Demon Box
frå 1993 var det store gjennombrotsalbumet til bandet, og blir av mange rekna
som eit meisterverk innan norsk musikkhistorie. Motorpsycho er kanskje det
bandet som har leika seg aller mest innanfor ulike stilartar, og Demon Box var
albumet der dei begynte med dette.
For å feire dei siste tjuefem åra ville dei no
spele albumet live, i den originale Vinyl 2LP-utgåva. Konserten gjekk tre dagar
på rad på den intime scena på Rockheim.
I
anledning konsertane vart bandet samla saman til sine tidlegare former, med tidlegare
trommeslagar Håkon Gebhardt og lydmeister Helge «Deathprod» Stenegg til
noverande trommis Kenneth Kapstad, vokalist og bassist Bent Sæther og gitarist
Hans Magnus «Snah» Ryan.
Det var 350
menneske tilstade, og alle var fans. Salen var også full av tilreisande
Psychonauts, mellom anna ein heil fanklubb av jenter frå Italia som hadde følgt
bandet sidan 1993 og vore på rundt 40 konsertar.
Ein vegg av lyd
Dei starta
konserten med den koselige opningssongen «Waiting for the one», med Snah på
fele og Sæther og Gebhardt på kassegitar. Etter det kom slagkraftige «Nothing
to say», med unison allsong frå publikum.
Det vart
hardare etter kvart, og ein vegg av lyd, lys og tåke slo over oss med metallharde
Feedtime, etterfølgt av «Gutwrench», og indierocka
«Sunchild».
«Mountain» blei til ein lang og suggerande affære som tok oss
lenger og lenger inn i det supersoniske hardrock-landskapet.
Så kom eteriske «Tuesday morning» som blir etterfølgt som ei
perle på ei snor av alveaktige «All is loneliness».
Det gav
ekstra styrke til bandet at dei hadde med både noverande trommis Kenneth
Kapstad og ex-trommis Håkon Gebhardt. Resultatet var superhardt og slagkraftig.
Det første høgdepunktet var den episke låta Plan #1. Dette er ein av dei verkeleg store klassikarane innan norsk eksperimentell rock, og er ein av dei songane som etsa seg inn som ei tatovering i nervane til unge sinn.
Publikum vrengte seg i ekstase etter som dei skjøre og litt skumle tekstane til poeten Matt Burt kom ut gjennom høgtalarane.
Støy-bonanza for alle penga
Det andre
høgdepunktet var tittelsporet, 17 minutt lange «Demon Box».. Det var støyrock, ubehageleg, og godt. Songen
gjekk inn i eit eviglangt spor av dronerock. Her var støygeniet Helge
«Deathprod» Sten verkeleg i sitt ess. Noko av det som gjorde opplevinga så unik
var nettopp han, og stemninga han skapte med å lage lydar med utstyr frå
90-talet.
Han lagde lydar og støy med berre ei leidning med inngang, og han
surra denne rundt armen, kasta han inntil vreng forsterkarane og på eit
tidspunkt – sleika på den.
Dei som
ikkje hadde i øyreproppar sleit.
Men det skulle vere høgt. «Skru av
airconditionen!» ropte vokalisten på eit tidspunkt.
Det skulle vere varmt og
ubehageleg. Det tok også heilt av, men heldigvis utan verken dytting
eller øl-søling.
Gjekk lenger enn langt
Då det
stoppa, ville publikum likevel ha meir, og meir fekk dei. Bandet kom tilbake på
scena enda ein gong. Då vi ikkje trudde dei hadde verken meir av seg sjølv eller
fleire trommestikker å gi, tok dei oss enda eit hakk lenger med den ultraharde
«Fleshharrower» med utelukkande growl-vokal,
før dei avslutta litt koseleg igjen med allsong og «The one who went away».
Det var
fysisk utmattande å vere på konserten med Motorpsycho denne kvelden. Tjue
minutt lange suggerande og psykedeliske
dronerock-låtar i mellom svartmetall og pop-allsong i over to timar.
Ein
blei heilt utslitt sjølv når ein sto heilt stille for å få med seg gitarspelinga til Snah eller dei nervepirrande
triksa til Deathprod. Men det gjorde godt.
Tilbake til 1993
For ei
som berre var ni år gamal då «Demon Box» kom ut, og ikkje oppdaga plata før
åtte år seinare, var det sjølvsagt ei heilt spesiell oppleving å få oppleve
bandet spele eit album frå si «storleikstid».
Likevel var det slettes ingenting
som tyda på at verken songane eller musikarane skulle ha vore på sitt beste for
over 20 år sidan. Det kjentes heller ut som ei tidsreise enn eit tilbakeblikk,
med den same råe energien og det same teknologiske utstyret dei brukte i 1993.
Motorpsycho har meir slagkraft og dugleik enn nokon gong før, og eg gleder meg
til å sjå dei igjen.
Alle foto: Rune Furelid.