vil sjølvsagt ikkje vise når her er ferdig, fortel Erling Opdahl. Som den einaste utan snikkarbakgrunn blant dugnadsgjengen, «fryktar» han at det ligg eit snikkarbelte under juletreet i år, etter denne innsatsen.
 
Friviljug pensjonistinnsats
Ved hjelp av dugnad blir altså eit hus gjenreist, etter slik det kanskje vart bygd for 3.000 år sidan. Fremst av dugnadskarane er dei pensjonerte snikkarane Jon Johansen og Svein Flaate, som blir leia av Erling Opdahl og byggjeleiar Tor Lennart Vikstad. Sjølv om innsatsen deira er upåklageleg, ønskjer dei seg gjerne fleire friviljuge. Her må då vel vere auringar, ullavikingar, for ikkje å gløyme vikingar, som kan stille opp med litt innsats? I tillegg til dei som er til stades, nemnast Ole Erling Asbjørnsen, Ole Bjørn Roald, Eldar Høidal og Kjetil Tandstad. Meir enn mannstung innsats, her altså.
– Vi tel ikkje timar, smiler leiar Opdahl, på spørsmål om kor mange timar som har blitt brukt hittil. 
– Vi begynte med å anslå 450 timar, men det sklei berre ut, vedgår Vikstad. Meir enn det doble trengs nok før huset er ferdig. 
 
Mykje trevirke
Til reisverket måtte snikkarane trå til, og tilpassingane er gjort i detalj. Strongane som taket er dekka med innvendig, er henta frå skogen og høgtrykkspylte. Alt trevirke som er henta ut av skogane ikring, har blitt gitt til Aura-Påls Vener. Ingen har stilt seg på bakbeina.
– Vi har møtt berre velvilje, fortel Vikstad om mottakinga blant grunneigarane.
Det er likevel nokre kostnader på oppbygginga. For to år sidan mottok Museumsparken på Auremarka 100.000 kroner i pengegåve frå dei tilsette hos Ekornes AS, og det er venta at beløpet held til alt av materiale. 
 
Kan bli mykje brukt
Bronsealderhuset er på ni gongar fire meter og skal kunne huse 30-40 personar om gongen. Gjestane kan sitje ved eit langbord, med ei opa grue til å halde varmen. Etter kvart som bygget får tette veggar rundt, kan det bli rett så lunt innvendig. Ei blanding av hestemøkk, leire og sand skal isolere dei fletta veggane. Dette tar også tid, og er muleg å vere til hjelp med …
– Målet er at huset skal offisielt opnast under Sykkylvsdagane neste år, seier Tor Lennart Vikstad. Han er byggeleiar for oppføringa av huset som er bygd slik ein trur det var for 3.000 år sidan. Dei årvisse marknadsdagane i Sykkylven plar arrangerast i midten av juni, men huset er tenkt å kunne nyttast også før den tid.
 
 

Fakta

• Veneforeininga Aura-Påls Vener blei stifta for to år sidan. Namnet er tatt etter den første kjende stormannen på Aure.
• Det har gått nesten 30 år sidan det blei gjort omfattande arkeologiske funn på Aurefløten, like ved dagens plassering av kyrkja, i sentrum av Sykkylven.
 



15 SISTE
  Fortviler over nestenu...
  Plastsjokket
  100 programinnslag til...
  Gler seg over dagen i ...
  Klar for vårlige svev ...
  Yrkesfagelever med int...
  Lindex tilbake til sen...
  Nær og samlende skolev...
  Amerikansk idrett på f...
  Med tanke om forståels...
  – Fjelltun-ulykka har ...
  – Det vil oppstå farli...
  Ønsker å gjøre Langevå...
  Yngst på hjemmebane
  Rundkjøring for buss s...