Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Fortviler over nestenulykker i Blindheimsgeilane
  Plastsjokket
  100 programinnslag til inspirasjon for alle
  Pop-up som provoserer

Jonas Alaska – ein veldig nostalgisk fyr

Med tredjeplata har Jonas funne fram tenåringsangst, frustrasjon og forelsking frå oppveksten i pannekakebygda Åmli. Torsdag 10. september spelar han på byscena i Ålesund.

Kultur
Tekst Tove Elise Thue Dale   
(02/09/2015)
TIL ÅLESUND: Jonas Alaska var ein sensasjon då han lanserte debutalbumet i 2011. Han er omtala som eit av dei sterkaste nye skota på låtskrivarstammen – og bestekompis med ålesundaren Mikhael Paskalev. Foto: Ingrid Pop.
 
- - -
 
Han er omtala som eit av dei sterkaste nye skota på den nye norske låtskrivarstammen, han vart trippelnominert til Spelemannsprisen med debutplata i 2011, og vann prisen for årets nykommar. Medan han før var kjend for lågmælte akustiske låtar, americana-stil og den svarte flate hatten, har han no gått over til elektrisk gitar og friske popsongar med friske tekstar i tredjeplata «Younger».
 
Klassekamerat med Paskalev
Både Jonas Alaska, kjærasten Billie Van og ålesundsartisten Mikhael Paskalev gjekk på Paul McCartney sin artistskule i Liverpool. Der starta dei det som skulle bli eit tett musikalsk samarbeid.
– Eg og Michael møttest for seks år sidan og vi var klassekameratar andre og tredje året og delte leilegheit. Eit år seinare blei eg saman med Billie Van, fortel Jonas.
 
Eit musikalsk trekløver
Jonas er kjærast med Billie og bestekompis med Mikhael, og til saman er dei alle tre involverte i kvarandre sine band i tillegg til å vere eigne soloartistar.
 
– Både eg og Michael var med på å produsere singlane som Billie nyleg har gitt ut, og både eg og Michael spelar i hennar band. Billie er kordame og spelar i begge våre band også, og ho kjem til Ålesund med meg for å kore og spele gitar, seier han.
 
Dei tre budde i lag som sambuarar i Oslo ei periode etter at dei var ferdige med utdanninga, men no har Jonas flytta for seg sjølv, og Billie bur i Danmark.
 
– Eg skriv all musikken sjølv, men Mikhael og Billie er dei første eg viser den til. Vi har ein tett dialog. Dei er veldig viktige for korleis eg tenker på musikk og for dei vala eg har tatt som musikar, seier artisten. 
 
Inspirert av Knausgård
Alaska skreiv sin første låt då han var 19 år gamal, og fortel at han alltid har vore mest opptatt av tekstskrivinga.
 
– Eg kan bruke mykje tid på å finne ei vinkling, men alle tekstane handlar om livet mitt. Eg er nemleg ikkje så god til å dikte opp, seier han. 
– Når det gjeld musikken så hentar eg inspirasjon frå mykje forskjellig. Akkurat no høyrer eg mest på David Bowie. I går såg eg dokumentaren om Amy Winehouse, og den knuste hjartet mitt fullstendig, seier han.
 
Han har også endeleg lest alle bøkene i Min kamp- serien, og forstår no hysteriet rundt  forfattaren Karl Ove Knausgård og bøkene han skreiv for eit par år sidan.
– Eg har jo høyrt snakk om bøkene i mange år, men først no las eg alle seks bøkene. Han er jo frå same område som meg på Sørlandet, og han skriver heilt fantastisk. Eg blei sjokka over kor bra dei er. Dei siste månadane har eg ikkje tenkt på anna, det er heilt overveldande, fortel han entusiastisk.
 
Ein veldig nostalgisk fyr
Med tredjeplata «Younger» har han tatt eit skritt i retning av den yngre delen av fanskaren, og laga eit album som handlar om tenåringsangst, forelsking og audmjuking. Første singel var «Summer», med bygdefestvideo.
 
– Eg har lenge hatt lyst til å lage ei tematisk plate, og  den nye plata er eit tilbakeblikk på kjenslene frå ungdomstida. Den nye plata er også elektrisk, i motsetning til dei to førre som vart spelt inn med kassegitar, fortel han.
 
Ein viktig inspirasjonskjelde til plata er den svenske filmen Fucking Åmal frå 1998. 
– Det er ein av mine favorittfilmar, eg diggar estetikken i filmen. Eg er jo ein veldig nostalgisk fyr, og kjem sjølv frå ei lita bygd. Det er gøy å skrive tekstar om den tida, men no er det ikkje slik at eg har lyst til å vere 16 år igjen, seier han.
 
Bygdegut som trivst i byen
Jonas Alaska vaks opp i bygda Åmli i Aust-Agder på Sørlandet. Åmli er «Bygda for alle» og har 1800 innbyggarar.
 
– Eg er veldig glad i bygda, og er framleis veldig nostalgisk til den tida. Det var heilt topp å vekse opp der. Mykje fordi eg begynte å skate då eg var åtte. Heile ungdomstida mi handla om skating, og det var slik eg oppdaga musikk, fortel Alaska. 
 
Han er glad i bygda si, men trur ikkje han kjem til å flytte tilbake.
– Det er kjekt når alle kjenner alle, men det er fint å ha det litt på avstand også. Eg bur i Oslo men eg drøymer nok meir om å flytte til New York enn tilbake til Åmli. Men eg reiser heim ofte og det kjem eg til å halde fram med. Kanskje eg kjøper ei hytte der ein dag, seier han.
Då Nytt i Uka prata med han, satt han på ei strand i Danmark. Der bur kjærasten. Det kan vere at han kjem til å flytte dit.  
 
– Det er lenge sidan sist eg var her no, så det er godt å komme att. Det er ein ferie for meg, men vi er litt i studio også. Eg trur eg kjem til å vere her mykje meir framover, seier han medan han sit på stranda og kastar steinar i vatnet. 
 
 
 



15 SISTE
  Råare enn nokon gong
  Jonas Alaska – ein vel...
  Mahogni speler inn ny ...
  Svanger med barn og pl...
  20 KJAPPE: Om å elske ...
  Ålesund Live erstatter...
  ”Deg” har blitt til ”O...
  Til Høstscena med ryke...
  Her er resepsjonisten ...
  Jazzdamenes høstscene
  21 000 publikummere op...
  Rockefest bak fjellet ...
  Trancedronninga fra Ål...
  Musikalsk sommerglede ...
  I BILDET: Mørk, rar og...
annonse   
Nytt i Uka Forlag