Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – La private få bygge og drive pleie- og omsorgspl...
  Jernet strømmer inn til Nepal
  Klar for favorittfestivalen
  Dette er tilbudet eldre i omsorgsboliger får i Åle...

Namneforslaga kjem inn, men ikkje i Ålesund

Det nærmar seg årsskifte og 31. des-ember er siste dato for å sende inn forslag til nye gatenamn i det som skal bli Nye Ålesund kommune.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(19/12/2017)
Bildetekst: 70 gater må få nye namn i Nye Ålesund kommune. Kommunen med flest innbyggjarar, Ålesund, har hittil færrast innkomne forslag. Mellom anna må Sjøvegen i Skarbøvika heite noko anna. Anne Bente Skjellum i Nye Ålesund etterlyser innspel.
 
. . .
 
Dei fem kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund viser seg å ha rundt 70 like vegnamn, som må få nye, innan samanslåinga om to år.
Hittil viser det seg at det er småkommunane som er aktive med innspel, slik ein tolkar informasjonen frå Nye Ålesund kommune. I Haram kommune skal 17 gater heite noko nytt. Dei er: Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen (i Brattvåg), Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen og Åslia.Mellom forslaga som allereie er innkomne, er det ønskjeleg å kalle Storgata for Ingebrigt Davikgata, Øvstevegen, Skjelte-Annagata eller Aase Skjeltengata. Haugvegen kan bli heitande Gratishaugen.
Nær likeins er det i Skodje, der 16 vegar skal få nye namn: Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen og Ådalsvegen. Det er foreslått å kalle Storfjordvegen for Storfjordåsvegen, Indrevika, Indrevikvegen eller Fjordvegen. Gamlevegen kan bli Demmevegen eller Paddevegen.
 
Nokre større endringar
I Sandøy er det muleg å få gjennomslag for sitt namneinnspel, dersom ein ikkje var heilt fornøgd ved sist høve dette var tema i kommunen. Ni gater må skifte namn: Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Remmavegen, Sjøvegen og Steinvågvegen. Av dei største namneendringane frå dei innkomne forslaga, lyd Markavegen til Brunvollmarka, Molovegen til Litle Støholmen, Remmavegen til Fagerhaugvegen (vegen ender ved Fagerhaugen) eller Innigardsvegen og Sjøvegen til Ortavegen eller Varhaugen.
Berre Smibakken i Ørskog kommune endar ikkje med –vegen, av dei 14 gatene som må skifte namn: Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen og Øvstevegen. Sistnemnde er foreslått til Grimsmyrvegen. Her er også to generelle namneinnspel blitt foreslått: Brita Urkes veg, etter eit av ofra for hekseprosessane og Ragnhild Abelsets veg, etter ein av dei første kvinnelege bygdelensmennene på Sunnmøre.
 
Manglar engasjement
Ålesund har flest innbyggjarar og i denne kommunen er det bydelsutvala som skal få inn namneforslaga. Ålesund har 17 vegar som må skifte namn:
Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen og Storfjordvegen.
Eitt generelt forslag er at ei av gatene blir kalla Karla Barstads veg, etter første kvinne i kommunestyret.
Det er særleg innbyggjarane i dei aktuelle gatene som er oppfordra om å engasjere seg. Dei fem bydelsutvala har gjennomført sine siste møter for året, men kan ta imot innspel inn til årsskiftet.
Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg har fått forslag om å endre Niklavegen til Niklagarden, Niklatun eller berre Nikla, og Grytavegen tilbake til Hessaskaret. På Ellingsøya har det kome innspel om å skifte Reitevegen til Øvre Stokkereit.
Her er det særs ope for å bruke innverknaden sin på solide og lokale gatenamn i Nye Ålesund kommune.
Fristen for å sende inn namneforslag er 31. desember 2017.
 



15 SISTE
  – La private få bygge ...
  Jernet strømmer inn ti...
  Dette er tilbudet eldr...
  Blir Pape (19) AaFKs n...
  - Arbeidet for «Plastf...
  Sommer i nordvest
  Frykter for sjøsikkerh...
  – Vi blir motarbeidet ...
  Nå blir det regnbuefes...
  Skal forske på gammel ...
  Trives best på to hjul
  Turstien som slutter i...
  Høyreregelen gjelder o...
  Politiker på slump
  Bordtennis-talent sikt...
annonse   
God Sommer 2018