Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Fortviler over nestenulykker i Blindheimsgeilane
  Plastsjokket
  100 programinnslag til inspirasjon for alle
  Pop-up som provoserer

Søndagsskulekonsulenten

Namn: Helge Åkernes
Alder: 44
Gift med: Aud Brandtzæg Åkernes
Tre born (18, 16 og 14 år)

Aktuell som: Søndagsskulekonsulent på Sunnmøre

Aktuelt
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Kenneth Kamp   
(15/04/2015)
Helge Åkernes brenn for å gje Jesus til borna. Dei fem siste åra har han vore søndagsskulekonsulent i Søndagsskolen Norge. I regionen som dekkjer Sunnmøre og Nordfjord, er han den einaste tilsette, men med seg har han meir enn 300 frivillige søndagsskuleleiarar.
 
Frivillig søndagsskuleleiar er han forresten sjølv òg; det har han vore i 17 år no. På Emblem bedehus er han leiar for gruppa frå fire til seks år, kalla Gullivergjengen.
 
For eit femtiår sidan, pluss og minus eit drygt tiår på båe sider, var søndagsskulerørsla på sitt sterkaste. Nær sagt alle og kvar ein gjekk i søndagsskule, fekk gullstjerner på søndagsskulekortet og lærte om Jesu liv og lære frå flanellografen. 

Ny vekst. I dag er det berre ein femdel så mange born i søndagsskulen som det var i 1960, men dei siste åra har talet teke til å auke att. Helge Åkernes fortel at berre i år og i fjor har det vorte 80 fleire sunnmørske born i søndagsskulen (attåt ungane i Nordfjord, som kom med i søndagsskulens sunnmørsregion i fjor). Talet på søndagsskuler i regionen har ikkje auka, men nedgangen har stogga, og per i dag er det 71 søndagsskuler på Sunnmøre.
 
– Når det har vore snakka om oppgang og nedgang for søndagsskulene, har mykje dreidd seg om talet på skuler, men det er ikkje det viktigaste. Det viktige er at talet på born i søndagsskulen no er aukande. Samstundes satsar vi òg mykje på å få fleire skuler, seier Helge Åkernes.

Flanellografen lever. At den fleire tiår lange nedgangen har snudd, har mykje å gjere med Sprell Levande, trur Helge. Dette undervisningsopplegget for søndagsskulen og andre kristne barnegrupper vart lansert i 2006 og fornya i 2012, og gjer planlegginga både enklare for leiarane og meir spennande for ungane.
 
Song, rørsle og leik har fått ein mykje større plass i søndagsskulen enn før – men tru likevel ikkje at flanellografen har døydd ut: Den lever faktisk i beste velgåande og har framleis ein stor og viktig plass i søndagsskulen.
 
– Flanellografen er eit fantastisk, interaktivt verktøy som passar særskilt bra for dei frå fire til seks år, fortel Helge med stor entusiasme.

Sprell Levande. I Sprell Levande-materiellet får leiarane detaljerte oppskrifter på korleis flanellografen kan nyttast til å formidle dei åtte ulike temaa i opplegget: Her står eksakt kva figurar som kan nyttast og korleis dei kan flyttast rundt for å gjere det heile så levande og forståeleg som råd. Dei ulike figurane som ein fester på flanellografen er faktisk nummererte, og Jesus-figuren som ser mot venstre har til dømes eit anna nummer enn den som ser til høgre. 
 
Flanellografen er likevel ikkje noko teikn på at søndagsskulen ikkje heng med i tida: Heile Sprell Levande-opplegget er tilgjengeleg online, og leiarane kan velje om dei vil bruke bok, cd-ar og dvd-ar eller Internett, der dei finn nett den same informasjonen. På nett kan dei òg lage til eigentilpassa opplegg, som dei kan dele med andre.

Gode søndagsskuleminne. Sjølv gjekk Helge i søndagsskule i gamle Vågnes frikyrkje, det som i dag heiter Sula frikyrkje. Det ser han tilbake på med stor glede:
– Eg har fantastiske minne frå den tida! Det var flotte samlingar, der vi fikk synge kjende og kjære songar, og der vi fekk presentert heile evangeliet.

