Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Kvinnene rykker fra mennene
  Musikalsk sommerglede på Giske
  20 KJAPPE: Drømmer om ei strand i Karibia
  I BILDET: Mørk, rar og – catchy

I BILDET: Rå styrke frå Sjøholt

Namn: Stian Walgermo
Alder: 22
Sivilstand: I ferd med å flytte i lag med Anna Tømmervåg
Barn: Nei

Aktuell som: Styrkeløftar frå Sjøholt, nyleg heimkomen frå junior-EM med to sølvmedaljar. Held den offisielle noregsrekorden både for junior og senior i klassa opp til 105 kilo.

Sport
Tekst Kenneth Kamp   
Foto privat   
(06/07/2011)
BILDETEKST: REKORDLØFT: Stian Walgermo løfter 340 kilo i knebøy under Regionmeisterskapen tidlegare i år.
 
 – – –
 
Med sølvmedalje både frå markløft og knebøy i junior-EM for nokre veker sidan, skulle ein vel tru at sjøholtbygdaren Stian Walgermo var rett så nøgd med resultatet. Det hadde han vore òg, hadde han berre ikkje missa i benkpressen:
– Eg hadde teke meg for mykje ut med eit maksløft i knebøy, og då eg skulle ta benkpress berre 20 minutt seinare, var eg heilt tom for krefter, fortel Stian.

Fatalt maksløft. Det siste knebøyløftet skulle kome til å få ei rekkje keisame konsekvensar for Stian. Med teljande resultat i benkpress, ville han fått ein soleklar noregsrekord samanlagt, men når samanlagten rauk, fekk han heller ikkje godkjent det som elles ville ha vore noregsrekordar i enkeltløft både for knebøy og markløft. Attpåtil vart ikkje det fatale maksløftet teljande; stonga kom opp, men løftet stetta ikkje heilt og fullt dei strenge krava som er sett til eit godkjent løft.

Hadde Stian nøgd seg med det andre knebøyløftet på 345 kilo (som ville ha vore både personleg og nasjonal rekord) og droppa å leggje til enda ti kilo, hadde han mest garantert løfta dei 230 kiloa han prøvde seg på i benkpress. I så fall hadde den nye, samla noregsrekorden vorte (minst) 895 kilo. Men rekorden rauk, og – langt verre – det gjorde òg sjansen til å kvalifisere seg for junior-VM.

– Eg var ganske arg på meg sjølv etterpå, for at eg ikkje hadde vore meir taktisk. Men eg har lært noko av feilen, og neste gong kjem eg nok ikkje til å presse meg maksimalt så tidleg i konkurransen. Dessutan skal eg vere raskare med å senke vektene, slik at eg ikkje bruker så mykje krefter på nedoverturen, lover han.

Frå fotball til vekter.
Fram til han var 18, hadde Stian både spela fotball og trena på treningssenter. Men han var for treig på fotballbana, oppdaga han, og syntest det var kjekkare med vektar. Så då ein løfteglad gjeng gjekk saman og skipa Sjøholt Atletklubb, vart Stian med. Fort fann han ut at dette var noko han treivst med, og utviklinga kom raskt.

Konkurransedebuten kom for vel fire år sidan, og drygt to år seinare vart han for første gong med i EM for juniorar. Det endte med en høgst respektabel 5.-plass i 100-kilosklassa samanlagt og ein plass i junior-VM. I fjor fekk han EM-bronse samanlagt og dessutan medalje i alle enkeltøvingar; seinare på året tok han òg heim ein samanlagt femteplass frå junior-VM. Derfor er det kan hende ikkje så rart at Stian vart skuffa då han mislukkast i den siste internasjonale juniormeisterskapen før han kjem over i seniorklassa.

Vekt- vs. styrkeløft. Heldigvis for Stian er styrkeløft ein idrett der det hjelper å ha nokre år på baken. Dei beste løftarane er gjerne mellom 30 og 38 år, fortel han, så truleg har han enno mange år fram til han er på toppen. Då har kan hende styrkeløftinga òg vorte OL-grein. Motsett til kva mange trur, er nemleg styrkeløfting og vektløfting ikkje det same:

– Internasjonalt er det vektløfting som er størst, og det er nok dette folk kjenner best, fordi det er med i OL. Men her i Noreg er det faktisk styrkeløft som er størst. Det trur eg har noko med at det er mange som løfter på treningssenter, og når ein snakkar med kvarandre, spør ein gjerne kva ein har klart i benkpress; det er dét som er øvinga folk flest kjenner og som dei måler seg med, forklarer Stian.

Rekordar.
Og for den som lurer: Benkpressrekorden til Stian Walgermo er 237,5 kilo, sett i NM i benkpress i år. Det er norsk juniorrekord i klassa opp til 105 kilo. (I full styrkeløftkonkurranse har han klart 225 kilo, som òg er norsk juniorrekord.) Vidare har han 340 kilo i knebøy, som både er junior- og seniorrekord, og 320 kilo i markløft. Samanlagt har han klart 867,5 kilo; dette òg er både junior- og seniorrekord i klassa hans.

No er det rett nok slik at trass i noregsrekorden til Stian, er det ein annan nordmann som har løfta meir i ein tilsvarande vektklasse. I 2006 løfta 23 år gamle Andras Hjelmtveit heile 912,5 kilo i 100-kilosklassa i verdsmeisterskapen på heimebane i Stavanger. Berre ein polakk kom uforklarleg langt framføre – heilt til han seinare vart teken i doping. Dermed vart Hjelmtveit – som den andre nordmannen gjennom tidene – tildelt VM-gullet. Men rekorden han sette, vart sendt i historiearkivet i fjor, då styrkeløftforbundet fjerna to av vektklassene.

Med VM-gull-rekorden ute av soga, er det Stian Walgermo som står øvst på rekordlista i den nye 105-kilosklassa. Sjølvsagt har han òg planar om å passere den gamle arkivrekorden, og det ganske så snart:

– 912,5 kilo, det skal eg klare no i år. Sjølv om det er ei vekt som heldt til VM-gull for fem år sidan, hadde det nok ikkje halde til noka topplassering i dag. Det har nemleg vore ein enorm utvikling i styrkeløfting dei siste fem åra, forklarer han.

På litt lengre sikt er målet å passere 950 kilo. Har han dei kiloa inne når Stavanger får attende verdsmeisterskapen i 2013, reknar han med at det vil halde til ein plass mellom dei fem beste.

Til Trondheim. Attåt styrkeløftinga er det helst programmering og webutvikling Stian driv med på fritida. Den interessa fekk han frå studia ved Høgskulen i Ålesund, der han vart ferdig utdanna som dataingeniør no i vår. Frå før har han òg fagbrev i sørviselektronikk.
Sist veke flytta Stian frå Sjøholt til Trondheim i lag med kjærasten; han for å jobbe og ho for å studere:

– Det er vel ikkje så mykje eg har nytte av musklane i kvardagen, men dei gjer det i alle fall enklare å flytte, humrar Stian Walgermo.




15 SISTE
  Ålesunder nordisk mest...
  ”Mos” gleder seg til å...
  Mange tomme seter på C...
  Oppmuntrende seier i H...
  Styrelederen lei av he...
  Jan Jönsson tenker på ...
  Usikkerhet foran serie...
  Skuffende sesongoppkjø...
  Fotballmedaljegrossist...
  Ja til Bellakhdar – ne...
  Jan Jönsson bør velge ...
  Ålesunder er verdens b...
  2014 kan bli den store...
  Starten har vært prege...
  Et spennende år for Aa...