Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Å vinne vil bety mye!
  Gammel veteran klar for sommersesongen
  Tine bytter gass med fjernvarme
  20 Kjappe - Torbjørn Agdestein

Fekk øvd på koreografi

I helga var 125 korsongarar frå Sunnmøre samla i Sykkylven til øvingshelg. Føremålet var Abba prosjektkor-heile Sunnmøre synger!

Kultur
Tekst Maria Nerhus   
Foto Maria Nerhus   
(31/01/2018)
Bildetekst: Det er framleis ei stund til, men billettsalet til Abba prosjektkor – heile Sunnmøre synger! har allereie starta, frå venstre, Lindis Utgård, Maria Holand Tøsse, Stine Hole Ulla og Erland Dalen.
 
. . . 
 
– Responsen har vore overveldande. Det er ikkje mange dagane sidan eg måtte avvise ein songar som var interessert i å vere med, fortel prosjektleiar Lindis Utgård. 
Det er no under tre månader til premieren som går av stabelen i Sykkylven storhall 21. april. Solistar er Maria Holand Tøsse og Stine Hole Ulla. Uttrykket, skal ein tru dei to songarane, samt dirigent Erland Dalen, vil ikkje utelukkande vere basert på tidlegare høyrde låtar, eller måtar.
– Både det at vi har eit stort kor, profesjonelle musikarar, to solistar og song gjerne berre i lag med piano, gjer at vi kan presentere ein stor variasjon av uttrykket, fortel dei tre. I lag med prosjektleiar Lindis Utgård, var Maria Holand Tøsse, Stine Hole Ulla og Erland Dalen på ein mini-presseturné før helga.
 
Godt samspel
– Vi er veldig godt i gang, vi fekk ein skikkelig sound sist gang, beskriv dirigent Dalen. Han har lang erfaring frå denne typen prosjektoppsetjingar. Mellom anna musikalen «Magic of the Musicals» der Stine Hole Ulla var solist. 
Dei to solistane trivst godt med å vere to, sjølv om dei begge er godt vande med å stå åleine på ei scene. 
– Vi har samarbeidd mykje før, fortel Maria Holand Tøsse. Skilnaden mellom dei beskriv ho:
– Stine har ei lys og klar stemme, eigentleg ei englestemme, medan eg har ei mørkare stemme.
– Med mykje energi, skyt Hole Ulla inn. 
Å få jobbe med nokre av dei meir ukjende låtane til Abba, likar dei godt. 
 
Fleire generasjonar er med
Sjølv om talet på menn ikkje utgjer den største delen  av koret, er dirigenten nøgd med dei som tar del. Alderssamansetjinga strekkjer  seg frå 15 til 70 år. 
– Det er ikkje mange aktivitetar ein kan gjere saman som strekkjer seg såpass aldersmessig, beskriv Dalen.
– Det er ikkje ofte eg deltek i eit så stort fellesskap, men det gjer det så gøy å vere med! strålar Stine Hole Ulla. Musikken frå Abba kan ho, sjølv om hun er fødd lenge etter at den svenske popgruppa vart oppløyst. Konserten , som skal vidare til Brattvåg, Ørsta, Fosnavåg og Parken kulturhus, er tenkt bygd opp kronologisk, frå start til slutt, altså frå 73-82. Musikalen «Chess» er ikkje del av konserten til Abba prosjektkor. Innhaldet vil variere frå dei meir ukjende songane, men truleg innehalde «Dancing Queen» - etter antrekket til Lindis Utgård å døme.  Etter helga ventar ei øvingshelg til i mars, i Brattvåg, før turneen i slutten av april.
 



15 SISTE
  – Å vinne vil bety mye...
  Sunnmøring i trappegan...
  Mange musikalske balle...
  Brudeeggferden på vei ...
  Samler Sunnmøre med ko...
  Pop-up som provoserer
  Lanserer EPen fredag
  Latter Live til Ålesun...
  Ein nordvest med ønske...
  – Lager revy om studen...
  Fekk øvd på koreografi
  Klar for ny standup-se...
  Musikalsk komedie
  Danset i gang promotur...
  Snart jul – en julerev...
annonse   
Nytt i Uka Forlag