Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Kvinnene rykker fra mennene
  Musikalsk sommerglede på Giske
  20 KJAPPE: Drømmer om ei strand i Karibia
  I BILDET: Mørk, rar og – catchy

Sjukehus-bøn om kontakt-skapande bæresjal

– Med bæresjal får du babyen tett inntil hjertet der han høyrer heime, seier Liv Ellen Helseth, sjukepleiar på prematuravdelinga ved Ålesund sjukehus og ein varm tilhengar av bæresjal for babyar. No ønskjer avdelinga at folk gir ein skjerv til fleire slike sjal.
Vesle Arja (fire veker) søv godt på brystet til mamma Cecilie Hole frå Hareid.

(05/02/2008)
Sjukehus-bøn om kontakt-skapande bæresjal– Å bli bært tett inntil kroppen har ein særs gunstig effekt på for tidleg fødde barn, og det er enklare for foreldra å få nærkontakt med babyane sine. Ved å bruke sjal kan foreldra gå litt rundt på avdelinga, kanskje gå ein tur til foreldreromma i etasjen under, seier Helseth, – i det heile tatt føle seg litt friare i den perioden babyen må vere innlagt på sjukehuset.
Ho meiner at så snart babyen er stabil og fråkopla medisinsk utstyr kan sjalet takast i bruk, sjølv om barnet framleis er ganske lite. Babyen ligg i fosterstilling i sjalet og sjalet er ergonomisk mykje betre enn dei tradisjonelle bæreselane. Det er lett for mor eller far å sjå og kjenne korleis barnet har det i sjalet, og det er lett for mor å gje barnet mat om ho er svolten. Med hendene fri er det også lettare å ta seg av eventuelle søsken.

Praktisk
– Eg budde i Oslo og der er det veldig mange som brukar slike sjal, fortel Cecilie Hole frå Hareid som fekk ei jente for 4 veker sidan.
– Eg synest det såg veldig praktisk ut og då eg såg oppslag om bæresjal på tavla her på sjukehuset, fann eg ut at dette vil eg prøve. No har eg kjøpt mitt eige, og sjølv om eg må ha litt hjelp til å få det på enno, synest eg det er kjempefint å bruke. Kjærasten min klarer forresten allereie å knytte det på seg på eiga hand og han synest det er herleg å kunne bære babyen sin på denne måten, fortel den nybakte mora.

Prematuravdelinga ønsker seg bæresjal
Med eigne sjal på avdelinga vil pleiarar kunne bære med seg babyane rundt på avdelinga i tilfeller der foreldre ikkje har høve til å gjere det sjølve, men så langt er ikkje bæresjal komne inn på sjukehusbudsjettet. Liv Ellen Helseth vil derfor gjennom Nytt i Uka oppfordre interesserte til å støtte prematuravdelinga slik at dei kan gå til innkjøp av fleire sjal. Helseth fortel at dei har fått ei gunstig avtale med ein leverandør, og ho håper at mange lesarar av avisa vil gje eit bidrag. Interesserte kan kontakte Liv Ellen på mobilnr. 918 67 567 og få kontonummer for betaling av støtte. Dersom nokon skulle ha bæresjal liggande som dei sjølve ikkje brukar, tek avdelinga gjerne i mot desse.

Sanse-stimulering
Det vert hevda at å bli bært også er bra for stimulering av sanseorgana til babyen. Babyen vert raskare trygg og stolar meir på omgjevnadane sine når han blir bært, slik at han blir trygg på seg sjølv når han skal utforske verda på eiga hand.
– For slitne kolikkforeldre må jo dette vere midt i blinken, seier Helseth, for når du ber i sjal blir belastninga på eigen kropp ei heilt anna enn når du brukar hendene til å bære med. Også for mødrer med fødselsdepresjon, som er fleire enn vi trur, er dette eit ypperleg hjelpemiddel seier Helset vidare.
– Då får babyen kroppskontakt og stimuli og ein kan kanskje unngå nokre av dei negative konsekvensane ein fødselsdepresjon kan ha. For foreldre til barn med spesielle behov, ulike handikap osv er også bæresjal eit særs godt hjelpemiddel, meiner sjukepleiaren.

Fem meter stoff
Eit bæresjal er eit om lag fem meter langt stoffstykke spesiallaga til å bære barn i og der finst mange typar på marknaden. Liv Ellen vil gjerne framheve nettstaden www.tettinntil.com,
der finst all informasjon ein treng vite om bæresjal, der får ein også vite litt om korleis ein skal knytte det.
– Det tar sjølvsagt litt tid å lære, men med litt hjelp og trening går det bra etter ei vekes tid, og då er einaste faren at ein blir avhengig. Eg har nesten ikkje brukt barnevogna til dottera mi som no er 13 månader, sjalet kan nemleg brukast like godt ute som inne, avsluttar bæresjal-entusiasten på prematuravdelinga på Åse.




15 SISTE
  Kvinnene rykker fra me...
  Musikalsk sommerglede ...
  20 KJAPPE: Drømmer om ...
  Henter inspirasjon fra...
  Sterkølsalget har økt ...
  Varmeste halvår noensi...
  61 prosent prisforskje...
  Farger Båtfestivalen p...
  I BILDET: Den nye park...
  20 KJAPPE: Gynger i ha...
  Ålesunder nordisk mest...
  ”Mos” gleder seg til å...
  20 KJAPPE: Med Pink Fl...
  Varsku her: Rottene ko...
  Møre og Romsdal har fl...