Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

”Deg” har blitt til ”Oss”

Fjerdeplata til Ole Reinlund er ute i desse dagar. Tittelen på plata er «Oss».

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(24/09/2014)
Fem år er gått sidan den førre plata til Ole Reinlund. Den hadde tittelen «Deg». Det forplikta litt, synest han sjølv.

– Det var naturleg å gå frå «Deg» til «Oss». For meg, som er ein mann midt i livet, har «oss» blitt veldig viktig. Verdien av samvær og fellesskapen er svært viktig for meg. Uten «oss» finnest ikkje ”vi”. Det er dei som utgjer «oss» som definerer kven kvar og ein av oss er, forklarer Ole.
Han fortel at alle dei tre siste platene hans er innafor det same musikalske universet, og dei heng også i hop tekstmessig. Sjølv om det ikkje er nokon trilogi, så er dei ein del av det same prosjektet.

Statusalbum
– «Oss» er eit slags statusalbum om der eg er nett no, takksam for livet. Låtane har eit midt-i-livet-perspektiv, der eg reflekterer over det livet eg har levd, kva som har vore og kva som kan kome.

– Denne gongen synest eg likevel det er vanskelegare å snakke om songane enn det har vore før. Men der er nokre raude trådar. I ein av dei sentrale låtane heiter det «ser i album/ser i speil»; det dreier seg om å sjå seg bakover, samstundes som ein ser framover.
 
Visejazz
Sjangermessig held Ole Reinlund seg trufast til visejazzen. «Vise» fordi tekstane, tekstformidlinga, melodiføringa og vokalen er i sentrum, forklarer han – «jazz» fordi han har med seg eit knippe framifrå jazzmusikarar som set farge på melodiane, fordi låtane reint akkordmessig grensar mot jazz.

Dei tre musikarane han har med seg gjennom heile plata er trommeslagar Håkon Mjåset Johansen, som Ole har spelt med i 14 år, kontrabassist Gjermund Silset og Kåre Nymark jr. på trompet og flygelhorn. Dei to siste er nye i bandet til Ole, som sjølv speler flygel attåt å stå for vokalen. Dessutan har kvartetten på noen spor med seg jazzsangerinna Kirsti Huke på koring.

At det har gått så mange år sidan det førre albumet, skuldast sjølvsagt det enkle faktum at Ole Reinlund ikkje er nokon fulltidsmusikar – snarare tvert om. I det dagleg er han entreprenørskapsleder på Ålesund vidaregåande skole, så musikken må både skapast og utøvast på fritida. Då tek det naudsynleg litt tid.

Sjølv om Ole set sisteplata i nært slektskap med dei to førre, har han gjort eitt heilt nytt grep: Helvta av låtane har heilt eller dels tekstar som er skrivne av andre. Somme er nytta heilt som dei er, andre har Ole skrive om til dialekt eller berre brukt deler av, og somme gonger har han gått i dialog med ein tekst.

Norsklærar Falkeid
Ein av tekstane som er brukt nett som han er, er skriven av lyrikaren Kolbjørn Falkeid.

– Kolbjørn Falkeid var norsklæraren min på vidaregåande skule, og det var han som på mange måter fekk meg i gong som artist. Likevel har eg aldri nytta tekstar av han før – det er det jo Vamp som har gjort. Men no syntest eg tida var inne. Eg valde eit dikt som heiter «Venteværelse», som eg synest er eitt av dei flottaste han har skrive.

Jens Bjørneboe viser seg òg i ein tekst, der Ole har nytta deler av diktet «Mitt hjerte». Ein annan særs kjend forfattar han har nytta seg av, med løyve frå opphavsmannen, er Dag Solstad. Frå han har Ole henta nokre liner frå eit par korttekstar frå 60-talet.

– Det er veldig spennande å gå inn i andre sine tekstar, fordi tekstane òg påverkar musikken, seier Ole.

Om døden
Ein av låtane han gjerne vil trekke fram, er «Boaskjær». Teksten er skriven av ein mindre kjend forfattar frå Bømlo, Birger Røyksund, men melodien er skriven av Kenneth Sivertsen. Låten var åpningssporet på debutalbumet til multikunstnaren som gjekk bort så altfor tidleg.

– «Boaskjær» er ei sterk og vakker vise som handlar om ein gammal mann som ser seg attende og veit at døden kjem. Når ein veit korleis det enda med Kenneth, vert det ekstra sterkt.

Fysisk CD
«Oss» kjem sjølvsagt både digitalt og fysisk, på CD.

– Eg har framleis tru på albumkonseptet og tviheld på det. Det er noko med det å få låtane i rekkjefølgje og å ha noko fysisk som er grafisk gjennomarbeidd, seier han.

Sleppefest
Den offisielle sleppedatoen for «Oss», er 1. oktober. Denne dagen vert det markering og konsert på Teaterfabrikken. Deretter vert det eit par konsertar til på Sunnmøre, før Bergen ventar.

–  Med full jobb går det ikkje å reise så mykje på turné. Ambisjonen er å halde konserter i alle landsdelar i løpet av dei to komande åra. Det viktigaste området mitt er likevel kysten; det er her tekstane mine gir best attkjenning, seier Ole Reinlund, som sjølv kjem frå Karmøy.




15 SISTE
  Råare enn nokon gong
  Jonas Alaska – ein vel...
  Mahogni speler inn ny ...
  Svanger med barn og pl...
  20 KJAPPE: Om å elske ...
  Ålesund Live erstatter...
  ”Deg” har blitt til ”O...
  Til Høstscena med ryke...
  Her er resepsjonisten ...
  Jazzdamenes høstscene
  21 000 publikummere op...
  Rockefest bak fjellet ...
  Trancedronninga fra Ål...
  Musikalsk sommerglede ...
  I BILDET: Mørk, rar og...
annonse   
Nytt i Uka Forlag