Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

I BILDET: Popmusikk med noko på hjartet

Namn: Hanne Kolstø
Alder: 32
Sivilstand: singel
Barn: nei

Aktuelt: Spellemannpris-nominert sykkylving i klassen som årets pop-solist.

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Pressefoto: Hilde Holta-Lysell   
(08/01/2014)
Sist Nytt i Uka intervjua Hanne Kolstø var ho svanger med si første soloplate etter å ha gitt ut fire langspelalbum med tre ulike band. Alle albuma hadde hausta gode kritikkar, men no hadde Hanne endeleg funne fram til noko som var hennar eige:

– Det var det som var målet mitt med å vere med i så ulike band – at eg skulle få prøve ut ulike sider ved meg sjølv, ta det beste frå alt og finne fram til mitt eige uttrykk, fortel ho.

Best sidan Syd Barret...: To og eit halvt år seinare har ho gitt ut tre soloplater og fått ei røys med femmarar for alle. Og ikkje minst har ho fått sin kan hende største fan i Morgenbladets meldar, Tommy Olsson. «Jeg ville skammet meg over å underkaste dette noe form for terningkast, og seks blir uansett et latterlig lavt tall», skreiv han etter den første plata. Og etter den andre: «Vi snakker om en artist som lager de beste låtene siden Syd Barret gikk oppreist.»

– Den første soloskiva slo ned som ei bombe i livet mitt. Eg var jo van med å vere heilt i fred, men så vart eg berre heilt rive med....

Produktiv. Hanne Kolstø er altså ein uvanleg produktiv musikar: Tre soloalbum på to og eit halvt år er det ikkje mange som gjer ho etter.

– Litt av clouet for meg er å tenkje i periodar. I staden for å samle opp alt det beste ein har skrive gjennom fire år, medan ein vert meir og meir kritisk, vil eg heller sleppe det på det rette tidspunktet.  Det gjeld å ta vare på ein feeling medan han er der.  Eg kjenner fleire som angrar på at dei har flikka for lenge på noko, fordi det opphavlege uttrykket vart borte etter kvart.

Skal seie noko. At songane faktisk skal formidle noko, er viktig:

– Det er dei som seier at dei skriv slik at alle kan kjenne seg att. Det er ei tilnærming eg er heilt ueinig i. Eg meiner at om ein skriv noko som er viktig for ein sjølv, så vil ein òg treffe andre som det er viktig for. Ein skal jo ha noko å seie!

I det heile har tekstane blitt stadig viktigare for Hanne. Men det er òg den delen ho verkeleg må arbeide og slite med. Musikken kjem nemleg til ho i ein uendeleg og ustoppeleg fløym, medan tekstane vert til gjennom hardt arbeid i etterkant.

– Eg er utruleg glad for at meldarane har kommentert og sett pris på tekstane mine. Det er nemleg sjeldan for engelskpråklege plater. Er tekstane norske, vert dei oftast kommentert, men er dei på engelsk, verkar det som ein kan sleppe unna med kva som helst.

Ærleg på engelsk. At ho skriv på engelsk er slett ikkje tilfelleleg – og det er heller ikkje fordi ho er redd for å verke banal på norsk:

– Eg skriv på engelsk fordi tekstene mine er veldig rett på sak – direkte og ærlege. Det engelske språket gir dei eit filter som gjer at ein møter musikken først, så kan ein heller gå inn i tekstane om ein ønskjer det. Men eg liker òg artistar som syng på norsk – særskild synest eg litt «enklare» musikk, viser til dømes, kler norsk godt. Det eg driv med er popmusikk, men det er ikkje heilt streit og enkelt – og då synest eg engelsk passar best.

Rihanna og Motorpsycho. Sjølv høyrer Hanne på mykje forskjellig musikk – frå listepop à la Rihanna til hiphop og Motorpsycho. Mykje jazz har den tidlegare jazzsongarinna òg lytta til.

 – Eg liker ikkje Rihanna på grunn av artisten, men fordi eg er glad i ein god poplåt – og Rihanna har mange gode låtskrivarar. Justin Timberlake og Lady Gaga òg, til dømes, har mange gode låtar.
 Motorpsycho lagar ikkje berre kritikarrost alternativrock, men er dessutan eit førebilete for Hanne på eit meir praktisk plan:

– Eg vil gjerne byggje meg ein karriere på den måten Motorpsycho har gjort det: Dei spyr ut plater, tilsynelatande heilt ukritisk, i alle kategoriar. Dermed er dei alltid aktuelle, dei får trufaste fans som følgjer dei heile tida, og det er alltid nokon som liker det eine, medan andre liker noko heilt anna.

Heim til Sykkylven. Etter å ha budd fleire år i Kristiansand, der ho mellom anna tok musikkutdanninga si, fór ho heim til Sykkylven for å lage tredjeplata, «Stillness and Panic». Eit hyperaktivt liv med stadige nye låtar, nye album og over 100 konsertar i året var i ferd med å setje spor:

– Eg trur eg kom meg heim akkurat i rett tid. Sjølv om det ikkje var noko kvileår slik sett – eg laga jo heile plata der – så var det heilt fantastisk å vere heime på Sunnmøre att. Eg er ei skikkeleg fjellgeit og er glad i å gå aleine i fjellet – og eg er glad i å lese mykje. Dessutan var det fint å kunne hengje litt med foreldra som vaksen, fortel ho.

Til Lofoten. Dei fleste låtane på «Stillness and Panic» vart laga i bedehuset i Sykkylven, og plata vart dels produsert der og dels i barndomsheimen. Tekstane drog ho til Lofoten for å skrive. Ein månad skulle ho vere der, var planen. Heilt slik gjekk det ikkje:

– Då eg skulle reise heim att, tok eg til å grine. Eg hadde ikkje lyst å dra. Så det enda med at eg flytta oppover. For tida er det fire timar med eit fantastisk lys – soloppgang og solnedgang i eitt, utan at sola kjem over horisonten. Men i morgon kjem ho – det vert spennande å sjå!

Konsert i Ålesund?
Konsertane, som Hanne Kolstø tidlegare heldt meir enn 100 av i året, har ho altså roa drastisk ned på. Men i mars legg ho ut på ein liten norgesturné – og til sommaren kan ho kanskje endeleg bli å sjå og høyre i Ålesund. Her har ho faktisk aldri halde konsert før:

– Det er ikkje heilt avklart, men det er ganske stor sjanse for at eg kjem innom ein festival nær dykk i løpet av sommaren!




15 SISTE
  I BILDET: Når enden er...
  Svakheter i begge ende...
  I BILDET: Glede i bøke...
  – Barrantes må selvsag...
  Skandaløs og uverdig k...
  Uff og uff – hjem fra ...
  I BILDET: Musikk frå e...
  Mange tomme seter på C...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...
  Usikkerhet foran serie...
  I BILDET: Jakten på no...
  I BILDET: Eventyrnerd ...
  Jan Jönsson bør velge ...