Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

I BILDET: Flink til å flyge

Namn: Tommy Lianes
Alder: 19
Sivilstand: single
Barn: nei

Aktuell som: Flaug 217 meter som prøvehoppar under prøve-VM i den nye skiflygingsbakken i Vikersund, og vart ein av førti nordmenn som har hoppa over 200 meter. Fekk òg ein overraskande 15.-plass i NM i stor bakke i den nye Holmenkollbakken og håper på pallplass i junior-NM på Lillehammer om halvannan veke.

Sport
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(02/03/2011)
Kva er skilnaden på å vere 10 år og fyke 42 meter gjennom lufta i Fjellbakken i Stordal eller 19 år og flyge 217 meter i verdas største hoppbakke i Vikersund?

– Det er nok mykje det same. Når ein er 10 år, er 42 meter ganske mykje, så eg trur det må ha kjenst ganske likt. Det var i alle fall like gøy å hoppe langt då, som det er no, synest Tommy Lianes.

Gjennombrot. Denne vinteren har Tommy teke eit kvantesprang med skihoppinga og fått eit aldri så lite nasjonalt gjennombrot. Ikkje ein gong han sjølv hadde sett føre seg at han på berre nokre få dagar først  skulle få 15.-plass i NM i stor bakke og deretter hoppe fire gonger over 200 meter i den største hoppbakken i verda!

– NM gjekk over all forventing, sjølv om eg har hoppa ganske bra heile denne sesongen. At eg skulle klare 200 meter i Vikersund, hadde eg kanskje drøymt om, men eg hadde aldri trudd at eg skulle klare så mykje som 217 meter, seier han.

Så seint som i fjor var det «berre» 140 meter som var lengderekorden til Tommy. Men så hadde han heller aldri fått prøvd seg i ein skiflygingsbakke. Der må ein nemleg vere 18 år for å få sleppe utfor,  så prøvehoppa i den storslegne nybakken i Vikersund var faktisk aller første gong Tommy fekk gje seg i kast med ekte skiflyging. Likevel var han ikkje særskild engsteleg der han stod på toppen:

Best i storbakkane.
– Eg har alltid vore best i dei største bakkane, fortel Tommy, som forklarer at det krevst heilt ulike teknikkar i små og store bakkar:

– For å flyge langt i dei store bakkane, må ein vere god til å få med seg farta gjennom svevet, medan det er meir styrken i fråsparket som er avgjerande i dei små bakkane. Det er det første eg er flinkast til, og eg har alltid likt meg best i dei største bakkane, seier han.

Ein skulle kan hende vente at all anna hopping vert keisam når ein først har kasta seg utfor den største hoppbakka i verda. Men slik er det ikkje, i alle fall ikkje for Tommy:

– Eg har hoppa i fleire småbakkar etter Vikersund, og det er no framleis kjekt, synest han.

Fjellbakken.
Han var ikkje meir enn seks år første gong faren tok han med seg til Fjellbakken-anlegget på Stavsengfjellet – det beste hoppanlegget i fylket, synest Tommy sjølv. Der treivst han så godt at han aldri gav seg, trass i at hoppmiljøet i Stordal var ganske så lite på den tida:

– I dag er det eit stort og godt hoppmiljø i Stordal, med mange flinke og lovande hopparar. Men den gongen var det vel stort sett berre eg og ein annan på min alder som heldt på med hopping. Stort sett hoppa vi i lag med veteranane, men det var no kjekt, det òg, minnest han.

Nye mål. Det neste store målet for Tommy er junior-NM om halvannen veke. Då satsar han på å hevde seg – helst ved å hamne på pallen. Ser ein på resultata frå senior-NM, hadde han berre ein junior framom seg på resultatlista, så sjansane for medalje i juniormeisterskapen er så absolutt til stades.

Siste målet for sesongen er senior-NM i liten bakke, men då er ikkje ambisjonane så store, innrømmer Tommy. Til neste år satsar han på å halde fram med framgangen, og om eit par sesongar håper han å vere inne på B-landslaget, som er dei som mellom anna deltek i kontinentalcupen. Dei to føregåande sesongane hadde Tommy plass på juniorlandslaget, men dette vart nedlagt før denne sesongen, av økonomiske årsaker. Det er synd, synest han:

– Vi juniorane treng å konkurrere internasjonalt for å utvikle oss. Slik det har blitt no, må vi inn på B-landslaget, men det er vanskeleg, for B-laget har ei rekkje hopparar som er svært nære å få hoppe i verdscupen, og fleire av dei har då òg vore på A-laget tidlegare.

Toppidrettsgymnasiast.
Til dagleg er Tommy Lianes å finne på Lillehammer, der han går tredje og siste året på Norges Toppidrettsgymnas, NTG. Der stortrivst han med det fantastiske OL-anlegget som treningsbakkar:

– Vi bruker halve dagane til skule og resten til trening. To dagar i veka er det hopptrening, tre dagar er det fysisk trening, og så er det oftast konkurranse i helgane. Men denne helga har eg endeleg heilt fri og skal ikkje hoppe eitt einaste hopp, men berre slappe av her heime i Stordal. Det skal bli godt, synest han.

Må tole motgang. I åra som kjem, er draumen sjølvsagt å få hoppe internasjonalt.

– Eg kan sjølvsagt ikkje gje meg no, men det er ein marginal sport, og plutseleg kan ein sitje fast i gropa. Derfor må ein ha tålmod, og ein må kunne tole litt motgang, seier han.

I dag er det ikkje så mykje han får tid til, utan om skule og trening, men fram til tiandeklassen var Tommy óg ein habil fotballspelar, med fleire A-lagskamper for Stordal IL i 5. divisjon. Då tida var inne for å spesialisere seg, var han uansett aldri i tvil: Det måtte bli hopping. Det valet angrar han nok ikkje på i dag!




8 SISTE
  Ålesunder nordisk mest...
  I BILDET: Flink til å ...
  I BILDET: Endelig nytt...
  Fitness-europamester s...
  Kjemper om seier i Nor...
  Gnist-stipend til Ivar...
  Drivkraft for ålesunds...
  Oppgradering ut i det ...