Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Sommer i nordvest
  Frykter for sjøsikkerheten
  – Vi blir motarbeidet av vegvesenet
  Nå blir det regnbuefest i Ålesund

Love Will Haunt You Down

Vi sit truleg i ein blå Amazon utanfor Øysenteret på Valderøy. Klokka er mykje. Midt på parkeringsplassen står bilar og held rundt kvarandre for ikkje å fryse, der dei dannar automobile samfunnshus. Bilane surfar rundt og rundt. Tung bass blandar seg med eksos og sjøluft. Vi er parkert i barndomsminne.
The Margarets (bildet, foto: Agnete Brun) sitt barndomsminne.

(05/02/2008)
Love Will Haunt You DownAv Bjarte Bjørkum
Produsenten & Rådgjevaren
Produsenten for The Margarets komande album sit fastspent i passasjersetet foran, sjølv om bilen forlengst har stoppa. Mannen som ikkje våger å fly. Mannen med to band, og Det Norske Teateret i ryggen. Bikubesongaren til Frode Grytten. Rune Berg. Storebror. I førarsetet sit The Margarets sin rådgjevar. Tidlegare tekstforfattar for verdas største merkevare Coca-Cola. Tidlegare silkefot på Valder IL sitt smågutelag. Matchvinnar frå Sunnmørscupfinalen 1987 med eit langskot eigentleg meint som ein lur stikkar. Han innrømmer det. Traa, Arild. The Driver. Akkurat som på film. Akkurat som i den takserte 2 millioners produksjonen til ein av Nordens beste regissørar, Hans Petter Moland. Nyleg gullvinnar av Gullfisken for beste reklamefilm. På cd-spelaren snurrar det 10-15 år gamle skurrande opptak av The Margarets med h, i sterk konkurranse med bassanlegg frå veltrimma Volvoar. Popbandet The Margarets som har dratt flygel ned i fjøra. Som poppar høgaktuelt i det musikalske hav. The Margarets som ved eit trylleslag fekk si eiga aude øy til å stå på hovudet, tre dagar til ende.
Det er dugg på bilruta. Berg teiknar eit hjarte med peikefingeren. Han ser ut. Han er heime.
Jabo
Berg og Traa sit i ein bil utanfor 80- og 90-talet sin absolutte samlingstad for ungdomen i Giske kommune. Jabo. – Det var her vi fann ut av ting, seier Traa. - Venskap, forelsking, musikk, det var her vi knytta band. Det var her Godøy møtte Giske som møtte Valderøy. Det var her Vigrajentene kom for å sjå etter kjekkare gutar. Det var her vi hang smålåtne og ukyssa så altfor lenge. Det er rådgjevaren til The Margarets som snakkar. Han som av ein eller annan grunn har overtydd store nasjonale mobilselskap om at det er heilt naturleg å støtte eit band som syng om å knuse mobiltelefonar. - Jabo var Snapple, videoutleige, biljard, pærebrus og søte jenter. Vår første by, vår største metropol. Staden der vi lærte mangfald og sosialisering på tvers av øyane. Staden der vi fann våre beste vener. Der vi lærte å flørte. Berg nikkar. Han er samd med rådgjevaren sin. – Eg hadde ikkje særleg sjans på damene, sukkar Berg, no sambuar med den fjerde mest sexy dama i Noreg, i følge riksmedia.
Tårer og posebukser
Rune Berg fortel at han har kjent Traa så lenge han kan hugse. -Vi hang mykje saman under den store kristne vekkingsbølga på Giske tidleg på nittitalet. I tillegg til det åndelege var eg litt forelska i ei av jentene som var i miljøet. Ho var den finaste jenta i heile kommunen, kan eg hugse. Det er ho kanskje framleis for alt eg veit. Nei, forresten...Uansett, kva motiv Traa hadde visste eg ikkje då, men at det hadde noko med The Margarets å gjere skulle ikkje forundre meg. Den mannen kan nemleg vere noko insisterande. Dessutan var Traa min aller første gitarelev. Han brukte eit halvt år på å lære seg dei fire akkordane som utgjer Rubber Rubbish, fortel Berg. – Elendig musikklærar, kjem det raskt frå Traa. Rune kunne ikkje ein akkord. Han laga sine eigne. Ein umogleg gitarlærar. Kor lenge har du kjent gutane i The Margarets, Traa? - Heilt sidan The Margarets blei mobba av rullingsrøykande gutar med wunderbaum og Ford Sierra, når dei rigga seg opp i den einaste rundkjøringa på Giske ikledd posebukser, og tårer teikna med tusj, for å synge fleirstemt britisk melankoli. - Spelte dei i rundkjøringa? - Javisst! Ein noko uferdig versjon av ”Rubber Rubbish” hadde verdspremiere midt i rundkjøringa til rødmande gisketauser, og ganske så mange misunnelege godøyingar, som ikkje forsto at gutane faktisk våga å åpne kjeften, rett foran dei, og til og med synge, ja på engelsk. Kva er det som gjer at The Margarets skil seg ut frå andre popband, Traa? – Kanskje mest ved brorskap, slektskap og sterke kjensler til øya Giske. The Margarets si historie viser det. Og at dei brukte 120 måneder på sine første 12 låtar, der den første utgjevinga blei kåra til tidenes utgjeving. Og som Hans Petter Moland seier det; The Margarets er nokre uvanleg sjarmerande gutar! Eg skriv gjerne under på det. Med to strek under svaret.
11 venstrevingar