Ønskjer fleire menn. Helge fortel òg at han hugsar godt dei dresskledde mennene som var leiarar. den gongen Slik er det ikkje lenger: På Sunnmøre er det ikkje meir enn 12-14 prosent av søndagsskuleleiarane i dag som er menn; det er endå lægre enn på landsbasis, der menn utgjer 20-22 prosent. 
 
– Eg veit ikkje kvifor det har blitt så få menn som er leiarar i søndagsskulen. Kan hende er det nokon som framleis tenkjer på mennene i dress på 50- og 60-talet, men dei mennene som er i søndagsskulen i dag, er ikkje dresskledde, humrar han. – Eg håper fleire menn vil bli søndagsskuleleiarar, fordi eg trur ungane har godt av å ha gode trusførebilete som er både kvinner og menn.

Søndagsskuleutflukt. Eit anna godt minne frå hans eigen søndagsskuletid, var utfluktene til Sommerro i Brusdalen kvar Kristi himmelfartsdag. Det minnet har inspirert han til å få i stand pinsesamlingar på Orreneset. Der har opp mot 180 menneske, i hovudsak frå Emblem og resten av indre bydel, samla seg til aktivitetar, leik, Sprell Levande-samlingar, Bibel-skattejakt og mykje anna heile pinsehelga til ende.

Jesus til borna. Søndagsskulen er for øvrig ikkje lenger noko som berre går føre seg på kviledagen; framleis er det søndag som er den store dagen for søndagsskule, men det finst òg Sprell Levande-grupper som møtest på andre dagar, der dette passar best – eller som finn alternative måtar å organisere seg på. I Volda har dei til dømes «Laurdagsgrauten», og i Dalsfjorden driv dei på med ambulerande søndagsskule, i ulike grender frå gong til gong. Båe deler fungerer veldig bra, ifølge Helge.
 
– Det er ikkje søndagen som er det viktige, men å gje Jesus til borna, poengterer han.
At talet på søndagsskuler går opp og ned, har å gjere med at alle leiarane er frivillige idealistar. Når ein søndagsskuleleiar gir seg på grunn av alder eller sjukdom, eller har trong for ein pause, til dømes, er det ikkje alltid det er nokon andre i bygda som står klar til å ta over. Barnetalet rundt omkring kan òg variere, og somme tider vert det ikkje lenger noko grunnlag for å halde søndagsskule.

Hotel Union. I påska var søndagsskulen for andre gong invitert til å halde Sprell Levande-tilstelling på Hotel Union i Geiranger. Det sette søndagsskulekonsulenten stor pris på:
– Eg synest det er heilt fantastisk at eit heilt vanleg hotell vil bidra til å markere den kristne påska. Vi ville gjere det på ein god og klok måte, og innreia eit eige søndagsskulerom der dei som ville vere med på samlingane, kunne komme.
 
– På rommet vårt hadde vi ”Påskens mysterium” i tre dagar, med dramatisering, stunt-skodespel, song og forteljing. Etterpå fekk borna høve til å lage trekors, leike i søndagsskulens eige hoppeslott, byggje stor-lego, oppleve vår fantastiske karamell-kanon og mykje anna. Det heile vart godt motteke, og vi er allereie inviterte attende til hotellet neste påske, fortel Helge Åkernes.
 
 
 




15 SISTE
  – God sørvis skal gi e...
  I BILDET – Sunnmøre mi...
  I BILDET: Hjem som kon...
  Engasjement på lerret
  Søndagsskulekonsulente...
  – Born og unge treng s...
  Vil gje borna spenning...
  Stortalentet frå Stord...
  Brikkene falt på plass
  I BILDET: Når enden er...
  I BILDET: Glede i bøke...
  I BILDET: Mørk, rar og...
  I BILDET: Når kroppen ...
  I BILDET: Kjærlighet e...
  I BILDET: En brennende...