Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Adventstid med alvestreker (Anine og alvene)
  Levende formidling av stor kirkekunst
  Ingen bønn; AaFK ikke god nok for opprykk
  Offensiv satsing for bokseklubben

Eit heilt nytt og aktivt tilbod

Aktivitetstilbodet Randers-parken i Sykkylven er heilt i sluttspurten til å kunne opne dørene komande laurdag. Ved Aureosen Brygge blir det eit aktivt tilbod til heile familien, over fleire generasjonar.

Aktuelt
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(13/11/2018)
Bildetekst: I Randersparken er der aktivitetar som passar folk i alle aldrar. Lina Aursnes gler seg til å opne dørene. Laurdag står 500 kvadratmeter klart til bruk, for barn, ungdom og vaksne.
 
. . .
 
 
Brødrene Aursnes AS står bak Aureosen Brygge og Randersparken. Lina Aursnes, som frå før driv Aursnes Hotell og Fjordstuer i Sykkylven, skal også han ansvaret for drifta av Randersparken.
– Vi tenker eit aldersmessig sprang på 0-100 år på brukarane ettersom dette ikkje er eit reint leikeland tiltenkt unge born. Dette høyrer til eit Ninja Warrior-konsept, mellom anna med ein 20 meter lang klatrevegg, fortel Lina Aursnes.
I eit hjørne av det 500 kvadratmeter store lokalet skal det vere ein kafé med enkel servering. Hit skal det vere gratis å kome, og er tiltenkt å vere ein samlingsplass eller pauseområde frå aktivitetsparken. 
 
Til fastbuande og tilreisande
Randersparken ligg langs fylkesveg 60, i Ullavika, ved småbåthamna i Sykkylven sentrum – ei svært sentral plassering både for fastbuande og tilreisande. I haust var dei to bustadblokkene med 11 leilegheiter klare for innflytting, der Randersparken er i grunnetasjen i eine blokka, og restauranten Raus ligg i den andre. 
– Tomta var regulert til reiseliv, og utbyggar Brødrene Aursnes AS ville bygge leilegheiter her, så i kompromiss med kommunen blei det dette, viser Lina Aursnes rundt i aktivitetsparken som straks er klar for bruk.
Ho legg ikkje skjul på at ho har veldig trua på dette. Kombinasjonen med Aursnes Fjordstuer, med åtte utleigehytter på nabotomta, og Aursnes Hotell, som ho og ektemannen eig og driv på Aursneset, vil kunne tilføre bygda fleire besøkande. Med den store hytteutbygginga som har vore på Fjellsætra og Strandafjellet dei siste åra, er gjennomfarts-trafikken til ferja svært stor, og håpet er at fleire av desse stoppar. 
– Det vil vere naturleg at nokon kjem hit, tenkjer Lina Aursnes høgt. 
 
Treng innandørs-aktiviteter
Den innandørs aktivitetsparken er like aktuell å bruke av ein sjuåring, som ein på 20. 
– Vi har ikkje alltid fint vêr, så eit tilbod innandørs er ofte å foretrekke, tykkjer ho.
Og ungdommen treng ein samlingsplass der dei er velkomne. Ein gang i månaden ser ein for seg å arrangere konkurranse, der namna på vinnarane i klassane vil kunne pryde ei tavle fram til neste konkurranse.
Lina opplevde ein straum av søkjarar som ønskte å få arbeide i aktivitetsparken, og har valt seg ei gruppe ungdommar, som ho tenkjer også vil føre til at jamaldringar ønskjer å kome hit.
– Eg trur det blir veldig populært, smiler ho. 
– Vi har sjølv gutar på 8 og 11 år og har oppsøkt mange leikeland og aktivitetstilbod, spesielt i Litauen som eg kjem frå, fortel Lina. Ein ting ho har merka seg er at foreldre gjerne blir sitjande passive, medan det i Randersparken heller er tenkt at foreldra skal kunne vere med.  Eit tilsvarande tilbod har ho ikkje sett, i alle fall ikkje i Norge.
 
Namn etter fjellklatrar
Namnet Randersparken er inspirert av Kristofer Randers (1851-1917), som var ein diktar, naturelskar og fjellvandrar. Han var på fleire vis med på å spreie kunnskap om sunnmørsfjella gjennom reisehandboka «Søndmøre», som han skreiv på oppdrag for Ålesund-Sunnmøre Turistforeining i 1890. Kristofer Randers har også fått ein fjelltopp i Molladalen oppkalt etter seg (Randers topp). Kristofer Randers skreiv i reisehandboka at «Sykkylven er kanskje det vakreste av alle Sunnmørske landskap». 
– Randersparken ligg blant vakre Sunnmørsalpar og aktiviteten i parken handlar i stor grad om rørsle og klatring, difor meiner vi Randers er eit godt val av namn. I tillegg så er plasseringa heilt ved fjorden, vektlegg Lina. Dei takhøge vindauga slepp mykje naturleg lys inn i lokala, samt at utsikta er upåklageleg. Dei omkransande fjella og fjorden rett utanfor gjer at alt av vêr vil virke nært innpå.
 
Etterspurnad før opninga
Sjølv om planane bak aktivitetsparken er godt gjennomtenkte, er ho likevel spent på oppslutnaden. Rundt fem millionar kroner er investert i lokale og utstyr. Tilbakemeldingar og innspel på Facebook vitnar om at mange ventar på opninga. Så vil det vere om å gjere å halde på populariteten. Opningstidene vil vere lagt til helgar og skuleferiar, slik at her vil vere eit tilbod når skulane er stengt. Andre dagar vil det vere mogleg å leige Randers-parken, til mellom anna bursdagsfeiringar, firmaarrangement og trening. 
– Då får ein lokalet for seg sjølv, utan at her er ope for andre, fortel Lina.
 
 
 



15 SISTE
  Adventstid med alvestr...
  Ingen bønn; AaFK ikke...
  Offensiv satsing for b...
  På innsida av skrivest...
  Byvandreren er blitt 8...
  Fikk ja etter åtte for...
  23 551 har vært på Sti...
  Starter utlånssentral ...
  Atter en gang er det k...
  Nesten 100.000 kroner ...
  Med livet til låns i e...
  Eit heilt nytt og akti...
  Klager på lukt fra Bin...
  Gjer Skodje endå meir ...
  Hvilket av ordførerkje...
annonse   
Jul 2018 / 2019