Berg fiklar med stereoanlegget, han ergrar seg over kvaliteten. –Elendig lyd, seier Berg. – Kor i all verda er bassen? Han fortel at ting står litt på hovudet for tida. Det er mykje å gjere. - Når det er så mykje som skjer er det umogleg å ha kontroll, då er det viktig å ha folk rundt seg som kan - eh, fortelje kva som skjer. Elles er jo musikarar kjende for å ikkje vere dei mest strukturerte og økonomisk sterke i samfunnet. Difor kan det vere heilt avgjerande for suksessen til eit band at ein har folk med andre talent rundt seg, elles blir det som å stille til fotballkamp med 11 venstrevingar. Eller 11 keepere. Eller 11 bassistar, for den saks skuld. Ein organisasjon fungerer godt når dei ansatte utfyller kvarandre. Og det har i høgste grad The Margarets.
Like fin som Dolly
Korleis var det å vekse opp på Giske, Berg? Sikkert mykje betre enn den hektiske metropolen Valderøya. Eller kva, Traa? Eg fekk mat kvar dag og ei solid kristen oppseding - søndagsskulen var nemleg vår næraste nabo. Moro for mor og far. Eg fekk óg ein del juling før eg utvikla bein som var lange nok til at eg kunne stikke av. Korleis vil du presentere orkesteret ditt, Berg. – Ante er Peer Gynt i bandet. Og draumaren. Merkeleg nok styrer han også pengesekken. Men utan hans finansielle naivitet hadde det mest truleg aldri blitt noko "What Kept You?". Kven tek opp lån på ein halv million for å spele inn rockeplate? Det var Ante sitt rekneskap på 165.000 som fekk oss igang. Realisten er Alex. Han er så realistisk til tider at røynda ser ut som ein sukkersøt ønskedraum befolka av rosa kosebamsar i forhold. Bandfaderen. Alltid med ei varsam og god hand over oss andre. Lars er ungsauen i flokken. Han bringer ungdomen si gryande optimisme og livsgnist inn i bandet. Ein blid type med flott gult hår. Og Ronnie er verdas mest morosame mann. Utan han i turnébussen hadde det vore tungt å reise på kryss og tvers i Noreg. Korleis er det å ha ein lillebror med? - Berre koseleg. Eg har jo trass alt resten av slekta i bandet, så slik sett er ikkje skilnaden særleg stor. Har du nokre musikalske førebilete? - Eg kunne tenke meg å lage like fine melodiar som Tom Waits, synge som Jackson Browne, skrive like gode tekstar som Bob Dylan, drikke som Cornelis Wreesvijk, produsere plater som Phil Spector og halde meg like fin som Dolly Parton. Flaksen til Ringo Starr hadde nok heller ikkje vore bortkasta i desse dagar...
Kvit brud og heimreise
Traa ler over produsenten sine tankerekkjer, medan han kjører bort frå Jabo, forbi Skjong, forbi Ytterland, mot fjøra, mot havet, der det blinkar i lys og stjerner fra Godøy, frå Ålesund og tilbake igjen. – Toppen av lykke, sier Traa ved Giskebrua sitt høgaste punkt. Han kjører der vegane blir trongare og smalare, til den flate øya der The Margarets bur. Berg fortel om den nyleg avslutta musikkvideoen. Om dugnadsånda. Varmen frå alle folka. -Videoen blei kjenslelada, men ikke sentimental. Morosam, men ikkje hysterisk. Seriøs, men ikkje sjølvhøgtidleg. Og veldig gul. Omtrent som The Margarets - på ein god dag.
Traa stopper i ei busslomme, slepp to bilar forbi, helsar, sjølv om ingen kan sjå at han helsar. Han held fram i tredjegir. Giske er ikkje skapt for fjerdegir. Giske er roleg og harmonisk. Vi rundar skulen som alle i The Margarets har gått på, medan Berg fortel om Moland og Øgård, regissøren og filmfotografen. - Dei var begge behagelege menneske å vere saman med. Den fantastiske dugnadsånda smelta dei heilt og gjorde dei endå mjukare. Dei hadde ikkje opplevd noko liknande etter tjue år i bransjen, sa dei. Og dei meinte det dei sa.
Sjåfør Traa har fått oss fram. Vi er der. Han stoppar bilen utanfor Berg sin barndomsheim. Alt som lagar lyd er av regn. Av hav. Berg held fram – Framtidsdraumar er det mange av. Framtidsplanar manglar det heller ikkje på, men dei kan sjølvsagt ikkje måle seg med draumane i kvantitet. Overraskande mange av dei inneheld låtskriving, reising frå by til by, gitarspeling, harmonisering av utvalgte tekstlinjer frå bakgrunnen av scenen og produsering av rockeplater. Bortsett frå det stadig oftare tilbakevendande som handlar om hus og born, då. Og om å stå kvit brud!

Produsenten smiler. Han tek i dørhandtaket. Berg vert snart dratt mot harmoniserte akkordar akkompagnert av Jon Blund. Kven ville The Margarets hatt med seg til ei aude øy? - Du tenker på Giske? Uansett; det måtte jo vere Traa! Så kunne han fått ordna ein samarbeidsavtale med Color Line slik at dei kunne kome og hente oss. Kven ville du hatt med deg, Traa? – Ein glimrande gitarlærar, som ikkje har slektskap slengt utover heile øya, og bruker 13 år på å gi ut sine to første plater, avsluttar ein smilande rådgjevar for popbandet The Margarets.




15 SISTE
  Sommer i nordvest
  Frykter for sjøsikkerh...
  – Vi blir motarbeidet ...
  Nå blir det regnbuefes...
  Skal forske på gammel ...
  Trives best på to hjul
  Turstien som slutter i...
  30-årsjubilant gjenopp...
  Høyreregelen gjelder o...
  Politiker på slump
  -Det blir en aktiv som...
  Bordtennis-talent sikt...
  Savner kjærlighet i gr...
  Fjordstien blir stadig...
  Åpner dørene til kunst...