Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

I BILDET: Musikk frå ei brytningstid

Namn: Lena Nymark
Alder: 33 år
Gift med Eyvinn Magnus Solberg
Barn: Arne (3) og Jens (2)
Stilling: Musiker og kulturskulelærar

Aktuell med: Gav ut si første soloplate, «Beautiful Silence», før helga.

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(28/05/2014)
Tekster og melodiar har Lena Nymark hatt på plass i mange år allereie, men først no har ho fått spelt dei inn og gitt dei ut. Den første soloplata hennar har fått namnet «Beautiful Silence» og er resultat av ei brytningstid:

– Eg flytta tilbake til Langevåg i 2007 for å skrive musikk til ei soloplate, og melodiane vart til på eit piano, eller husorgel. Men så kom eg i lag med teknikaren frå studioet på Giske, Eyvinn Magnus Solberg, vi flytta inn i farmorhuset, og eg vart gravid, fortel ho.

NAV-feil vart plate.
Plutseleg var det altså så mykje anna som måtte prioriterast føre ei soloplate, både når det gjaldt tid og pengar. Men etter å ha fått to ungar og gifta seg, dukka brått NAV opp med ein handfull kroner. Dei hadde nemleg misforstått og gjort ein feil med mammapermisjonspengane.

– Mannen min sa at eg fekk bruke pengane til endeleg å få spelt inn soloplata mi, smiler Lena.
Dermed gjekk turen til studioet til Ocean Sound Recordings på Giske, etter først å ha kontakta eit par gode vener i Oslo: produsent Juhani Silvola (som mellom anna produserte første plata til Highasakite) og pianist Andreas Ulvo. Sistnemnde hanka òg inn  bassist Ellen Andrea Wang, som Lena ikkje kjende frå før, og perkusjonist og elektronikar Martin Langlie.

– Når eg held konsert, er det Stig Rennestraum som sit ved trommene; han er nærast ein musikalsk ektemann, sidan vi har spelt i lag sidan ungdomstida. Men på plata hadde eg lyst å ha med meg berre nye folk for å prøve å finne fram til eit nytt uttrykk.

Liker ikkje å sjefe.
Sjølv om Lena var aldri så klar for forløysing etter eit nær eviglangt platesvangerskap, var det ei side ved det heile ho ikkje såg fram til:

– Eg grudde meg til å vere sjef. Det liker eg ikkje... Men så fekk eg ei bursdagsgåve frå svigerfar min, som driv med headhunting til ingeniørfirma – det var ei bok om leiarskap. Og der fekk eg nokre gode råd.

Lena fortel at ho har ein tendens til å vere veldig detaljfokusert, men boka forklarte at slikt nyttar ikkje når ein skal vere leiar. Dessutan tok ho til seg rådet om ikkje å styre heile tida, men berre når det verkeleg gjeld. Det fungerte.

– Innspelinga gjekk veldig bra! Stemninga var god og det var berre gøy; eg fekk i grunnen lyst å jobbe slik heile tida, ler ho. – Dessutan var det ganske fint å få vere den som skulle leie studio og betale ut løner; på det viset følte eg at eg fekk bidra med noko til samfunnet.

Variasjon og heilskap. Sjølv om melodiane var klare på førehand, fekk dei andre musikarane vere med å bestemme korleis lydbiletet skulle vere. Resultatet vart ei plate der mesta kvar låt har fått sitt eige lydlege uttrykk.

–  Eg har vore oppteken av at det skulle vere ei heilskap på plata, og at låtane skulle henge i hop. Men eg liker godt plater som er som eit slott der kvart rom er forskjellige, og eg trur du kan seie at vi har gått inn i verda til kvar enkelt låt og laga eit sound som passar til kvar av dei. Somme låtar er til dømes ganske akustiske, medan andre er meir poppa, seier Lena.

Ho fortel at mange av låtane var veldig jazza då dei kom frå hennar hand, men at ho ville unngå å hamne i jazzverda. I staden ville ho skape ei litt udefinerbar plate med melodiar som ligg i det ho kallar ei hengekøye mellom jazz, pop, indie og bluesrock.

Personleg.
Melodiane og tekstene er altså skrive i ei brytningstid der Lena hadde søkt seg attende til dei geografiske røtene og funne mannen i sitt liv, men enno ikkje hadde vorten gravid – ei tid midt mellom det frie musikarlivet og det etablerte familielivet – eller mellom to ulike boblar, som ho seier det sjølv.

Tekstene er både på engelsk og suladialekt, alt etter kva som passa der og då. Fellesnemninga er at dei alle er djupt personlege:

– Det er så personlege tekster at dei måtte ut på eit soloalbum. Dei hadde ikkje passa i eit bandkonsept, seier ho.

Jordnært plateselskap.
«Beautiful Silence» er utgjeven på Grappa – og det er slett ikkje tilfeldig:
– Eg hadde veldig lyst å gje ut nett på Grappa, som et er eit stødig, norsk plateselskap med djupe røter. Og då eg ringde rundt til ulike plateselskap for å høyre om dei var interesserte i å gje ut musikken min, var det hos Grappa dei var mest jordnære. Det likte eg.

Dinosau og Isungset.
Frå før er Lena Nymark kan hende mest kjend frå den eksperimentelt-humoristiske elektronikapoptrioen Dinosau (som hadde ein liten hit med den småabsurde «Pärris») og frå samarbeidet med perkusjonist og is-musikar Terje Isungset. Dinosau ligg for tida litt i dvale, medan samarbeidet med Isungset framleis er varmt; sist helg hadde dei konsert i England.

Kulturskulelærar. Å vere musikar litt på utsida av mainstreammusikken gir ikkje dei mest stabile inntektene, så til dagleg arbeider Lena som lærar i kulturskulen i Sula. Attåt song, underviser ho òg i saksofon og klarinett.

– Å jobbe i kulturskulen er veldig givande, same kor stort talent elevane har – ja til og med når dei mesta aldri treff ein tone, smiler ho.

Sommerfesten-veteran. Med ektemann og to små ungar blir det ikkje den heilt store platesleppturneen, men nokre solokonsertar her og der vert det i alle fall i tida som kjem, både i Oslo, Trondheim og Tromsø. Her på berget har Lena førebels berre Sommerfesten på Giske på planen – det ser ho fram til:

– Eg er jo mesta ein veteran på Sommerfesten; to gongar har eg vore der med Dinosau, og eg har sunge i lag med både Robert Post og Egil Olsen. Men dette vert første gang eg opptrer der som soloartist, så det gler eg meg til, seier Lena Nymark.












15 SISTE
  I BILDET: Når enden er...
  Svakheter i begge ende...
  I BILDET: Glede i bøke...
  – Barrantes må selvsag...
  Skandaløs og uverdig k...
  Uff og uff – hjem fra ...
  I BILDET: Musikk frå e...
  Mange tomme seter på C...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...
  Usikkerhet foran serie...
  I BILDET: Jakten på no...
  I BILDET: Eventyrnerd ...
  Jan Jönsson bør velge ...