Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – Nå må det kjempes for KLM-ruta!
  Musikalsk komedie
  – Tippepenger gir kreftsyk livsglede
  Flest drukner i Møre og Romsdal

– Born og unge treng sterke historier

Namn: Marit Kaldhol
Alder: 59 (blir 60 neste veke)
Sivilstatus: Single
Born: Tre vaksne søner
Yrke: forfattar

Aktuell med: Ungdomsboka ”Zweet”

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Willy Haram   
(08/04/2015)
Ho har aldri vore redd for å skrive om korkje det dystre eller det intime, anten for vaksne eller born. Allereie i den første barneboka hennar, «Farvel, Rune», tok Marit Kaldhol opp noko så tabuisert som sorga etter eit barn som brått vert riven ut av livet. Kritikken kom, sjølvsagt, for kva hadde vel traume og livssmerte å gjere i ei biletbok for born? Godorda var likevel langt fleire – endeleg var det nokon som tora ta alvoret på alvor – og i dag reknast «Farvel, Rune» som ein av dei store klassikarane i norsk barnelitteratur.
 
– Eg liker å gå inn i vanskelege forhold i livet. Skal ein bli glad i å lese, må ein få sterke opplevingar og bli rørt ved. Den gode litteraturen er ikkje lettfordøyeleg, det er historier som utfordrar og set kjenslene i spenn.
 
– Det er ein del som meiner at det er det same kva ungar les, berre dei les, men det synest eg ikkje er så viktig. Om ikkje ungane får utfordringar og sterke opplevingar i bøkene, er det betre at dei kjem seg ut og utfordrar seg med å klatre i tre eller i fjellet eller noko. Alt må ikkje vere så trygt; det er utfordringar som gjer at ein veks og utviklar seg, meiner Marit Kaldhol.

Variert forfattarskap. Sidan ho bokdebuterte med diktsamlinga «Lattermilde laken» i 1983, har Marit gitt ut bøker på kryss og tvers av både alder og formspråk. Det har vorte dikt, noveller, biletbøker og romanar, for born, unge og vaksne, alt etter kva som har lege ho på hjarta. Den siste boka hennar er ein ungdomsroman, som har fått namnet «Zweet». Som vanleg nøyer ho seg ikkje med å skrape på overflata:
 
– I «Zweet» tek eg mellom anna føre meg korleis det er å vere ein del av flokken, og korleis det er å stå utanfor. Einsemd er eit tema som framleis er tabu, endå vi har så mykje av det. Endå vanskelegare enn å snakke om einsemd hos unge, er det å snakke om einsemd hos vaksne, seier ho.
 
Eit mysterium – og ein løyndom. Rammeforteljinga i «Zweet» handlar om situasjonen som oppstår etter at ein ungdomsskule må evakuerast då alarmen går etter ein lekkasje av ammoniakkgass. Hovudpersonen i boka, Lill Miriam forsvinn, og Ruben, som er ny i landet og ikkje har andre vener enn Lill Miriam, leiter fortvila. Ikkje nokon veit kor ho er, men Susan har ei aning. Problemet er at om ho seier noko, vil ho avsløre ein vond løyndom som involverer dei andre som var med den gongen. Det tør ho ikkje. 
 
– Boka gir mellom anna svar på kva som hendte i ei novelle eg skreiv på 90-talet. Ein jentegjeng var i ferd med å drukne, og novella, som heiter «Alle vi», sluttar utan at ein får vite kva som skjedde med Lill Miriam, og om ho overlevde. Sidan er det mange som har bede meg om å skrive vidare om korleis det gjekk med ho, og det har eg gjort no, fortel forfattaren.

Filmspråk. Forma på forteljinga i «Zweet» er ikkje kronologisk og rett fram. Marit Kaldhol har vald å la hovudpersonen og dei to viktigaste bipersonane fortelje den same historia kvar for seg, med kvar sine augo.
 
– Det er ein måte å fortelje på, som eg har henta frå film. Ungdom er jo vand med filmspråket, og eg trur dei vil forstå det i ei bok òg. Ein regissør som har gjort ein del på den måten, og som eg er veldig glad i, er meksikanske Alejandro Iñárritu, som mellom anna har laga «Babel».

– Ein kan ikkje seife. At Marit Kaldhol stadig vekslar mellom ulike sjangrar og ulike målgrupper, har å gjere nettopp med det at ho heile tida vil utfordre seg sjølv og ikkje stivne i eit uttrykk. 
– Karrieremessig er det nok ikkje så smart å veksle slik som eg gjer, og trygg økonomi og trygg arbeidsplass har eg ikkje. Men eg har sjølv vald det slik: Ein kan ikkje seife heile tida, heller; det vert keisamt.

Altetande. Sjølv las Marit veldig mykje i oppveksten. Faren jobba i Sunnmørsposten, og kom innimellom heim med ein haug bøker når meldareksemplara i redaksjonen hadde vorte for mange. Det førte til at mange bøker kom i  hus, som elles neppe hadde gjort det. Og Marit slukte det meste.
Mellom dei forfattarane som ho sette mest pris på i barne- og ungdomstida, er det store og kjende namn ho trekkjer fram:
 
– Eg hugser eg las mykje Evy Bøgenes; det var sterke historier, særskilt om jenter. Men eg starta òg tidleg på klassikarane, og Tarjei Vesaas var ein av favorittane gjennom heile ungdomstida. Dei store forteljarane, som Falkberget, Bjørneboe, Hoel og Skram las eg òg mykje av. Ein annan favoritt var Kristofer Uppdal.
 
– I grunnen har eg alltid vore ganske altetande når det gjeld bøker. Det einaste unntaket er krim. Det interesserer meg ikkje.

Kunsterisk fellesskap. Forfattarmiljøet i Ålesund er kan hende ikkje det største, men Marit kunne aldri tenkt seg å flytte til ein større by:
 – Eg MÅ bu ved havet, elles hadde eg tørka inn. Og eg kan ikkje sitje på kafé og slarve støtt, heller. Dessutan er det mange som skriv her i regionen, og eg har kontakt med andre kunstnarar, både innan teater, musikk og visuell kunst, så eg kjenner meg som ein del av eit fellesskap.

Lansering på Moa-biblioteket. Sjølv om «Zweet» er i bokhandelen allereie, vert det skikkeleg lansering først i slutten av april. Det skjer på biblioteket på Moa, og Marit Kaldhol ser fram til å møte nokre av lesarane sine:
– Mellom anna kjem det ei ungdomsskuleklasse som skal stille meg spørsmål etter å ha lese boka. Det blir spennande!
 
 
 
 
 



15 SISTE
  – God sørvis skal gi e...
  I BILDET – Sunnmøre mi...
  I BILDET: Hjem som kon...
  Engasjement på lerret
  Søndagsskulekonsulente...
  – Born og unge treng s...
  Vil gje borna spenning...
  Stortalentet frå Stord...
  Brikkene falt på plass
  I BILDET: Når enden er...
  I BILDET: Glede i bøke...
  I BILDET: Mørk, rar og...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...