Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – La private få bygge og drive pleie- og omsorgspl...
  Jernet strømmer inn til Nepal
  Klar for favorittfestivalen
  Dette er tilbudet eldre i omsorgsboliger får i Åle...

Vil gje borna spenning og leselyst

Namn: Hilde Hurlen Ingebrigtsen
Alder: 31
Gift med Rolf
Barn: Andrea (9) og Sienna (5)

Aktuell med boka Skogens hemmelighet.

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
(19/03/2015)
Hilde Hurlen Ingebrigsen har bore på den store forfattardraumen heilt sidan ho var lita og laga sine eigne små bøker med utklipp og tekster. «Bobsey-barna» og andre krim- og spenningsbøker for barn var det som gjorde sterkast inntrykk i barndomen – og det er i denne sjangeren ho skriv sjølv òg.
 
– Som lærar har eg jobba mykje med born i 8-12-årsalderen, som er målgruppa for bøkene mine, så eg veit litt om kva som fengjer dei og får dei til å lese vidare, fortel ho.

Spenning. Vona hennar er at både jenter og gutar skal lese og like bøkene hennar, og for å få det til, bruker ho spenning og mysterie som hovudingrediensar, lett krydra med intrigar, drama og forelsking.
 
– Ungar har ofte berre fem–ti minutt å lese på, anten på skulen eller før dei legg seg til å sove, og då er det viktig at det skjer noko spennande som gir dei lyst til å lese vidare. Eitt av dei beste komplimentane eg har fått, var då ei mor fortalde at sonen hadde vorte sint på faren då han ikkje ville lese meir frå «Spøkelseshuset» den kvelden. Då har eg oppnådd det eg ønskjer.

To bøker. «Spøkelseshuset» var den første boka hennar, og handlar om tvillingane Leonora og Leopold og eit skummelt nabohus. Boka var opphavleg skriven på nynorsk, men kom etter kvart òg ut på bokmål. Ei engelsk omsetjing har ho òg fått laga, og denne er det i alle fall planen å gje ut som e-bok.
 
Etter utgjevinga av debutboka, budde Hilde to år i London for å konsentrere seg om skrivinga. På favorittkafeen hennar skreiv ho store deler av bok nummer to, «Skogens hemmelighet». Ho byggjer på ein del av dei same elementa som førsteboka, men dei to tvillingane er skifta ut med eit anna søskenpar, Wilma og Waldemar, og persongalleriet er utvida.
 
– Eg har mellom anna teke med ei litt klysete nabojente som driv og stikk kjeppar i hjula heile tida. Eller – klysete er vel å ta litt i, men eg trur mange barn vil kjenne seg igjen i det at det ofte er ein som heile tida prøver å øydeleggje, fortel forfattaren.

Tøff jente. Eg-personen i boka er Wilma, som er ei skikkeleg tøff og nysgjerrig jente med lita interesse for kle og sminke og andre klisjeprega jentegreier. Broren er av det meir forsiktige slaget og trivst best ved datamaskina. I detektivarbeidet sitt har dei òg fått ein nabogut med på laget; han er nok helst med fordi han er tiltrekt av Wilma, men det oppfattar ho ikkje.

Detektivserie. «Skogens hemmelighet» er tenkt å bli den første boka i ei lengre detektivserie, der kvar bok òg skal kunne lesast for seg – nett som gigantsuksessen «Bobsey-barna» (som rett nok ikkje var skriven av nokon einskildforfattar, men av eit heilt koppel skrivarar som var tilsett i same forlagssyndikatet som skreiv og gav ut Frøken Detektiv og Hardy-guttene).
 
– Eg synest det er viktig det ikkje gjer noko om det er ei bok ein ikkje får fatt i, og at ein til dømes like gjerne kan låne bok nummer sju på biblioteket viss dei ikkje har inne nummer tre, forklarer ho.

Eige forlag. Medan ho var i London, fekk Hilde eit heilt anna innsyn i sjølve bokbransjen og kor stor og samansett han er. Ho var med på ei stor bokmesse i byen, London Book Fair, og reiste òg til verdas største bokmesse i Bologna i Italia. Det heile inspirerte ho til å starte sitt eiga forlag, Kvitre forlag.
 
– Eg liker tanken på å ha full kontroll over alt som har med boka å gjere – ikkje berre skrivinga, men òg korleis boka skal sjå ut, marknadsføring og sal. Når eg skal lese høgt for borna mine no, til dømes, startar eg alltid med å lese kolofonen for å sjå kva for papir, skrifttype og skriftstorleik som er nytta, til dømes. Korleis eg opplev boka når eg kjenner på ho og ser på ho, er viktig for meg.
–  Namnet Kvitre viser delvis til at vi er ein liten fugl i bransjen, men òg at ein må tørre å satse om ein skal lære seg å fly, fortel ho.

Lærar. Då Hilde kom heim til Ålesund i sommar, tok ho eitt år permisjon frå jobben som lærar i Globalskolen for å kunne konsentrere seg fullt og heilt om forfattarskapen og forlagsarbeidet. Globalskolen er ei nettbasert skule for norske ungar i utlandet, og Hilde trivst godt som lærar i norsk, samfunnsfag og KRL. At ho har ein liten draum om ein gong å kunne leve fullt og heilt av å skrive og drive med bokforlag, legg ho likevel ikkje skjul på.
 
Leselyst. Sidan det er barnelitteratur ho både brenn for og skriv sjølv, har ho tenkt at Kvitre skal vere eit reint barnebokforlag. Slike er det ikkje så mange av, og Hilde trur det er rom for nokon som konsentrerer seg om bøker som skal skape leselyst både hos gutar og jenter.
 
– Eg har veldig lyst å gje ut andre sine bøker òg på Kvitre, og har vore i kontakt med fleire lokale forfattarar som er interesserte. Så får vi sjå korleis det utviklar seg.

Nynorsk og bokmål. Debutboka hennar var som nemnd skriven på nynorsk først, men for «Skogens hemmelighet» valde ho bokmål. Det kjem ho òg til å gjere for resten av serien. Og grunngjevinga legg ho ikkje skjul på:
 
– Eg synest det er viktig at barn får god litteratur på nynorsk, men det er ikkje tvil om at marknaden er mykje større på bokmål. På forlaget er det aktuelt å gje ut bøker både på nynorsk og bokmål, og det kan nok hende eg kjem til å skrive bøker på nynorsk sjølv òg, men ikkje i denne serien, fortel ho.

Detektivklubb. Inspirasjon til bøkene hentar ho både frå bøker ho sjølv har likt å lese, frå leik og dialog ho observerer hjå eigne og andres ungar, og frå oppveksten på fredelege Hildre.
 
– Det var ikkje så mykje skummelt og spennande som skjedde på Hildre, men vi håpte vel at det skulle skje noko, at vi skulle finne ein skatt eller at det skulle dukke opp nokon framande folk. Eg hugsar faktisk at vi hadde ein detektivklubb og låg i buskane og tok bilete av bilnummer, smiler Hilde Hurlen Ingebrigtsen.
 
 



15 SISTE
  – God sørvis skal gi e...
  I BILDET – Sunnmøre mi...
  I BILDET: Hjem som kon...
  Engasjement på lerret
  Søndagsskulekonsulente...
  – Born og unge treng s...
  Vil gje borna spenning...
  Stortalentet frå Stord...
  Brikkene falt på plass
  I BILDET: Når enden er...
  I BILDET: Glede i bøke...
  I BILDET: Mørk, rar og...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...