Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  – La private få bygge og drive pleie- og omsorgspl...
  Jernet strømmer inn til Nepal
  Klar for favorittfestivalen
  Dette er tilbudet eldre i omsorgsboliger får i Åle...

I BILDET: Sommeraktivitetsgeneralen

Namn: Maria Holand Tøsse
Alder: 21 (22 i juni)
Kjærast med Petter Moen Nilsen

Aktuell som: Skal organisere sommaraktivitetar for born og unge i Stordal, ”Barnas kommune”. Elles kjend som tidlegare deltakar i Idol, X-factor og Det store korslaget, men satsar no fullt på journalistikken.

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Privat   
(18/05/2011)
Sidan Stordal kommune tok til å profilere seg som ”Barnas kommune” i 2009, har det vorte stadig fleire aktivitetar for dei yngste innbyggjarane i den vesle kommunen. To gongar i året – vinter og sommar – er det aktivitetsveke, og denne sommaren vert aktivitetsveka ekstra innhaldsrik. Den som får oppgåva med å sy det heile i hop, er Maria Holand Tøsse, kjend som deltakar både i Idol (solo), X-factor (med jentegruppa Mellifluous Lunacy) og Det store korslaget.

– Eg gler meg svært mykje til å komme heim til Stordal og få jobbe med born og unge. Eg har jo vakse opp i bygda og veit kor viktig det er med eit variert tilbod av aktivitetar. Stordal har jo alltid vore gode på langrenn, hopp og fotball, men med Barnas kommune har det vorte meir breidde i aktivitetane, synest Maria.

Songseminar. Nett kva bornas aktivitetsveke vil innehelde denne sommaren, er enno ikkje klart.  Heilt sikkert er det i alle fall at veka vert minst like mangfaldig og innhaldsrik og akkurat like fri og gratis som i fjor. Dessutan kan Maria i alle fall love at det populære songseminaret som ho leia i fjor, vert gjenteken i år. Skilnaden er at ho denne gongen vil ha med seg fleire songkunnige medhjelparar, slik at songarspirene kan få endå betre oppfølging.

– Nytt av året er at vi kjem til å ha ein del aktivitetar og tilbod gjennom heile sommaren og ikkje berre i aktivitetsveka. Det skal bli ein sommar med mykje liv og stemning i bygda! lover Maria.

Talentkonkurrent. Frå før er vel Maria mest kjend frå ymse talentkonkurransar og som songar på ei rad tilstellingar både i Stordal og Ålesund. Allereie 16 år gamal var ho ei hårsbreidd frå å kvalifisere seg til Idol-finalen, og seinare har ho prøvd seg både i X-factor (i lag med jentebandet Mellifluous Lunacy) og Det store korslaget. Den tida har ho no lagt bak seg:

– Eg var nok litt for ung då eg var med i Idol og ser no at eg hadde hatt godt av å vente til stemma mi hadde modna meir. I dag har eg ei heilt anna stemme enn eg hadde då eg var 16, men eg kjem nok ikkje til å melde meg på fleire talentkonkurransar; eg har ikkje lyst til å bli ho som berre prøvde og prøvde og aldri fekk det til... Dessutan – når eg først går i gang med noko, gjer eg det heilt og fullt, og no er det journalistikken eg vil konsentrere meg om, forklarer ho.

Student i Bodø. Maria er no midt oppi eksamenar etter to år med journaliststudiar i Bodø. Framom ho ventar eit halvt år med praksis i NRK Trøndelag og eit halvt år med eit anna relevant studium før ho kan titulere seg som bachelor i journalistikk.

– Eg vart interessert i journalistikk då eg jobba i Radio Ålesund. Der fekk eg kunnskap om å jobbe i radio, men med tida merka eg at eg stagnerte, og eg fekk lyst å utdanne meg for å få meir kjøt på beina. Det har eg ikkje angra på, for det har vore ei utruleg kjekk og lærerik tid.

Likevel vart ikkje studia heilt som Maria hadde tenkt. Først vart ho skuffa då det var i Bodø ho kom inn, så viste det seg at det vart langt mindre radioprating enn ho hadde sett føre seg:

– Eg hadde aldri vore i Nord-Noreg og hadde nok mange fordommar, men eg har hatt ei heilt fantastisk tid her i Bodø! Eg har vorte reint forelska i byen og i menneska her! Naturen er reint eksotisk, og folk er utruleg opne og inviterer deg gjerne på middag første dagen du snakkar med dei, fortel ho.

Prateglad. Skulen vart òg ei positiv oppleving:
– Eg er flink å prate, men skriving har aldri vore mi sterkaste side. Derfor har det vore litt for mykje skriving for min smak, og eg kunne tenkt meg litt meir radio i undervisninga. Men eg har lært svært mykje, og ikkje minst har eg vorte mykje flinkare å skrive enn eg var før...

I tillegg til avis og radio, har Maria og dei andre journaliststudentane òg lært seg å produsere for fjernsyn og internett, og alt i alt har det vore eit par innhalds- og lærerike år:

– Eg har lært utruleg mykje, ikkje minst om etikk og om kor viktig det er å passe på intervjuet og kjeldene. Dessutan lærer eg noko nytt kvar einaste dag når eg intervjuar folk. Vi har jo ikkje spesialisert oss, så vi intervjuar folk om alt mogleg og veit aldri korleis dagen vil bli. Det liker eg, seier Maria.

Biletskaping.
Framleis er det radio som er favorittmediet, men Maria har òg vorte stadig meir interessert i fjernsyn:

– Eg har vorte fascinert av det å tenkje kreativt og setje saman bilete til ei heil historie. Men den fascinasjonen gjeld òg for radio; å skape bilete ved hjelp av lyd, er spennande, og i det heile merkjer eg at eg har blitt mykje meir kreativ gjennom dette studiet, forklarer ho.

Perfeksjonist.
I den grad det er noko Maria ikkje trivst med i journalistikken, er det å måtte levere innan daudlina:

– Eg er skikkeleg perfeksjonistisk, og det verste eg veit, er når eg må levere før eg sjølv er fornøgd. Derfor trur eg nok at nettavis ikkje er det som passar meg best. Då liker eg betre å skrive lengre saker, portrettintervju og slikt, innrømmer ho.

Heimekjær. Om Maria har vorte aldri så glad i Bodø, kjem ho likevel aldri til å slå seg til der, trur ho. Til det er ho altfor glad i Sunnmøre og i familien:

– Eg er i grunnen altfor familiekjær til å bu så langt vekke, men eg trur det har gitt meg endå sterkare band til heimplassen og til familien. Så no gler eg meg verkeleg til å reise sørover og til å ete søndagsmiddag hos mamma, seier Maria Holand Tøsse.


15 SISTE
  Martine har lagt Milan...
  Maritim folkefest i by...
  Slaktar utviklinga i j...
  Kunstnerisk eldorado i...
  I BILDET: Sommeraktivi...
  I BILDET: Korpsentusia...
  Stadig flere låner bøk...
  Maleren Bjarte Ytterla...
  Takker ja til å lage G...
  Han står bak den størs...
  I BILDET: Vil ha kunst...
  Foreslår verdens høyes...
  I BILDET: En maler, me...
  Planlegger storslått G...
  Kristin med imponerend...
annonse   
God Sommer 2018
annonse   
Nytt i Uka Forlag