Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

I BILDET: Sykkylvstausa i Kristiansand

Namn: Hanne Kolstø
Alder: 30
Sivilstand: Noko på gang...
Barn: Ikkje andre enn dei fire musikkprosjekta hennar

Aktuell som: Hyperproduktiv musikar med tre band (Thelma & Clyde, Love-Fi og Post) og eitt soloprosjekt. Opptrer denne sommaren
på fleire av dei største festivalane her til lands, og kjem med første soloplata til hausten. Er rotekte sykkylving, men bur i Kristiansand.

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Pressefoto: Thomas Olsen   
(08/06/2011)
Det tok lang tid før ho forstod at ho var musikar. Ho voks opp i ein familie der alle spelte på allslags instrument, og slik var det vel i andre familiar òg, tenkte Hanne Kolstø:

– Eg trudde det var slik det var for dei fleste, at alle spelte alt mogleg og at det var heilt normalt å drive og skrive låtar... At det ikkje var slik og at musikk var noko som var særskilt viktig for meg, forstod eg vel ikkje før eg var omkring 22 år, fortel ho.

At ho måtte drive med musikk var ein ting, men at ho skulle bli musikar, tok det enno lengre tid før Hanne heilt forstod. Ho reiste til Kristiansand og tok grunnfag og mellomfag i musikk, i tillegg til drama. Deretter kom ho inn på Agder musikkonservatorium. Men framleis såg ho ikkje føre seg at det var musikken i seg sjølv ho skulle leve av:

Skjønte kva som var viktig. –Tanken var å bli musikklærar eller noko slikt, men fekk meg ein knekk då eg prøvde å jobbe med anna enn musikk. Eg hadde tre jobbar samstundes, i kafé, bar og platebutikk, og eg vart heilt utbrent. Etter eit halvt år på sofaen skjønte eg endeleg kva som var viktig for meg. Så då sa eg opp alle dei tre stillingane og tok til å jobbe knallhardt med musikken. Og det har eg gjort no i fire år, seier Hanne.

På dei fire åra som har gått sidan ho bestemte seg for å satse for fullt, har Hanne sett i gang tre band og eitt soloprosjekt. Fire CD-ar har det òg blitt – to i fullformat med kvart av banda og ein ekstra EP med Thelma & Clyde. Og til hausten kjem første soloplata – ein retteleg soloplate, der Hanne spelar absolutt alt sjølv:

– Eg liker å sjå kor langt eg kan strekkje dei ulike rammene som ligg i prosjekta, og eg føler at eg får testa ut litt ulike sider av meg sjølv på denne måten: I Thelma & Clyde er det dei mørke sidene i meg som får komme fram, i Love-Fi er det rockaren i meg og i Post er det den leikne og kreative som bruker ein heil haug med instrument og alt mogleg anna som lagar lyd. Men det er som soloartist eg trur eg er mest meg sjølv, slik som venene mine kjenner meg – som den sosiale, endeframme Hanne som frir til publikum og som er eit heilt orkester aleine, fortel ho.

Rastlaus perfeksjonist.
I tillegg til å skrive alt for alle dei tre banda og seg sjølv, held Hanne fleire konsertar enn dei fleste – meir enn 100 i talet kvart einaste år. Kor i alle dagar finn ho tida og energien til alt dette?

– Eg er nok ein rastlaus person som liker å ha fleire ballar i lufta, og eg liker å presse grenser og er glad i å jobbe. Dessutan er eg ganske flink til ikkje å halde på for lenge; eg er perfeksjonist, men berre til ein viss grad, og eg klarer å sleppe tak og gå vidare, forklarer ho.

Sjølv med meir enn 100 konsertar i året, er det ikkje råd for Hanne å klare seg utan stipend og støtteordningar. Derfor går det òg ein del tid til å skrive søknader. Kanskje ikkje det kjekkaste å gjere når det er musikk ein vil drive med, men Hanne klager ikkje:

– Sjølv om det tek ein del tid, er vi utruleg heldige her i landet som har så mange stipend vi kan søkje på. I fjor fekk eg til dømes eit stipend som gjorde det mogleg for meg å dra tre veker til New York, der eg fekk konsentrere meg om å skrive tekstar. Berre å sjå på folket der var nok for å få inspirasjon for ein dag! I kvardagen saknar eg nettopp det å ha betre tid til å skrive tekstar; å skrive melodiar og akkordar er nemleg noko som ligg svært lett for meg, medan tekstane krev meir tid.

Inspirert av indre liv.
Når det kjem til musikalske førebilete, er det ikkje så mange Hanne vil nemne, men folk som Radiohead og PJ Harvey høyrer sjølvsagt med. Elles er det helst frå dagleglivet og frå andre kunstnariske sjangrar at ho hentar inspirasjonen:

– Eg lar meg inspirere av så mykje, som til dømes av å hengje med andre menneske og av bøker, kunst og filmar, særleg slike som handlar om eit indre liv. Forfattaren Kjell Askildsen er ein eg gjerne kan nemne, men elles kan det vere alt frå TV-seriar til performance- og videokunst, seier ho.

Som Yorke og Slettahjell. Hanne Kolstø har mellom anna fått strålande mottaking i P2 – der Martin Revheim karakteriserte ho som ein blanding av Radiohead-vokalist Thom Yorke (!) og Solveig Slettahjell(!!). Og i Morgenbladet omtalte Tommy Olsson det siste Thelma & Clyde-albumet som ein ”spontan forelskelse, (...) som nå etter noen runder på platespilleren har utviklet seg til dyp og ekte kjærlighet”. Likevel har det vore knapt med merksemda frå heimtraktene, og einaste konserten ho kjem på som ho har halde på Sunnmøre, var med Post i Sykkylven for fire år sidan

– Sjølv om eg har budd i Kristiansand i snart ti år, ser eg på meg sjølv som ein utprega sunnmøring, og eg heiar på alt som kjem frå Sunnmøre! Eg vil gjerne halde konsertar der òg, og eg håpte i det lengste på å vinne Den store musikkprisen, slik at eg kunne få spele på Sommarfesten på Giske. Slik vart det dessverre ikkje, men om nokon vil ha meg, kjem eg sporenstreks!

Den som ikkje vil vente til Hanne Kolstø dukkar opp på Sunnmøre, kan sjå og høyre ho på Slottsfjell, Øya, Storås og fleire andre festivalar i sommar.




15 SISTE
  I BILDET: Når enden er...
  Svakheter i begge ende...
  I BILDET: Glede i bøke...
  – Barrantes må selvsag...
  Skandaløs og uverdig k...
  Uff og uff – hjem fra ...
  I BILDET: Musikk frå e...
  Mange tomme seter på C...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...
  Usikkerhet foran serie...
  I BILDET: Jakten på no...
  I BILDET: Eventyrnerd ...
  Jan Jönsson bør velge ...