Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Med livet til låns i ein kropp full av kreft
  Eit heilt nytt og aktivt tilbod
  S-M-XL slår jul igjen
  Klager på lukt fra Bingsa

AaFK

I BILDET: Ein tålmodig, ung mann

Namn: Sten Grytebust
Alder: 21
Kjærast med Renate Eldevik

Aktuell som: Endeleg førstemålvakt, i sin sjette sesong for AaFK.

AaFK
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(16/03/2011)
– Det vert på ein måte debutsesongen for meg, dette, sjølv om det er sjette sesongen min i AaFK. Tidlegare har eg kome i skuggen av både den eine og andre, men endeleg er det min tur! Det vert ei utfordring som eg gler meg til!

Tålmodig. Sten Grytebust må vere ein tålmodig ung, mann. I fleira år allereie har han vore rekna mellom dei mest lovande målvaktane her i landet; likevel har han vore benkeslitar kamp inn og kamp ut, år inn og år ut.

– Ja, eg må sjølv seie at eg synest eg har vore tålmodig. Men no kunne eg ikkje ha venta lenger; eg har sett fram til dette i årevis, fortel den sympatiske ungguten.

Å vere tålmodig er vel elles ein god eigenskap å ha som målvakt; har laget ein god dag, skal ein jo helst ikkje ha for mykje å gjere, men likevel må ein vere heilt og fullt til stades når det først skjer noko. Ingen fotballspelar går vel så kjapt frå genierklæring til idiotfordømming som målvakta. Sjå berre på Thomas Myhre eller Håkon Opdal....

Starta som spiss. Sisteskansa på fotballbana er altså ikkje ein plass for sarte sjeler. Kvifor valde så Sten nett denne plassen?

– Fram til eg var omkring 13 år spela eg helst spiss eller på midten, men det hende seg at eg stod i mål om nokon var skada. Første eller andre året som smågut spela vi så ein kamp der keeperen vart skada, og då trenaren spurde om nokon kunne stå i mål, melde eg meg. Det gjekk ganske bra, og sidan har eg stort sett halde meg på den plassen, forklarer han.
I ei tid då det verkar som ein må spesialisere seg tidlegare og tidlegare, skal ein ha von om å gjere suksess, kan det høyrest seint ut å starte som målvakt når ein er 13. Det treng det ikkje vere, seier Sten:

– Det kan vere ein stor fordel å ha spela ein del ute på bana, så ein lærer seg korleis ein tenkjer utpå der. Derfor er det mange store keeperar som har starta ganske seint med å stå i mål.

Ellingsøying.
Det var heime på Ellingsøya det heile starta. Sjølv om det ikkje var så mykje spesialtrening å få som målvakt, var Sten flink til å ta ansvar sjølv for å utvikle seg. Så godt gjorde han det, at han allereie som 14-åring – berre eitt års tid etter han valde plassen mellom stengene – fekk trene noko saman med A-laget til Molde. Det var sjølvsagt svært inspirerande for ein så ung gut, minnest han.

Berre to år seinare fekk så Sten plass på juniorlaget til AaFK:

– Takka vere ei rekkje dyktige folk hos AaFK, som Frode Fagermo, Adin Brown og Frank Mathisen, lærte eg raskt og fekk utvikle meg mykje, roser han.

Jamt god.
Etter  to år på juniorlaget, avanserte Sten til A-laget. Der har han altså halde skansen som ung og stadig meir lovande, i skuggen av Adin Brown, Andreas Lie og Anders Lindegaard. Første året fekk han éin treningskamp, andre året gjorde han eit uutsletteleg inntrykk i bortekampen mot Molde, og i fjor fekk han gjere jobben i første og andre runde av cupen. Det er alt, fram til treningskampane i vinter; dei har han stort sett fått ros for, sjølv om Nytt i Ukas AaFK-kommentator, Per Rich Hunstad, meiner å ha sett nokre brester i felt- og utspelarbeidet. Attåt dei synleg solide nevane, kva er så styrken til Sten, slik han sjølv ser det?

– Eg har ein kropp som passar godt til å vere keeper; eg er naturleg eksplosiv og har bra spenst, i tillegg til at eg er tøff både fysisk og i hovudet. Elles meiner eg at eg er jamt god til det meste. Og om eg har nokre svake sider, vil eg i alle fall ikkje seie det her!

George Weah. Noko særskilt førebilete mellom stengene, har ikkje Sten; i staden freistar han å la seg inspirere av ulike målvaktstypar. Einaste førebiletet han har, er den liberiske spissen George Weah:

– Mor mi kjem frå Liberia, og i 1995 vart George Weah den første, og til no einaste, afrikanaren som har vorte kåra til den beste spelaren i verda. Same året vart han Milan-spelar, og sidan er det Milan som har vore favorittlaget mitt, fortel Sten.

(I 1995 vart George Weah òg den første afrikanaren som vart kåra til den beste fotballspelaren i Europa. Han vart òg kåra til beste afrikanske spelar dette året, og seinare vart han kåra til beste afrikanske spelar gjennom heile det tjuande århundret.)

Den store draumen. Ein skal altså ikkje sjå bort frå at den ultimate draumen til Sten Grytebust er få stå i mål for Milan. Men enn så lenge, er det AaFK som tel:

– No skal eg vise at eg er god nok til å halde på plassen som førstekeeper i AaFK. På lengre sikt er målet å få spele i ein av dei største klubbane, å få vere med i Champions League og å spele på landslaget. Eg trur det er viktig for meg å setje så høge mål, om eg skal halde fram å utvikle meg.

Utanom fotballen har Sten Grytebust interesser som dei fleste andre ungdomar, slik som Playstation, data og musikk. Éin interesse skil seg likevel ut:

På rypejakt. – Eg er glad i å gå på jakt! Dei siste åra har eg gått mest på rypejakt i Sykkylven i lag med ein kamerat, men neste år kan det hende eg prøver meg på skyteprøva for å bli med på hjortejakt. Det er likevel ikkje sjølve skytinga som er det viktige med jakta, men samhaldet, venskapen og spaninga, synest Sten Grytebust.

PS! I treningskampen mot Molde i helga, gjorde både Sten og resten av laget sakane sine så bra at Per Rich Hunstad fekk syn for bronsen...


15 SISTE
  Å vinne er ikke det vi...
  Karakterboka - vårseso...
  Sjansen for nedrykk el...
  I full oppløsning, ned...
  Veben håper CLS kan bl...
  Spilleranalysen gir et...
  Er Trond Fredriksen et...
  Bryter mot guttene – o...
  Stakkars AaFK. Dette s...
  Vil jobbe knallhardt f...
  Hvem skal erstatte Mic...
  Den gode svensken takk...
  – Barrantes må selvsag...
  Skandaløs og uverdig k...
  Uff og uff – hjem fra ...