Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Stopp byggegalskapen!
  – De rødgrønne tar fra de svakeste
  Fotballegendens høyre hånd
  20 KJAPPE: Med bacon, poteter, kålrabi og mør

Nicolai Cleve Broch – Konge på Giske!

Nicolai Cleve Broch, ein av dei mest feira og suksessrike film- og teaterskodespelarar i Noreg for tida, spelar kongen i Giskespelet 2009.

Kultur
Foto Pressefoto fra Uro   
(13/05/2009)
Dei fleste har sett han i hovudrolla i Max Manus, den største norske filmsuksessen gjennom tidene, og i Buddy, Den siste revejakten og ei rad andre norske filmar dei siste åra. For tida speler han Shakespeare på Nationaltheatret, og får igjen strålande kritikkar. Til sommaren speler han altså Heilag-Olav i Giskespelet på Giske Amfi.

Konge på Stiklestad
Rolla som Heilag-Olav har han også hatt før, på Stiklestad i 2004. I Giskespelet, som på mange måtar er forspelet  til slaget på Stiklestad, får han på nytt høve til å gi ei tolking av den spanings- og motsetnadsfylte kongeskapnaden.

Mange kjende kongar
Ensemblet på Giske gler seg. Dei er etter kvart blitt vande med å spele mot landskjende skodespelarar i denne rolla, mellom andre  Anders Baasmo Christiansen og Paul-Ottar Haga  dei siste åra. Det gir ekstra inspirasjon og stadig ny teaterkunnskap og erfaring å få arbeide og spele saman med folk med så spennande CV-ar.

Teatersuksess
Nicolai Cleve Broch har hatt ei rekkje spennande roller både på Det norske teateret og på Nationaltheatret dei siste åra, mellom anna i Brødrene Karamasov ( Dostojevski), Skuggar (Jon Fosse), Keiser og Galileer (Ibsen), Et drømspill ( Strindberg) og Pippi Langstrømpe (Lindgren) . Han vil vere kjend også av det yngre publikumet gjennom dei mange filmrollene, mellom anna i  Sebastian, Superkatten Zorba, Buddy, Min bror bjørnen 1 og 2 (norsk stemme), Fartsstriper (norsk stemme), Uno, Uro, Lønsj, Den siste revejakta og Max Manus.

Ung respons
At han no kjem til Giske er eit kupp for utviklinga av kongerolla og spelet.  Responsen blant det yngre kinopublikumet var i alle fall spontan, då det blei kjent at han skulle spele i amfiet på Giske. Publikum har mykje å gle seg til i spelhelga 19. til 21. juni.




15 SISTE
  Ålesundskinoene best i...
  Floppet i Norge, feire...
  Barneteater x 3
  Gatekunst i bevegelse
  Brenner for Frost
  Halv Hamsun
  Høythengende ”hederlig...
  Opdahl med stor Hamsun...
  En levende kunstforeni...
  I BILDET: Vegard Fiske...
  En sympatisk Giske-kon...
  Filmskatter frem fra g...
  Nicolai Cleve Broch – ...
  Fra Ukraina med dansel...
  Munnrapp energibunt
annonse   
Nytt i Uka Forlag