Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

Stortalentet frå Stordal

Namn: Martine Lorgen Øvrebust
Alder: 18
Sivilstatus: single

Aktuell som: Eitt av landets største langrennstalent; utteken til Ungdoms-OL i slutten av månaden.

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
(07/01/2015)
Martine Lorgen Øvrebust har gjennom fleire år vore mellom våre aller beste langrennarar i si årsklasse. Medan ein del av oss kan hende har litt for lett for å nedprioritere treninga og opprioritere etinga i jula, finn stordalsjenta tid til både julekos og trening:
 
– I jula har eg ekstra mykje tid til trening. Nett no er ikkje forma heilt på topp, fordi eg har mykje trening i kroppen, men det er som det skal vere på denne tida. Dei to formtoppene eg legg opp til denne sesongen, er Ungdoms-OL i slutten av januar og junior-NM i mars. Dessutan vil eg gjerne gjere det bra i Noregscupen, fortel ho.

Best i landet. For tre år sidan vann Martine fem kilometer klassisk i 15-årsklassa i Hovudlandsrennet – gjerne omtala som uoffisielt NM for 15- og 16-åringar. Året etter følgde ho opp med gull på same distansen, men no i fristil.
 
Etter den første sigeren i Hovudlandsrennet vart ho omtala som den aller første NM-vinnaren i langrenn frå Stordal. Det var nok ikkje heilt rett – ikkje då – sidan det ikkje finst noko offisielt NM for dei som er yngre enn 17. Men, ikkje uventa, gjekk det troll i ord: I fjor vann Martine fem kilometer fristil i NM for junior, i klassa for 17- og 18-åringar, og kunne dermed med full rett smykke seg med å vere den første frå Stordal til å gå til topps i eit offisielt noregsmeisterskap i langrenn.

Ungdoms-OL. Om eit par månader er det nye NM-sjansar, men før den tid skal Martine for første gang få prøve seg mot så godt som heile verdseliten. I slutten av januar er det nemleg Europeisk Ungdoms-OL i Østerrike og Lichtenstein, og Martine er altså med i den norske troppen på fire jenter og fire gutar.
 
– Det blir veldig spanande å møte folk frå heile verdseliten. I fjor var eg med i den nordiske juniorlandskampen i Finland, men dette vert første gong eg møter løparar utanfor Norden, seier ho.
 
I Finland vart det ein finfin tredje- og ein femteplass på Martine. Med tanke på den nordiske dominansen i langrenn, skulle det tyde på at ho har gode sjansar til å vere med å hevde seg i Ungdoms-OL. Der skal ho vere med i fire øvingar: 7,5 kilometer klassisk, fem kilometer fristil, klassisk sprint og mixed stafett, med to jenter og to gutar på laget.

Best i fristil. Aller best trivst Martine i fristil – og når ho får gå langt. Kvifor er ho ikkje heilt sikker på; det har truleg noko med teknikken å gjere, men nett kva, er vanskeleg å peike på:
– Det er mange som trur at det er meir teknisk å gå skøyting enn klassisk, men det er det ikkje. Eg er ikkje nokon typisk teknikar, og eigenleg handlar båe teknikkane om det same – om tyngdeoverføring og kontakt med underlaget, forklarer ho.

God sesongstart. Til no i sesongen har høgdepunktet vore juniormønstringsrennet på Lillehammer, der dei ti beste 17-åringane frå i fjor var inviterte til å konkurrere med den eldste juniorklassa, 19- og 20-åringane. Martine vart desidert beste 18-åring og gjekk inn til femteplass både i ti kilometer fristil og ti kilometer duathlon med skibyte.
– Det var veldig kjekt å få konkurrere med dei som er litt eldre, synest ho.

Konkurranseinstinkt. At det vart langrenn Martine kom til å satse på, skuldast først og fremst at heile familien er skiinteressert, fortel ho. Faren, Pål Bjørn Øvrebust, er dessutan ein høgt kompetent trenar, mellom anna med ansvar for juniorkretslaget. Men at ho kom til å bli skikkeleg god, har ikkje minst mykje med personlege eigenskapar å gjere:
 
– Eg har eit høgt utvikla konkurranseinstinkt, og har heile livet likt å vere først. Eg hugsar mellom anna då eg var lita, og vi var på tur med søskenbornet mitt, så måtte pappa alltid ta tida på oss ...

Frå stor til lita. I barneskuleåra hadde Martine òg ein fordel i at ho var eit hovud høgare enn alle ikring seg. Men voksteren bråstoppa i femte klasse, og i dag er ho ei ikkje spesielt høg jente på 167 centimeter. Høgdefordelen vart altså utlikna, men likevel heldt ho fram å vere god:
– Noko som er bra med langrenn, er at det er ein idrett der ein kan vere god anten ein er lita eller stor, påpeiker ho.
At høg og låg, stor og lita ikkje treng vere avgjerande i langrenn, er det vel for så vidt berre å sjå til Therese Johaug og Justyna Kowalcyk for å forstå.

Liker ikkje motbakkar. I gjennomsnitt trur Martine at ho trener 13-15 timar i veka gjennom året; somme periodar litt meir, somme periodar litt mindre. Attåt skigåinga – både på vanlege ski og rulleski – vert det sjølvsagt òg både springing og styrketrening. På rulleski har ho gjort det skarpt i fleire konkurransar, mellom anna som klart beste junior under Toppidrettsveka i Trondheim i fjor. Trollstigen opp har ho òg vunne. Dessutan hender det ho slår seg med på eit motbakkeløp.
–  Eg liker ikkje så godt å springe motbakkeløp, fordi det er så tungt – men det er god trening, seier ho.
 
Sjølv om motbakkespringing ikkje er det ho liker best – og monsterbakken i Tour de Ski slett ikkje blir det ho gler seg mest til om ho nokon gong får vere med der – er det ikkje tvil om at Martine er flink til å presse og pine seg sjølv. Det må ein vere, skal ein nå langt i ein idrett som langrenn:
– Det har nok hendt at eg har lurt på kva i all verda det er eg driv med. Men så er det alltid deilig når eg har kome i mål ...

Går for gull. Kor langt ho kan nå – og ønsker å nå – vil ho ikkje snakke så mykje om. I første omgang er målet ei god plassering i Ungdoms-OL og pallplass i junior-NM. Under mildt press innrømmer ho òg at i alle fall i fristil er det NM-gull ho går for:
 
– Ja, det er vel det ... Eg vil vere nøgd med pallen òg, men det er jo gull eg helst vil ha. Det er vel derfor eg held på med dette. Så får eg sjå korleis det går vidare; eg har i alle fall tenkt å halde på med langrenn så lenge det er kjekt, seier supertalentet frå Stordal.



15 SISTE
  – God sørvis skal gi e...
  I BILDET – Sunnmøre mi...
  I BILDET: Hjem som kon...
  Engasjement på lerret
  Søndagsskulekonsulente...
  – Born og unge treng s...
  Vil gje borna spenning...
  Stortalentet frå Stord...
  Brikkene falt på plass
  I BILDET: Når enden er...
  I BILDET: Glede i bøke...
  I BILDET: Mørk, rar og...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...