Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – La private få bygge og drive pleie- og omsorgspl...
  Jernet strømmer inn til Nepal
  Klar for favorittfestivalen
  Dette er tilbudet eldre i omsorgsboliger får i Åle...

Mahogni speler inn ny plate på Giske

Dei syng rølpete reggae på ålesundsdialekt og har dei siste åra gitt folket beskjed om å ”kvile se, kose se, og hør på reggae”. I haust skal dei spele inn ny plate.

Kultur
Tekst Tove Elise Thue Dale   
(12/08/2015)
 – Det blir mykje nytt og litt gammalt låtmateriale. Vi har rundt åtte songar vi skal spele inn, og dei aller fleste er heilt nye. Vi har booka ei veke i studio i oktober, og håper å gi ut den nye plata til påske neste år. Den blir gitt ut på vinyl og digitalt på iTunes slik som dei andre vi har gitt ut tidlegare, fortel vokalist Marius Lunde Petersen.
 
Utfordrande bandøving
 
Dei starta bandet i 2011. Av dei fire bandmedlemane frå Hatlane, Lerstad, Larsgården og Ulsteinvik  er det no berre vokalist og gitarist Marius Lunde Petersen som framleis bur på Sunnmøre. Dei tre andre bur i Oslo og Bergen.  Erlend Lerstad og Hogne Aarflot er også med i rockebandet Knekklectric, som også syng på ålesundsdialekt. 
 
– Vi har ein del utfordringar med å få til bandøvingar, sidan vi bur på ulike plassar. Men har fått så mykje god respons dei siste to åra at vi får lyst til å halde fram. Så no prøver vi å møtast i alle fall annankvar månad for å øve, seier han. 
 
Sjølv arbeider Lunde som driftssjef for  Momentium på Giske.
 
Bandet består av vokalist og gitarist Marius Lunde Petersen, trommis  Jan Ivar Wolstad, Hogne Aarflot på bass og Erlend Lerstad på tangentar.  Tidlegare har dei gitt ut tre EPar. ”Bryt opp” i 2012, ”Kvil d” i 2013 og ”Det e her det skjer” i 2014. I haust skal reggaegutane i studio igjen, på lydstudioet Ocean Sound Recording på Giske.
 
 
  
 
Ekstremsport-reggae
 
Lunde beskriv musikken sjølv som rølpe-reggae.
– ”Vi gjenge i vår eiga rås”, seier han. 
 
Hittil i år har bandet nesten utelukkande spelt på ekstrem-sport- arrangement. Dei har nemleg opptredd på downhill sykkelfestival Hilbilly Huckfest på Ål i Hallingdal, og på toppturfestivalen High camp Turtagrø i indre Sogn ved Jotunheimen. 
 
– Er det slik at Mahogni har blitt eit nisje-band innan ekstremsportmiljøet?
 
– Hehe, det kan nesten verke slik. Vi har i alle fall fått ein viss appell i dette miljøet. Men det kan jo ha noko med at eg driv litt på med ekstremsport sjølv, seier Lunde.
 
Syng på ålesundsdialekt
 
Sist dei spelte i området var på Sommerfesten på Giske i fjor. Då tok dei sjøscena med storm med kvitskjorte og slips, og halve Sunnmøre dansa og song med på ålesundsdialekt.
 
– Vi har fått ein stor og trufast fanskare her heime, og det er veldig kjekt. Det er ikkje så mange
andre band som syng på ålesundsdialekt i dag, utanom Knekklectric og oss, seier vokalisten.
 
Inspirert av Side Brok
 
Marius Lunde Petersen skriv tekstane, og han syntest det var meir naturleg å uttrykke seg på si eiga dialekt enn på engelsk, som han først prøvde seg på.
 
– Eg blei veldig inspirert av Runar Gudnason og Side Brok, rapgruppa frå Ørsta som syng på dialekt. Det var etter å ha høyrt på dei at eg begynte å skrive på dialekt, fortel han.
 
Tankevekkande tekstar
 
I tekstane tar dei opp kvardagslege problem,  og mange av tekstane viser kritikk til samfunnet vi lever i. I songen ”Folkevett”, syng dei: 
 
”Vi har forsynt oss til de grader av vår ega jord, ingen tar affære, alle står å glor. 
Det e folket som bestemme, folket som har rett, det eneste problemet e at folket harkje vett.”
 
– Vi syng om kvardagslige ting, ting som ein seier og tenker på i kvardagen, og det trur eg gjer at det er lett å synge med og ha det gøy med oss, seier vokalisten.
 
Neste gong bandet skal opptre i Ålesund blir andre juledag, 26. desember, på Terminalen Byscene.
 
 
  
Mahogni – Kvil D (live, Sommerfesten på Giske, 5. juli 2014) 
 
 
 
 
 
 
 



15 SISTE
  Råare enn nokon gong
  Jonas Alaska – ein vel...
  Mahogni speler inn ny ...
  Svanger med barn og pl...
  20 KJAPPE: Om å elske ...
  Ålesund Live erstatter...
  ”Deg” har blitt til ”O...
  Til Høstscena med ryke...
  Her er resepsjonisten ...
  Jazzdamenes høstscene
  21 000 publikummere op...
  Rockefest bak fjellet ...
  Trancedronninga fra Ål...
  Musikalsk sommerglede ...
  I BILDET: Mørk, rar og...
annonse   
God Sommer 2018
annonse   
Nytt i Uka Forlag