Søkeord:  
Søk
SISTE NYTT
  Fortviler over nestenulykker i Blindheimsgeilane
  Plastsjokket
  100 programinnslag til inspirasjon for alle
  Pop-up som provoserer

Slaktar utviklinga i jugendstilbyen

Dag og Tid har ein serie der forfattar og filolog Ronny Spaans reiser rundt i norske byer og bygdebyer og ser på korleis det står til, først og fremst med arkitekturen. Trass i terningkast fire, er Spaans ganske så vonbroten over tilstanden i Ålesund.

Kultur
Tekst Kenneth Kamp   
Foto Arkivfoto: Kenneth Kamp   
(15/06/2011)
BILETTEKST: ARKITEKTURDOMMAR: Forfattar og filolog Ronny Spaans gir ein hård dom over ålesundsarkitekturen – og ikkje minst til forvaltinga av han – i ein serie i Dag og Tid om arkitekturen i norske byer og bygdebyer. Rådhuset er skrekkeksempelet på dei store kontrastane i Ålesund, meiner han. (Biletet er frå oktober 2009, før ein tok til med oppussinga.)
 
– – –
 
Ronny Spaans startar med med det galaste av det gale, Ålesund rådhus, når han over to sider i Dag og Tid uttrykkjer kor vonbroten han er over møtet med byen.

”I ingen annan norsk by er dei arkitektoniske kontrastane meir ekstreme enn i Ålesund”, skriv Ronny Spaans, som omtalar den modernistiske rådhusarkitekturen som ”rett og slett helsefarleg”. Han siktar sjølvsagt til betongbitane som har truga med å falle i hovudet på folk: ”Det synest som om den brutalistiske fasaden etter mange tiår med mobbing, vil hemne seg på innbyggjarane”, skriv Spaans med sylskarp sarkasme.

Klår tale
Som medaktor i saka mot Jugendstilbyen, har Ronny Spaans funne fram til det som truleg er Ålesunds klårasttalande mann, Einar Gustafsson: ”Rådhuset er eit bygg som berre Stalin kunne like”, lyder dommen frå Gustafsson.

Men no skal styggedomen sjølv pakkast inn i glas, utan at Ronny Spaans lar seg overtyde om at det vert noko vakrare av den grunn...

Næringslivsinteresser
Rådhuset er altså eine ytterpunktet i ålesundsarkitekturen, meiner Spaans. Den andre er sjølvsagt jugendstilarkitekturen, som han i grunnen ikkje seier så mykje om. Derimot seier han mykje om korleis Ålesund by har skjøtta den arkitektoniske arven frå attoppbyggingsåra. Spaans har snakka med ein anonym, innfødd ålesundar, som er uroa over at færre og færre folk bur i sjølve bykjerna: ”Private næringslivsinteresser har vore og er framleis fyrste prioritet hos dei som byggjer ut”, seier den anonyme.

Terningkast
Alt i alt får ålesundsarkitekturen karakteren fire på terningen til Ronny Spaans. Men, påpeiker han, byen kunne ha vore så mykje meir: ”Fanst det éin norsk byarkitektur med potensial til å få terningkast seks, måtte det vera jugendbyen (...) Men eg vart vonbroten”, skriv han.

Mattradisjonane får òg terningkast fire, med minus for manglande fiskemarknad og pluss for kleppfisken på Sjøbua og XL, som målar seg med den som den portugisiske kona hans lagar til.

Møteplassar – altså utelivet – og kollektivtrafikken får terningskast tre, medan det som verkeleg skjemmar byen, er mangelen på sykkelstigar: På dét området fortener ikkje byen meir enn ein einaste prikk på terningen, meiner Ronny Spaans.

Artikkelen ”Åleund: Ein verdsarv under avvikling” stod i Dag og Tid 27. mai.



15 SISTE
  Martine har lagt Milan...
  Maritim folkefest i by...
  Slaktar utviklinga i j...
  Kunstnerisk eldorado i...
  I BILDET: Sommeraktivi...
  I BILDET: Korpsentusia...
  Stadig flere låner bøk...
  Maleren Bjarte Ytterla...
  Takker ja til å lage G...
  Han står bak den størs...
  I BILDET: Vil ha kunst...
  Foreslår verdens høyes...
  I BILDET: En maler, me...
  Planlegger storslått G...
  Kristin med imponerend...
annonse   
Nytt i Uka Forlag